Kom Mai du skjønne milde

Jaggu var vi ikkje midt i Mai. Og det er enno ein gong alt for lenge sidan sist!

Eg trudde det skulle bli meir tid til blogging etter kvart som ungane blei større, og eg blei ferdig med skulen. Men eg har ikkje prioritert det. Det er så mykje anna som står for tur.

Men eg tek atter ein gong ei oppdatering.

DSC_0200

DSC_0280DSC_0281DSC_0286DSC_0292
Dagane går ein dag av gangen, og sofaen er ein samleplass for oss. Litt avlapping for store og små er godt i ein hektisk kvardag. Det er vertfall ingen tvil om at desse to kan kunsten med å lene seg tilbake å slappe av!

DSC_0090DSC_0143DSC_0146
I påska var vi som vanleg på hytta på Grotli saman med mamma og pappa.
Eirik og Sofie hadde bursdag på påskeaftan, så det blei baka kake på hytta, og ungane fekk pynte sjølve med non-stop og smågodt. Inga kake har vel nokon gong smakt betre enn den.
DSC_0098DSC_0101DSC_0127
Litt uteleik blei det også, sjølv om ikkje været var det aller beste heile tida. Men med Nordic-Cab pulk på slep var det ingen problemer for ungane å bli med på tur. Litt meir slitsomt for mora var det. Men det er veldig god å drage. Sjølv for ein utrent langrensløpar som meg.

DSC_0182DSC_0184
Heime var det også feiring med gaver og kaker.
Og eit forsøk på å forevige 3 åringane våre måtte også til.
cats---IMG_4952---IMG_4948---IMG_4954---IMG_4959---IMG_4960---IMG_4961---

Eg prøvde meg med oppblåste ballongar som bakgrunn,
og det blei bra synest eg, litt meir levande.

Nokre bilete av den vakre storesysta blei det også.

IMG_5005---IMG_5006---IMG_5188---IMG_5201---

Vidare kom våren sigande, nokre erlerider blei det.
Men sola kika fram og vi fekk til og med smake litt på sumaren.
DSC_0150DSC_0153DSC_0375IMG_5842DSC_0359IMG_5827DSC_0298DSC_0293DSC_0311DSC_0315
Figaro; pusen vår er vel husets midtpunkt. Verdas mest elska og tolmodige katt. Ungane klappar og kosar på han. Eirik elskar å leike i skogen saman med han, og Sofie kommanderar han som han skulle ha vore ein hund. Helst skal han sove med henne om natta også. Men han veit å trekke seg unna når det blir for mykje.

DSC_0074DSC_0078DSC_0088

Eirik og Sofie er bestevener som dei seier sjølve. Så klart kranglar dei inn i mellom.
Men bandet mellom desse to er berre heilt unikt!

TvillingarEirik og Sofie

DSC_0202DSC_0206DSC_0203
Eirik og Sofie har endeleg flytta ut av sprinkel-sengene sine, og fått seg nye senge frå IKEA. Vi valgte vokse-senger for å få plass på romet til Eirik enn så lenge, og fordi dei rett og slett ikkje treng senger med full lengde enno.
Å få nye senger har vore kjekt for både små og store, og endeleg er det mogleg å lese bok på sengekanten.
Ungane har faktisk lagt seg betre no enn før, og søv veldig godt i dei nye sengene sine.

DSC_0222DSC_0228

Det siste som har stått for tur var dåpen til Frida i dag. Eg og Paul fekk æra av å bli valgt som fadderar, ei oppgåve vi tek på oss med glede. Så då ville eg gjerne gi ei kake til Frida på den store dagen.
Det blei sukkerbunn med  *Jordbærmousse og jordbær, *vaniljekrem, og *krem med jordbær og hakka sjokolade.
Utanpå var det sukkerpasta både trekk og pynt.

Dagen var nydeleg, og vi kosa oss saman med heile familien til dåpsbarnet.

KakefyllJordbærfyllDåpskakeDåpskakeIMG_5890--

I morgon blir det å ordne siste rest før 17 Mai og etter det så skal bryllupsplanlegginga starte meir seriøst.
Vi har bestemt oss for at det blir bryllup i utlandet i 2018. Men kvar veit vi enno ikkje. Det er jo ei heil verd å velje i. Så det er litt av ein jobb å finne den perfekte staden for oss, som vi vil invitere gjestane våre til.

Frå horisontalen

Då ligg eg rett ut, Ikkje heilt det som var planen for kvelden. Men kroppen seier ifrå når nok er nok.

image

Så etter ein liten kvil fann eg ut at eg kunne installere bloggappen på mobilen så eg kunne gi litt lyd frå meg.

No skal eg berre ta eit raskt kveldsstell før det er natta igjen. Og forhåpentligvis ein god dag i morgon!

Legger ved ein herlig videosnutt av verdas mest tålmodige pappa!

image

Han er virkelig gull verdt i livet vårt!  Dagane hadde Ikkje vore moglege utan han! Vertfall Ikkje når eg blir dårlig. Han er virkelig klippen i livet vårt!

Aloe Body Toning Kit

Eg har blitt tynn igjen etter tvillinggraviditeten. Men magen er naturleg nok ikkje som den var.
IMG_6864-
(Rart med deg når huda strekkes til det maksimale)

Eg begynte å jobbe med meg sjølv, og tenkte eg måtte forsone meg med at huda og magen nok aldri blei som den var. Og sidan alderen er nærmare 30-åra enn 20-åra så har eg ikkje alderen på mi side heller.

Alle sa til meg a eg ikkje måtte bli tynnare, men det var ikkje akkurat tynnare eg ville bli. Eg ville berre at huda skulle bli strammare og at den puta forran skulle bort! Og så nokre handtak på sidene, som nesten alle damer har.

Men så såg eg at Forever Living har eit Body Toning Kit. For å få strammare og fastare hud, midt i blinken for meg! Den kan brukast rundt magen/midja, på lår og overarmar. Den kan også vere med på å reduser forekomsten av appelsinhud.

Aloe Body Toning Kit

Fyst så målte eg rundt området eg skulle behandle
– Så dusja eg og skrubba meg med shower gelen og skrubbe-svampen som var med.
Eg skrubba ekstra godt på området eg skulle behandle for å få i gang blodsirkulasjonen

-Så tørka eg meg etter dusjen, og smurte eg med toner kremen der eg skulle behandle. Så surra eg plastfolie som følgte med, rundt.

Så var det berre å slappe av i ein time.
Og det blei varmt, ja meget varmt der eg hadde surra meg inn.
Men det var deilig og ein behagelig opplevelse.

Etter ein time klipte eg av plasten og smurte inn restane som ikkje hadde trukke heilt inn.

Denne behandlinga har eg tatt med jamne mellomrom.
Eg har til no tatt 5 wrap behandlingar.
Innimellom behandlingane har eg smurt med Aloe Body Condition Creme som følger med i kit.

Bodytoning

På 5 behandlingar så har eg mista 4cm rundt magen. Strekkmerka har blitt lysare og eg er veldig fornøgd med å bli kvitt noko av henget.
Så det blir garantert nokre runder til. Og så er eg bikiniklar til Barcelona i Juni! 🙂

 

Om du også vil prøve dette med 90 dagar 100% fornøgd kundegaranti, så send meg ein mail på Stinegull@gmail.com

1-åringane mine

Då har vi vore på helsestasjonen for å få vekt og lengde på desse herlige barna.

Det er så arti å samanlikne med Matilde på denne alderen, for Matilde sine mål er midt mellom Eirik og Sofie. Eirik er litt større, og Sofie litt mindre, og så Matilde midt i mellom.

Eg fekk tatt mål av Matilde også når ho var 1 år og 3 dagar gammal, så då er det lett å samanlikne.

Eirik     var 9300gr og 76cm
Matilde   var 8780gr og 75cm
Sofie    var 8350gr og 71cm

små perfekte barn, som kanskje kan få seg nye bilstolar snart 😉

297_61445230220_8748_nIMG_9306- 2014-03-15 09.36.52
Alle seier Sofie er så kliss lik Matilde, og ho er veldig lik. Men eg blei litt overaska når eg leitte fram bilete frå når Matilde var like gammal, og ser at det er litt større forskjell enn eg trudde. Sjølv om alle ungane våre er veldig søskenlike.

IMG_9267-
Eirik er sjarmøren vår, ein tøysekopp som kan lyse opp ein grå dag.
Han er tøff og prøver gjerne nye ting, han har mange knall og fall, men også mange meistringar. Han begynte å gå i går på dagen sin, og er veldig stolt sjølv. Han elskar å få applaus og ros, og prøvar gjerne å briefe litt for å imponere.

Eirik er ein kosegut, som gjerne kjem opp på fanger og krøllar seg inn i armane for kos og suss. Han er entusiastisk, og det er lett å høyre når han finn på noko spennande og morosamt. Då hoyar og ler han, den trillande latteren er så hjertelig at du har vel ikkje høyrt betre.

Dette er verkeleg verdas beste lillebror, han gir oss så mykje glede i kvardagen. Han er aktiv og held oss i aktivitet, for han kan vere rask til å seie frå når han vil ha merksemd og samvær. Då er det godt med ei storesyster som vil leike og tulle, og ei tvillingsyster som alltid blir med på fantestrekar.

IMG_9306-

Sofie er ein liten flørt, ho smiler og sjarmerar i senk. Når ho pratar så er ho oftast så mjuk og mild at ein skulle tru ho var like mild og god som dagen er lang. Men ho er ei lita fantejente som likar å snike seg avgårde når ingen ser for å gjere rampestrekar. Ho elskar å saumfare skap, skuffer og utforske nye rom. Ekstra kjekt er det om ho får med seg broren på morroa.

Ho elskar å klatre, og å kome seg over, gjennom og under hindringar. Ho tek gjerne vegen under tripptrappstolen og mellom alle stolbeina før ho kjem fram berre for å ha litt hindringar på vegen. Ho stormar mot trappa til loftet når døra av og til står open, for det å klatre trapp med mamma bak som passar på, er kjempekjekt.

Sofie tenker og vurderar, ho ser løysingar og klarar å finne ut korleis ho kan klare å kome seg opp i sofen, og ho gir seg fort med å gå om det blir for skummelt. Samtidig så meistrar ho det meste når ho fyst prøvar seg.

Ho likar musikk og syng gjerne med. Ho bablar og pratar, og gir klart uttrykk når det er noko ho ikkje likar eller vil.

IMG_8945IMG_8935
Saman er dei ein herlig duo! Dei finn på mange fantestrekar saman, og verdas beste følelse er når eg høyrer rungande barnelatter frå dei to som har funne seg ein refleksvest å leike med i gangen, eller Sofie latar som ho nys.

Sjølv om det er lugging og dasking, saman med stjeling av leiker og konkurranse om å ha mamma aleine. Så er det mykje glede.

Ein heilt spesiell dag

Vi hadde venta lenge, alt var svart og eg var heilt utslitt.

Enda ein time hadde vi fått til keisarsnitt, eller eventuell igangsetting om dei låg rett veg. Men det siste hadde vi slutta å håpe på etter alt for mange ultralydar med beskjed om ustabilt leie, og ungar på tverr.

Men denne gongen hadde dei lova at det skulle vere annleis. Dei hadde lova å sette av tid på operasjonsprogrammet, og dei skulle ha tilgjengelige jordmødre. Vi hadde slutta å håpe, og slutta å tru, autopilot var på.

Men kvelden 25 Mars tok vi ein date saman på Egon i Ålesund. Det var ei oppleving utanom det vanlege. Folk peika og kviskra, nokre la frå seg bestikket og glante uhemma. Eg såg nokre lene seg over bordet til bordkammeraten, for så å sjå han snu seg for å glane på meg.

Ja, eg var eit vandrandre freakshow, større gravidmage hadde dei knapt sett. Men eg blei verken sur, fornærma eller oppgitt, eg hadde tross alt sett meg sjølv i spegelen på veg ut.
20130322_160242

Etter eit godt måltid satte vi kursen mot sjukehushotellet og ein liten “godtepose” låg å venta på meg frå sjukepleiaren.
IMG_20130325_183401
Eit must siste tida for å ha ein liten sjanse til å få søvn.

Morgonen etterpå var det å møte opp tidleg. Vi var spent på om det verkeleg skulle skje i dag. 26 Mars 2013.
Alt fokus der og då, var på å bli ferdig, og å få begynne på ei ny reise som trebarnsmor og tvillingmamma.
IMG_6868
Eg var klar til å møte ungane mine, til å bli kjent med dei, og elske dei.
IMG_6871-
Eirik kom 08:25 og rett etterpå kom Sofie 08:26.
Men Sofie svelgte vatn på veg ut, og måtte på nyfødtintensiven og på CPAP.
Så det var berre Eirik eg fekk sjå medan dei holdt på med Sofie.

Medan dei sydde meg saman, forsvann Paul-Erik saman med barna til Neonatal. Då følte eg meg fryktelig aleine, men min flaks var at eg hadde ei som eg kjende til, som var anestesisjukepleiar ved meg. Ei tvillingmor sjølv.

Så var det å få morfin og ligge på intensiven til observasjon. Det var ikkje kjekt å ligge der utan å kunne få tak i Paul-Erik, utan oppdateringar om ungane. Inn og ut av morfindøsen svevde eg. Pleiarane bad meg slappe av medan eg sjølv hadde mest lyst å springe ned på naonatal for å sjå, halde og få vere med ungane mine.

Det å bli mamma er ein surrealistisk opplevelse, nesten ikkje til å tru. Det å bli mamma til tvillingar en enda meir uverkeleg, det å ikkje få vere saman med dei då er nesten meir enn eit mammahjerte kan tole. For sjølv om eg berre hadde fått sett Eirik, så hadde eg ei sterk tilknytning til dei.

Trøsta var at Paul-Erik var saman med dei, sjølv om det var grusomt å ikkje kunne ha han saman med meg også. Alt var så annleis enn når Matilde kom, då var vi saman med den nyfødte lille prinsessa vår heile tida, og vi kunne nyte augeblikket saman. No var eg heilt utanfor, eg viste ingenting, eg følte meg heilt aleine.
IMG_6879- IMG_6890-

Heldigvis kom Paul-Erik innom etter ei god stund, og han kunne oppdatere meg om at han hadde gitt beskjed til pleiarane om at dei heitte Eirik og Sofie. og at Sofie var tilkopla CPAP, medan Eirik hadde det heilt fint.

Han reiste tilbake til borna, men heldigvis kom det ei grepa jordmor etterkvart som tok tak. Ho sa at den nye neonatalavdelinga er stor nok til senga mi også. Så tok ho med drypp og meg i seng, og trilla meg ned til barna mine. Så tusen takk til deg som handla når eg sjølv ikkje klarte å tenke. Som gav meg akkurat det eg trengte; mann og barn.

IMG_6881-IMG_6895-  
Sofie var tilkopla CPAP så henne fekk eg ikkje halde, berre sjå på frå senga. Det var vondt for ei mamma å berre kunne sjå, men ikkje holde, røre, kysse eller kose på det nyfødde barnet sitt. Men ho kunne heldigvis på kose seg på pappaen.

Eirik fekk då ligge med meg, ein pitteliten babygut.
Eg hugsar eg var heilt forelska i desse vakre skapningane.
Samtidig som eg var livredd det skulle skje dei noko.
IMG_6892-
20130326_193106  20130326_18384620130326_1838322013-03-26 18.00.25   

Dagen vidare gjekk i ein døs. Eg blei trilla på barsel, der fekk vi besøk av mamma og pappa, og den ferske storesysta. Eirik var den einaste ho fekk halde, då Sofie måtte vere att på neonatal. Eg hugsar ho var så glad og så stolt. Samtidig så redd og lei seg fordi ho ikkje fekk sjå Sofie som låg på neonatal.

Men ho glei lett inn i rolla som storesyster,
og Eirik kosa seg godt i hendene til systa.

Natta var heilt surrealistisk, at eg hadde blitt mamma til to vakre barn var utanfor mi fatte-evne. Og å skulle sove utan dei var grusomt vondt! Det eg klamra meg til var at betre tider ville kome. Og det har dei absolutt!

Heldigvis kom dei opp frå neonatal med Eirik så eg fekk gi han mat i løpet av natta.

Dette var mitt fyste døgn som tvillingmamma og trebarnsmor.
Tårene trillar medan eg prøvar å hugse tilbake på korleis det var.

Sjølv om det kanskje kan vere litt grå lesing, så var det ein svært lykkelig dag.
Men med litt humpar i vegen som ein får no og då i livet.
Ikkje den starten eg hadde håpa på, men livet kan ikkje planleggast, det blir som det blir. Og nett no kan eg seie at det har blitt veldig fint til tross for ein humpete start.

Den tida

Den tida som går så himla fort!
Den vi aldri har nok av, og som vi slit med å disponere riktig.

Eirik og Sofie er 1 år i morgon, og det er rart å seie det, men det set mykje følelsar i sving.
Eg trudde vel ikkje det skulle vere sånn, men ein får vel dobbelt opp av det også når det er to.

Dagane er fulle, og det er ikkje lett å disponere tida riktig. Og uansett kor mykje eg prøver så får eg ikkje tid til alt. Så data og blogg har naturlig nok, vore noko av det første som blei nedprioritet. For når eg fyst finn meg ein plass forran maskina, så går det fort mykje tid til ingenting.

I morgon er dagen her, ei lita kake er baka, og vi skal feire saman med familien, med taco 🙂
I helga blir det feiring saman med fadderar og vener 🙂

Eg er så ufattelig glad for at eg arbeida dei tre mnd i sommar, så eg får vere heime saman med barna mine enda.  Det å få vere heime i permisjon er ei verkeleg dyrebar tid. Det er den mest givande jobben eg nokon gong har hatt, og den eg føler eg meistrar best av alle.

Sjølvsagt er det nokre bakdelar, men det er det over alt. At eg saknar litt vaksenkontakt, og lovpålagte matpauser og dopauser er ei ærleg sak. Men eg hadde ikkje bytta noko av det mot den tida eg får saman med ungane no.

 IMG_6871-
Dette er det aller første bilete av Eirik, Sofie var så dårleg at ho fekk eg ikkje holde før dagar seinare. At det framleis sit i meg er sikkert. Så å tenke tilbake på den dagen er spesielt.

No skal eg nytte tida til søvn og opplading til morgondagen 🙂

Tvillinggraviditet i perspektiv

No når det nærmar seg eit år sidan Eirik og Sofie kom til verda, så er det kanskje på tide å sjå på året som har gått litt i perspektiv.

Dette var ein godt planlagt graviditet, ein eg hadde lengta etter lenge. Planen var å bli ferdig med sjukepleien og få fast jobb, før vi endelig skulle få eit barn til i familien.
Sjølv om vi ideelt skulle ha bygt større hus også, så fann vi ut at vi kunne bu ei stund til i boligen vi hadde med to barn.

I Desember tok eg ut spiralen, og vi var klare for eit nytt eventyr. Tida gjekk og endeleg 27 Juli-12 kunne eg skimte ein svak positiv test. Lite viste eg kva som var i vente.
Det var litt vanskeleg å tru at testen endeleg var sann. Og eg tok mange! for å forsikre meg om at det stemte.
tvillingtestpositiv test med tvillingergravid med tvillinger  
Eg trur det er dette dei kallar “testoman” 😉
Men når ein har kika på såpass mange negative testar, så skulle det litt til før eg trudde på det.
Så eg sa til Paul-Erik litt forsiktig; “Eg trur eg er gravid”
– “Trur du?”
– “Ja, eg trur eg er ganske sikker”

Eg turte ikkje sleppe jubelen laus, for eg hadde i bakhovudet at det framleis var så mykje som kunne gå gale, men dette var vertfal ein god begynnelse.

tvillinggravid 4+2 tvilling gravid 5 uker
Kroppen min reagerte raskt på graviditeten, og magen blåste seg fort opp. Det tok desverre ikkje lange tida før kvalmen kom saman med ein ekstrem utmattelse.
Paul-Erik spøkte med at sidan kroppen reagerte så fort, så måtte der vere fleire inn i magen, noko anna måtte vere unormalt.

Sidan eg har mista to sysken kort tid etter fødsel, så var det allereie planlagt ein ultralyd tidleg i svangesrskapet for å sjekke om alt var som det skulle. Så i veke 9 tok vi turen til sjukehuset i Volda for ein ultralyd.

Det blei nemnt på veg inn døra at vi var spent på kor mange som var der. Men det var likevel ein stor overaskelse når vi blei gjort oppmerksomme på at der var to små peanøtter i magen, med hjerter som slo. Det var ein heilt sjuk følelse av; glede, overasking, spenning og sjokk.
ultralyd av tvillingertvillinggravid uke 9 
Sidan eg var så dårleg som eg var, så måtte vi fortelle det til Matilde som skulle bli storesyster. Og då var det ingen løyndom lenger, sidan ho måtte fortelle det til alle ho møtte. Så omverda fekk vite det ganske tidleg, men når eg var så dårleg og magen viste, så måtte vi berre fortelle det. Og om ting skulle gå gale så hadde nok folk fått vite om det då også, for kvifor skal det vere så hemmelig?
Dette var uansett ei stor glede for oss!
IMG_20121007_015547IMG_20120831_161524tvillingboktvillinger
Tida vidare gjekk med til å prøve å halde kvalmen i sjakk, og å lese seg opp på det å skulle vere tvillinggravid og bli tvillingmamma.
At eg skulle bli så trøtt bidrog også til at eg var mykje på sofaen og i senga.
tvillinggravidIMG_20121014_235631 
Matilde blei levert i barnehagen av mamma gjennom mesteparten av svangerskapet, ei stor hjelp! Eg er enno usikker på korleis eg skulle ha klart det sjølv.
symfysemål tvillingertvillinger 16+2 
Magen min vaks i rekordfart. Og sjølv om eg ikkje la på meg noko mykje på kroppen så var det mykje mage, og det blei fort tungt.
Eg fekk bekkenløysing, men fekk også god hjelp frå fysioterapaut tidleg i svangerskapet.
gravid med tvillingertvillinger i magen uke 18tvillingmage uke 19
Eg har kommentert no i ettertid at eg kunne godt tenke meg tvillingar igjen, om vi  nokon gong skulle hatt fleire. Men undervegs så var det absolutt ikkje tanken. Der og då var eg usikker på om ej kom til å klare meg gjennom det. Og setninga “Eg orkar ikkje meir!” Sa eg nesten kvar dag.

Kvalmen begynte heldigvis å avta når eg nærma meg veke 20, men andre gravidplager som halsbrann kom hakk i hel. Ei natt hadde eg så grusom halsbrann at eg frykta eg hadde hjarteinfarkt med smerter i magen som stråla mot hals og kjeve. Det var heilt grusomt, men eg kom da levande frå det også.
IMG_20121205_195754 tvillinggravid
Meda eg låg på sofaen, så tok Paul-Erik seg av alt husarbeid, matlaging, og det som høyrer til. Han var også med på kvar einaste kontroll på sjukehuset, og det var ikkje få!
han var heilt fantastisk til å stå på pinne for meg, og når han til og med arrangerte babyshower i all hemmelighet for meg, så var det ikkje tvil om at eg hadde kapra drømmemannen!
2012-11-08 10.14.02     
Når eg var litt over halvvegs blei eg mykje sjuk, det blei fleire antibiotikakurar, og eg sleit veldig med å puste og bevege meg. Eg sov knapt om natta, alt var eit ork og eit slit. Berre det å skulle dusje seg, eller ete frukost var ei påkjenning. Det var ei periode då alt var slitsomt. Og kom eg meg ut døra så var det ei bragd!

Det var hakket før sjukehusinnlegging, men midt opp i jul og nyttår så va det ikkje kjekt å skulle ligge på sjukehus. Og sidan Paul-Erik hadde ferie frå skulen då, så kunne han vere heime å pleie meg og varte meg opp med å lage meg mat og hjelpe meg i dusjen. Blodtrykket var nemleg så lavt at det å stå i dusjen va risikosport. Så eg endte opp med å måtte sitte i dusjen. medan Paul var parat om eg skulle svime av.

Samtidig så hosta eg så voldsomt at Paul frykta lungene skulle briste. Saman med hosting blei det mange kynnarar og samatrekningar, så i tillegg til anitbiotika så blei det også riedempande og beskjed om å halde sofaen/senga mest mogleg.
 tvilling graviditettvillingmage uke 25gravid med tvillinger
Vidare gjekk det opp og ned med smerter under ribbeina, gangvanskar og kvalme. På eit tidspunkt måtte krykkene fram for å klare å kome meg frå A til B. Det å sitte blei også vanskelig, men ein kafè tur i ny og ne, klarte eg likevel å få til.
tvillingmage uke 28 tvillinggravid 28 uker   
Til tross for at eg kanskje var litt uheldig med eit tøft svangerskap, så følte eg meg dobbelt så heldig. Det var dobbelt opp av det meste, men det viktigaste var den dobble gleda. Det å ønske seg eit barn så sterkt, så lenge, og når det endelig klaffa så blei det to. Det kunne ikkje bli betre!
Eg var overlykkelig for at det blei som det blei, og så skulle eg bite tenna sammen og klare meg gjennom dei utfordringane som var. For premien til slutt var jo dobbelt så stor.

tvillingmagen uke 30gravid med tvillinger uke 32tvillinger i magen uke 33
På slutten eksploderte magen ut, strekkmerka kom saman med kløe og svie. Eg hadde vanskar med å snu meg i senga, og å sitte oppreist på ein stol. Det var lite plass i magen til mat.
Kynnarane var sterke og vonde, men registreringar og målingar var fine. Så det var berre å halde ut, sjølv om det var ei viss spenning i lufta om det blei prematur-fødsel.
tvillingmamma to beIMG_20130201_134028gravid med tvillinger 33+3

Matilde var midt opp i dette fantastisk flink, snill, spent og tolmodig. Ho tilpassa seg situasjonen med ei lite mobil mamma som støtt og stadig var kvalm og uvel fantastisk bra. Og ho gledde seg veldig til lillesøstra og lillebroren skulle kome.
Matilde var jo den som tidleg hadde sagt at ho ønska seg søsken, ho ønska seg tvillingar! Ei søster og ein bror! Og så blei det akkurat som ho ønska seg.
Veldig tilfeldig og artig, men ho er overbevist om at dette var det ho som hadde bestilt. “Tenk om ej hadde ønska meg tre da mamma! Eller fire!”
tvillinggravidgravid med tvillinger tvillingmagetvillingmamma
Sjølv om man er stor, og kjenner begge to som bevegar seg og sparkar. Og sjølv om man får sjå dei på ultralyd fleire gongar i måneden, og høyre dei på doppler. Så er det veldig uvirkelig, ein kan egentlig ikkje forestille seg korleis det kjem til å bli.

Det å vere gravid med to var ukjent og spennande. Då var det ekstra godt å ha ei veninne som også var gravid med tvillingar (gut/jente), og som hadde termin nokre veker før meg. Sjølv om vi hadde heilt forskjellige svangerskap, så var det godt å kunne diskutere alt ein tenker og lurer på gjennom svangerskapet, alt om utstyr og korleis det kanskje blir når dei kjem til verda.
gravidfoto tvillinggravid foto
Siste vekene vart det eit lite lette på pusten, det verka som om dei la seg lenger ned i bekkenet. Eg kunne plutselig ligge litt på rygg utan at det svartna for meg. Samtidig så var kynnarane vonde og ofte, det var både i kvile og aktivitet, noko som betydde lite nattesøvn og vanskar med å gå utan å måtte stoppe kvar 5 meter for at taka skulle gå over.
stor tvillingmage
På slutten blei det mykje som var usikkert, ungane snudde mykje på seg, og det var ikkje lenger sikkert eg fekk føde vanleg. I tillegg måtte eg føde i Ålesund, noko som innebar enda meir usikkerheit då alle legar og jordmødre eg hadde hatt på kontrollar var i Volda. Volda var lite, kjent og trygt, Ålesund verka stort, ukjent og utrygt.

Eg skulle etter planen på ein svangerskapskontroll i Ålesund før fødsel, men den blei sett opp så seint at eg ikkje rakk det. Eg hadde uansett ikkje klart å kome meg dit, då eg ikkje klarte å sitte i bil lenger enn 20 min av gongen. Og Ålesund er 1,5 time unna.
 2013-03-13 06.17.04 2013-03-13 06.17.13 2013-03-16 00.32.13
36 veker på veg kjende eg at taka i magen blei vondare og vondare. Litt usikker ville eg berre bort å få avkrefta at det var noko på gong, eg hadde tross alt gått med slike vondter i mange veker.

Slik blei det ikkje, ein beskjed om 4 cm åpning og aktive rier betydde helikopter, med avreise om 10 min.
2013-03-16 14.24.20 2013-03-16 14.24.43 2013-03-16 14.25.13
Desverre avtok riene og eg blei liggande i 2 veke før eg endeleg fekk møte dei.
Meir om den historia kan du lese her: Oppdatering, Sånn-går-jo-dagane, Boble, Frustrasjon, Når-veggen-er-nådd
tvillingmagerar tvillingmage2013-03-18 17.24.532013-03-19 09.53.01tvilling ultralyd2013-03-19 09.53.20   
På sjukehuset blei det mykje ultralydar og målingar, fram til dei endelig fekk kome til verden via keisersnitt.
tvillingmage uke 37
 tvillinggravid uke 38tvillingmage uke 38 tvillingmamma gravid med tvillinger uke 38  

Alt var verdt det til slutt, men det sneik seg nok med ein liten svangerskapsdepresjon på slutten. Då blei eg måtte bli i Ålesund i to veker utan å vite kva som kom til å skje. Forskjellige legar, jordmøre, ulike meiningar og forandring på avtaler og planar vart for mykje på toppen av alt anna. Eg er overbesvist om at den depresjonen ikkje hadde komt om eg hadde blitt betre ivaretatt, og om kommunikasjonen mellom dei ulike legane og sjukepleierane hadde vore betre.

At Ålesund skulle undergrave alt dei hadde sagt og gjort i Volda var også veldig frustrerande. Der var fleire som opptredde arrogante og såg ned på Volda, det gjorde at eg miste heilt respekta for fleire som arbeidde der. Sjølvsagt var der nokre englar innimellom som eg fekk god kontakt med, men det var nokre få. Dette styrka også inntrykket mitt om at eit lite lokalsjukehus er mykje betre sett frå eit pasientperspektiv, enn eit stort sjukehus.

Eg forlangte difor overflytting til Volda så snart ungane var klar for det. Og det var eg veldig gla for!

Meir om barseltida kjem 🙂
 IMG_6881-IMG_6892-IMG_6871- IMG_6890- 

Still gjerne spørsmål om du lurer på noko 🙂

Flott Morsdag

Dagen byrja tidlig med nokre runder for å gi morgonflaske til ungane. Men så sovna dei igjen, og når dei ville opp så tok Paul-Erik jobben med å stå opp og stelle dei.

Eg fekk besøk i senga litt over 9, og då var det berre å stå opp til ferdig frukost 🙂
Etterpå fekk eg bruke laaang tid på badet til å få dusje og stelle meg (ein luksus no for tida)

Så kom Matilde med gåve til meg som var akkurat det eg ønska meg! 🙂
2014-02-09 11.40.57

Når ungane vakna etter ei uvanleg lang blund så fekk dei litt mat før vi tok på oss klea og gjekk ut på tur 🙂
2014-02-09 14.06.18
Oppover vollen bar det idag også, ungane i Ergobaby bæresele på ryggen.
Heilt topp for både store og små 🙂
  2014-02-09 13.29.31  2014-02-09 13.48.19
Med ny mobil så blei det eindel knipsing 😉
Vi gjekk over elva i dag også, og vidare opp i skogen.
2014-02-09 13.49.36 2014-02-09 13.56.38
2014-02-09 13.56.41-1 2014-02-09 13.56.44
Vi prøvde å få med ungane på ryggen også på bilde, men dei var ikkje så interessert i den nye sjølvutløysar funksjonen på kamera som knipsa berre nokon smilte 😉
2014-02-09 13.56.53  2014-02-09 13.50.19-1
2014-02-09 14.06.29

Vel heime venta kaka som eg hadde laga sjølv.
Det var sekundet før det ikkje blei noka kake då det var tett før eg klarte å gløyme kremen som sto og blei piska, så den nesten sprakk.
Det var som sagt berre sekund om å gjere før den måtte i bås, så heilt optimal blei den ikkje, men brukandes til heimebruk 😉

Det er ikkje like lett å lage kake når det plutselig er mange som skal ha ein bit av ho mor. Fort gjort å bli distrahert og stresse litt meir enn eg burde.

Men Matilde fekk hjelpe til med å pynte, og vi var alle svært nøgde! 🙂
2014-02-09 14.22.43 2014-02-09 14.23.46 

Ingen hokus pokus middag idag, men ein alle likar er alltid bra 😉
Og så vann Tottenham idag, og då var stemninga i huset sett!
Godt humør og ei blid mamma 😉

2014-02-09 13.56.50

Morsdagskake

Eg har ikkje baka på evigheiter, ikkje sidan bursdagen til Matilde i August trur eg.
 Og det var ikkje mykje kake å skryte av.

Men med full jobb, tvillingar med kolikk, som blei fullamma og ikkje sov.
Så var det bragd nok i seg sjølv at det blei både kake og selskap 😉

Jenta fekk pynte den sjølv, og var meget fornøgd.
Men har presisert at i år må vi lage noko litt finare, og ho har allereie planane klare 😉

No er det morsdag som står for tur, og sjølv om Paul-Erik faktisk har slått til å baka kake til meg før. Så måtte eg trå til å bake sjølv i kveld, om det skal bli kake i morgon.
(Han har nemleg også begynt å kjenne på denne sjuka)

Faktisk så kom lysta til å bake igjen snikande innpå meg no når sjuka begynte å forlate kroppen. Men det er ikkje noko avansert eg startar opp igjen med.

No står ein heilt enkel sukkerbunn i ovnen, så enkel at eg enno ikkje har klart å feile når eg lagar den. Eg var litt skeptisk når eggedosisen ikkje blei heilt stiv i begynnelsen, men etter ei god stund på passeleg hastigheit så blei den som den skulle. 🙂

Planen er å lage det eg sjølv kalla “beste kake” når eg var liten, ei heilt enkel kake av sukkerbunn fylt med vaniljekrem, og dekt med sjokoladekrem (Krem blanda med smelta kokesjokolade)

Ei kake eg måtte ha til kvar bursdag når eg var yngre, og no kjende eg at jammen hadde det smakt godt med den igjen 😉

Matilde har blitt lovd at ho skal få pynte den, så no håper eg at bunnen kjem ut som den brukar, til tross for ny ovn 😉

God Natt alle saman 😉
Og så får eg håpe alle mødre får ein fantastisk fin morsdag i morgon! 🙂

Sjukdom

Vi har vore heldige og hatt ei jente som har fått tildelt ei stålhelse. Matilde trøbla litt første leveåret med astma og diverse, men dette var mest sansynlig på grunn av ein liten hjertefeil, eller open ductus som det heiter på fint.

(Matilde med vannkoppar 1år gammal)

Når dette ordna seg kring 1års alderen begynte astmaen gradvis å bli betre, og til slutt hadde ho vekse den av seg 🙂

Vidare har vi knapt vore heime med sjukt barn. Og ho har sjeldan eller aldri vore kjempedårlig. Litt rennande nase og hoste må ein da regne med 😉

Desse to små har gitt meg litt meir, eller det følest kanskje sånn når ein går frå eit til tre barn på null komma niks. Så når enn fyst blir sjuk, så blir det litt meir enn man orkar, vertfal når ein blir sjuk sjølv også.
Omgongssjuke er jo eit kapittel for seg sjølv, men etter nesten to veker kunne vi begynne å komme oss opp på igjen.

No er det forkjølelse og influense på gong. Og det er ikkje lett når lilemor er sjuk, og så tett at eg er overaska over at ho har klart å smile opp i det heile.
Eg også er sjuk, og har leie som eit slakt på sofaen innimellom det å ta meg av Sofie, og underhalde ein frisk og energisk Eirik.

Heldigvis var Paul-Eirik heime idag, såpass vi faktisk klarte oss 😉 Etter ei trøblete natt med Sofie så hadde det vore ein prøvelse om vi skulle få storesøster på skulen i tide i dag.

Heldigvis har også Sofie komt seg i pusten utover dagen, så satsar på det varer 🙂
Eg har også kome meg etter nokre doser paracet og ibux, og så fekk vi servert middag frå svigermor idag 🙂 Og dei har leike med ungane så eg kunne sitte på sofaen og slappe av 😉

Trebarnsmamma

Ja det er det eg er, den tittelen som står høgast her i huset.
Etter det kjem kjæreste, datter, søster, veninne og tvillingmamma.

Ja eg har tre barn og eg elskar alle like mykje, kvar og ein er heilt unik. Aldri om eg ville vere foruten ein einaste ein av dei.
IMG_20121003_124319

Matilde er den største, prinsessa mi!
Nokon har lurt på kvifor ho ikkje er så mykje på bloggen lenger.
Saken er at ho har blitt eldre og meir bevist. Ho har alltid fått vere med å bestemme, men det er ikkje før no siste åra ho har hatt ei klar meining om det.

Ho får bestemme kva bilete som blir publisert både her, på instagram og facebook. Ho er også med å bestemme kva eg kan fortelle om ho. Rett nok er jenta 6 år og har ei stemme, det skal ho få ha også.

Etter vi var i avisa i forbindelse med ballettshowet, og vi publiserte bilete av oss saman både på instagram, blogg og facebook. Blei det mange kommentarar frå kjente og ukjente når vi var ute på trilletur og i sentrum.

Sjølv om alle gav hyggelige kommentarar og gav ho mykje merksemd, så blei det litt mykje. Litt var kjekt, men så blei det i overkant av det ho var komfortabel med.

Etter det har ho vore litt meir varsom med å godkjenne alt.

Det er difor eg ikkje skriv så mykje om henne, sjølv om eg så gjerne vil skrive om kor flink ho er på skulen. Leksene som ho gjer som ein drøm og for ei fantastisk storesyster ho er. Jenta har blomstra dette året på alle plan, og vi er uendeleg stolte av henne.
(Der fekk eg vist snike det med likevel)

Og eg skulle ønske eg kunne dele dei fantastisk fine tegningane ho lagar, og vise kor flink ho er blitt å skrive. Til og med videosnuttar når ho les og syng ligg å brenn på øverste skrytehylle. Men om de får sjå dei er opp til hovedpersonen sjølv.

Fram til då kan alle vere sikker på at ho er høgt elska og vel i sentrum her i heimen 😉 Ho er berre ikkje så aktiv på ulike medier av eige ønske 🙂

S

Malin tok denne.
Å eg tenkte at “Ej me vil”
1. Hva er navnet ditt: Stine
2. Ord på fire bokstaver: Stor
3. Guttenavn: Stian
4. Jentenavn: Signe
5. Et yrke: Sjukepleiar
6. Farge: Svart
7. Noe du har på deg: Solhatt
8. Mat: Spaghetti
9. Noe på badet: Såpe
10. Et sted: Sarpsborg
11. Grunn til å komme for seint: Somle
12. Noe du roper : Slutt opp!
13. Film tittel: Se han snakker
14. Noe du kan drikke: Saft
15. En musikkgruppe: Sissor Sisters
16. Et dyr: Slange
17. Gatenavn: Svalevegen
18. Bilmerke: Saab
19. Sang tittel: Somewhere over the rainbow
20. Et verb: ( å ) Sove
Bokstaven S var faktisk ikkje så vanskeleg
Så eg prøvar meg på M eg og
1. Hva er navnet ditt: Marie
2. Ord på fire bokstaver: Male
3. Guttenavn: Martin
4. Jentenavn: Matilde
5. Et yrke: Murer
6. Farge: Mørkegrønn
7. Noe du har på deg: Maske
8. Mat: Moussaka
9. Noe på badet: Morgenkåpe
10. Et sted: Midtsund
11. Grunn til å komme for seint: Morgenrush trafikk
12. Noe du roper : Min sin!
13. Film tittel: Min bror Bjørnen
14. Noe du kan drikke: Melk
15. En musikkgruppe: Monroes
16. Et dyr: Maursluker
17. Gatenavn: Mosmarkvegen
18. Bilmerke: Mazda
19. Sang tittel: My way
20. Et verb: ( å ) Mate
Må inrømme at M var litt verre
Men begge gjekk utan å jukse 😉

http://bloggurat.net/minblogg/registrere/a3dc18725627fd9aab7cfa69e1cc86f009b30b1c

This entry was posted in Stine.
%d bloggers like this: