Spiselig Bilde til kake

 

Sidan det nærmar seg 1års-dag for Eirik og Sofie med stormskritt, så må eg begynne å planlegge litt.
Det er ikkje gjort på eit blunk å lage kake, eller rettare sagt pynte kake.
Og eg vil så indelig gjerne lage nokre flotte kaker til dagen deira.
Erfaring har vist seg at eit spiselig bilde på toppen av kaka, er ein rask måte å få ei fin kake på.
Eg har prøvd det før, og tenkte at dette kunne vere redninga når ein vil ha personlige og fine kaker, men ikkje har tid.
IMG_20120803_131455
322883_10151346034135221_557008310_o
Så denne gongen bestilte eg fire bilete.
Eg har eigentleg berre planar om å lage to kaker, men det er greit å ha litt ekstra i tilfelle eg smeller til med fleire medan eg er i gang 😉
2014-03-19 14.39.32
Dei to øverste er edible icing, dei verka betre på både kvalitet og smak
(Eg klipte av litt av det kvite rundt og smakte på dei)
Dei to nederste er på rispapir, ikkje så gode på smak, og ikkje så fine bilete som dei andre.
Eg har tatt bilete med både speilrefleks, og med mobil, og ser heilt klart at det er best å bruke dei som er tatt med kamera, sjølv om dei tatt med mobilen også går heilt fint 🙂
Eg har kjøpt dei på Ebay 🙂 Her er linken til dei to øverste på edible icing
http://www.ebay.com/itm/130683046147?ssPageName=STRK:MEWNX:IT&_trksid=p3984.m1439.l2649
Det runde bildet kosta ca 45,- og frakta var 25,-

Eg kjøpte dei på Søndag, og dei var i postkassa mi idag Onsdag.
Så veldig rask levering!
Men eg skreiv også at eg håpa på det sidan selskapet eg neste veke 🙂

Det avlange på rispapir er litt billigare på ca 25,- (frakta er den samme)
http://www.ebay.com/itm/140741337738?ssPageName=STRK:MEWNX:IT&_trksid=p3984.m1439.l2649

God Natt frå oss

2014-03-15 09.30.45

Storesyster er så heldig at ho er med mormor og morfar på overnatting.

Eg fekk telefon om at dei har kosa seg og sett Villhesten på film,
så ho har det topp!

<a href=”http://www.bloglovin.com/blog/11948727/?claim=97wq4jjz5dc”>Follow my blog with Bloglovin</a>

%d bloggers like this: