Kom Mai du skjønne milde

Jaggu var vi ikkje midt i Mai. Og det er enno ein gong alt for lenge sidan sist!

Eg trudde det skulle bli meir tid til blogging etter kvart som ungane blei større, og eg blei ferdig med skulen. Men eg har ikkje prioritert det. Det er så mykje anna som står for tur.

Men eg tek atter ein gong ei oppdatering.

DSC_0200

DSC_0280DSC_0281DSC_0286DSC_0292
Dagane går ein dag av gangen, og sofaen er ein samleplass for oss. Litt avlapping for store og små er godt i ein hektisk kvardag. Det er vertfall ingen tvil om at desse to kan kunsten med å lene seg tilbake å slappe av!

DSC_0090DSC_0143DSC_0146
I påska var vi som vanleg på hytta på Grotli saman med mamma og pappa.
Eirik og Sofie hadde bursdag på påskeaftan, så det blei baka kake på hytta, og ungane fekk pynte sjølve med non-stop og smågodt. Inga kake har vel nokon gong smakt betre enn den.
DSC_0098DSC_0101DSC_0127
Litt uteleik blei det også, sjølv om ikkje været var det aller beste heile tida. Men med Nordic-Cab pulk på slep var det ingen problemer for ungane å bli med på tur. Litt meir slitsomt for mora var det. Men det er veldig god å drage. Sjølv for ein utrent langrensløpar som meg.

DSC_0182DSC_0184
Heime var det også feiring med gaver og kaker.
Og eit forsøk på å forevige 3 åringane våre måtte også til.
cats---IMG_4952---IMG_4948---IMG_4954---IMG_4959---IMG_4960---IMG_4961---

Eg prøvde meg med oppblåste ballongar som bakgrunn,
og det blei bra synest eg, litt meir levande.

Nokre bilete av den vakre storesysta blei det også.

IMG_5005---IMG_5006---IMG_5188---IMG_5201---

Vidare kom våren sigande, nokre erlerider blei det.
Men sola kika fram og vi fekk til og med smake litt på sumaren.
DSC_0150DSC_0153DSC_0375IMG_5842DSC_0359IMG_5827DSC_0298DSC_0293DSC_0311DSC_0315
Figaro; pusen vår er vel husets midtpunkt. Verdas mest elska og tolmodige katt. Ungane klappar og kosar på han. Eirik elskar å leike i skogen saman med han, og Sofie kommanderar han som han skulle ha vore ein hund. Helst skal han sove med henne om natta også. Men han veit å trekke seg unna når det blir for mykje.

DSC_0074DSC_0078DSC_0088

Eirik og Sofie er bestevener som dei seier sjølve. Så klart kranglar dei inn i mellom.
Men bandet mellom desse to er berre heilt unikt!

TvillingarEirik og Sofie

DSC_0202DSC_0206DSC_0203
Eirik og Sofie har endeleg flytta ut av sprinkel-sengene sine, og fått seg nye senge frå IKEA. Vi valgte vokse-senger for å få plass på romet til Eirik enn så lenge, og fordi dei rett og slett ikkje treng senger med full lengde enno.
Å få nye senger har vore kjekt for både små og store, og endeleg er det mogleg å lese bok på sengekanten.
Ungane har faktisk lagt seg betre no enn før, og søv veldig godt i dei nye sengene sine.

DSC_0222DSC_0228

Det siste som har stått for tur var dåpen til Frida i dag. Eg og Paul fekk æra av å bli valgt som fadderar, ei oppgåve vi tek på oss med glede. Så då ville eg gjerne gi ei kake til Frida på den store dagen.
Det blei sukkerbunn med  *Jordbærmousse og jordbær, *vaniljekrem, og *krem med jordbær og hakka sjokolade.
Utanpå var det sukkerpasta både trekk og pynt.

Dagen var nydeleg, og vi kosa oss saman med heile familien til dåpsbarnet.

KakefyllJordbærfyllDåpskakeDåpskakeIMG_5890--

I morgon blir det å ordne siste rest før 17 Mai og etter det så skal bryllupsplanlegginga starte meir seriøst.
Vi har bestemt oss for at det blir bryllup i utlandet i 2018. Men kvar veit vi enno ikkje. Det er jo ei heil verd å velje i. Så det er litt av ein jobb å finne den perfekte staden for oss, som vi vil invitere gjestane våre til.

Eirik og Sofie 1 år

Tenk at mine gode, snille og hærlege barn har blitt 1 år.

Formiddagen har for dei vore som vanleg, eg var innom helsestasjonen idag fordi eg ville vege og måle dei på 1års dagen. Men i halv ti tida var der folketomt, og når eg prøvde lukka på nytt kl to så var der låst. Ingen lapp på døra elle nokon ting, anna enn lappen om åpningstid frå 09-15.

Så eg får sjå om dei er der i morgon då. Det kjennest vertfall at det er god trimm å gå trappene med to stykker kring 10 kg i kvar sin bilstol på kvar si arm opp og ned 😉

Elles så har eg stressa litt med å få istand til familien skulle komme å feire, ikkje så lett å få alt på plass når enn helst vil kose-mose-med-overdose på dei to små so står og held i kvart sitt buksebein.

Flagget har blitt heisa til topps, og sola skein medan fuglane kvittra.
Bordet blei pynta og sjølv om kaka eg laga i går hadde krølla seg litt over natta, så låg alt ann til å bli ein flott dag 🙂
IMG_9375-

IMG_9382--
Matilde har delt ut kos og klem i massevis idag, og sjølv om ungane ikkje har hatt store forventningar til dagen. Så har ho heilt klart gleda seg masse.
Sitat Matilde; Ditte he vore den beste bursdagen som ikkje he vore min.
Og så fekk ho vere pakkemeister, sidan ho meinte at Eirik og Sofie ikkje hadde heilt dreisen på dette enno.

IMG_9388--
Familien samla for taco, og det var endeleg kjekt å kunne invitere alle saman og samle oss rundt eit bord 🙂
IMG_9387--
Eirik har begynt å gå, og sidan han sanka mykje applaus og merksemd for dei fyste 5 stega, så var det berre å gå på. Så på slutten vart det mange steg bortover golvet, med eit stort glis om munnen.

IMG_9398--
Det blei bursdagssong og blåsing av lys, og selfølgelig fekk dei sitt aller fyste eige kakestykke til å “smake” på.
IMG_9412- IMG_9434-IMG_9422--IMG_9417- IMG_9425-- IMG_9432-- 
Eg kan seie såpass at det blei stor sukksess, med mykje rot.
Men absolutt verdt det! Eirik såg ut som han ville prøve å få heile biten i munnen på ein gong. Og syntest det var kjipt når fatet var tomt. Sofie hadde det like gøy med å grise som å nyte det herlege kakestykket.

Litt graut fekk vi også skvisa inn før begge to stupte i seng.
Etter rydding og vasking så enda eg endeleg her.
Eg har vel knapt nok sitte på baken sidan klokka 07 idag.

Blogginnlegget posta idag tidleg, låg på autopublisering frå i går.
Og bileta på instagram @Lykkeligkoas blei posta i hyrten og styrten. 
Så då er det ekstra kjekt å logge seg på data og mobil å sjå over alle hyggelige meldingar på sms, instagram, facebook og snapp 🙂

Så etter dette skal eg prøve å få svart alle saman 🙂
Og så må eg få gratulert alle som også har bursdag idag.
Eg har til no komt på 11 stykker som har bursdag idag. 
Og 5 av dei blir 1 år idag, inkludert Eirik og Sofie.
Så det er ein populær dato 26 Mars 🙂

Ein heilt spesiell dag

Vi hadde venta lenge, alt var svart og eg var heilt utslitt.

Enda ein time hadde vi fått til keisarsnitt, eller eventuell igangsetting om dei låg rett veg. Men det siste hadde vi slutta å håpe på etter alt for mange ultralydar med beskjed om ustabilt leie, og ungar på tverr.

Men denne gongen hadde dei lova at det skulle vere annleis. Dei hadde lova å sette av tid på operasjonsprogrammet, og dei skulle ha tilgjengelige jordmødre. Vi hadde slutta å håpe, og slutta å tru, autopilot var på.

Men kvelden 25 Mars tok vi ein date saman på Egon i Ålesund. Det var ei oppleving utanom det vanlege. Folk peika og kviskra, nokre la frå seg bestikket og glante uhemma. Eg såg nokre lene seg over bordet til bordkammeraten, for så å sjå han snu seg for å glane på meg.

Ja, eg var eit vandrandre freakshow, større gravidmage hadde dei knapt sett. Men eg blei verken sur, fornærma eller oppgitt, eg hadde tross alt sett meg sjølv i spegelen på veg ut.
20130322_160242

Etter eit godt måltid satte vi kursen mot sjukehushotellet og ein liten “godtepose” låg å venta på meg frå sjukepleiaren.
IMG_20130325_183401
Eit must siste tida for å ha ein liten sjanse til å få søvn.

Morgonen etterpå var det å møte opp tidleg. Vi var spent på om det verkeleg skulle skje i dag. 26 Mars 2013.
Alt fokus der og då, var på å bli ferdig, og å få begynne på ei ny reise som trebarnsmor og tvillingmamma.
IMG_6868
Eg var klar til å møte ungane mine, til å bli kjent med dei, og elske dei.
IMG_6871-
Eirik kom 08:25 og rett etterpå kom Sofie 08:26.
Men Sofie svelgte vatn på veg ut, og måtte på nyfødtintensiven og på CPAP.
Så det var berre Eirik eg fekk sjå medan dei holdt på med Sofie.

Medan dei sydde meg saman, forsvann Paul-Erik saman med barna til Neonatal. Då følte eg meg fryktelig aleine, men min flaks var at eg hadde ei som eg kjende til, som var anestesisjukepleiar ved meg. Ei tvillingmor sjølv.

Så var det å få morfin og ligge på intensiven til observasjon. Det var ikkje kjekt å ligge der utan å kunne få tak i Paul-Erik, utan oppdateringar om ungane. Inn og ut av morfindøsen svevde eg. Pleiarane bad meg slappe av medan eg sjølv hadde mest lyst å springe ned på naonatal for å sjå, halde og få vere med ungane mine.

Det å bli mamma er ein surrealistisk opplevelse, nesten ikkje til å tru. Det å bli mamma til tvillingar en enda meir uverkeleg, det å ikkje få vere saman med dei då er nesten meir enn eit mammahjerte kan tole. For sjølv om eg berre hadde fått sett Eirik, så hadde eg ei sterk tilknytning til dei.

Trøsta var at Paul-Erik var saman med dei, sjølv om det var grusomt å ikkje kunne ha han saman med meg også. Alt var så annleis enn når Matilde kom, då var vi saman med den nyfødte lille prinsessa vår heile tida, og vi kunne nyte augeblikket saman. No var eg heilt utanfor, eg viste ingenting, eg følte meg heilt aleine.
IMG_6879- IMG_6890-

Heldigvis kom Paul-Erik innom etter ei god stund, og han kunne oppdatere meg om at han hadde gitt beskjed til pleiarane om at dei heitte Eirik og Sofie. og at Sofie var tilkopla CPAP, medan Eirik hadde det heilt fint.

Han reiste tilbake til borna, men heldigvis kom det ei grepa jordmor etterkvart som tok tak. Ho sa at den nye neonatalavdelinga er stor nok til senga mi også. Så tok ho med drypp og meg i seng, og trilla meg ned til barna mine. Så tusen takk til deg som handla når eg sjølv ikkje klarte å tenke. Som gav meg akkurat det eg trengte; mann og barn.

IMG_6881-IMG_6895-  
Sofie var tilkopla CPAP så henne fekk eg ikkje halde, berre sjå på frå senga. Det var vondt for ei mamma å berre kunne sjå, men ikkje holde, røre, kysse eller kose på det nyfødde barnet sitt. Men ho kunne heldigvis på kose seg på pappaen.

Eirik fekk då ligge med meg, ein pitteliten babygut.
Eg hugsar eg var heilt forelska i desse vakre skapningane.
Samtidig som eg var livredd det skulle skje dei noko.
IMG_6892-
20130326_193106  20130326_18384620130326_1838322013-03-26 18.00.25   

Dagen vidare gjekk i ein døs. Eg blei trilla på barsel, der fekk vi besøk av mamma og pappa, og den ferske storesysta. Eirik var den einaste ho fekk halde, då Sofie måtte vere att på neonatal. Eg hugsar ho var så glad og så stolt. Samtidig så redd og lei seg fordi ho ikkje fekk sjå Sofie som låg på neonatal.

Men ho glei lett inn i rolla som storesyster,
og Eirik kosa seg godt i hendene til systa.

Natta var heilt surrealistisk, at eg hadde blitt mamma til to vakre barn var utanfor mi fatte-evne. Og å skulle sove utan dei var grusomt vondt! Det eg klamra meg til var at betre tider ville kome. Og det har dei absolutt!

Heldigvis kom dei opp frå neonatal med Eirik så eg fekk gi han mat i løpet av natta.

Dette var mitt fyste døgn som tvillingmamma og trebarnsmor.
Tårene trillar medan eg prøvar å hugse tilbake på korleis det var.

Sjølv om det kanskje kan vere litt grå lesing, så var det ein svært lykkelig dag.
Men med litt humpar i vegen som ein får no og då i livet.
Ikkje den starten eg hadde håpa på, men livet kan ikkje planleggast, det blir som det blir. Og nett no kan eg seie at det har blitt veldig fint til tross for ein humpete start.

BabyPrat

Ja det er mykje babyprat her på bloggen for tida.
Men det er fordi eg “desverre” ikkje har så mykje anna som skjer om dagane :/

Men no til ekte prat om babyar som pratar.

Ja Sofie begynner å kome med fleire ord no, men det ordet som var kjekkast var ; MATILDE
Ho hoppar litt over “L” en, men det er heilt klart kva ho seier.
Det var selfølgelig veldig kjekt for storesystra også
IMG_9247-

Så gullrekka no om dagen er; Mamma-Pappa- Matiide

Elles så er det Heia – Hadet – Tittei – Atjo – Nei – Ess – Lys

Trafikk-Kaos

IMG_9353--LK
Då har begge to små fått  dilla på å gå.
Så no har gåbilane blitt tatt godt i bruk.

Men med to små som spring rundt med kvar sin bil, og ikkje har lært seg å snu dei, eller trafikkale grunnreglar. Så blir det litt kaos i heimen.

IMG_9359-IMG_9354--IMG_9367-IMG_9366- 
Matilde har prøvd å hjelpe til i alle trafikk-korkene, og når dei måtte snu.
Eirik sa klart i frå med hyl og skrik når han traff noko som ikkje ville vike.
Sofie fann ein teknikk der ho stabba seg rundt, og kjørte bilen feil vei tilbake.

IMG_9353--

Det er verkeleg fart på desse ungane når dei set avgårde bortover stovegolvet!
Jaggu bra at vi har stor plass til å springe på.
IMG_9355--IMG_9360-

Til og med ein sovande pappa måtte vike når Eirik kom å skulle fram

IMG_9352--

Det blei nesten kappløp når dei kom opp på sida av kvarandre
-IMG_9357-- IMG_9358-IMG_9365-

Heilt fantastisk er det, og takk og lov for ei snill storesyster som var ved på leiken, og hjalp til!

Flott Morsdag

Dagen byrja tidlig med nokre runder for å gi morgonflaske til ungane. Men så sovna dei igjen, og når dei ville opp så tok Paul-Erik jobben med å stå opp og stelle dei.

Eg fekk besøk i senga litt over 9, og då var det berre å stå opp til ferdig frukost 🙂
Etterpå fekk eg bruke laaang tid på badet til å få dusje og stelle meg (ein luksus no for tida)

Så kom Matilde med gåve til meg som var akkurat det eg ønska meg! 🙂
2014-02-09 11.40.57

Når ungane vakna etter ei uvanleg lang blund så fekk dei litt mat før vi tok på oss klea og gjekk ut på tur 🙂
2014-02-09 14.06.18
Oppover vollen bar det idag også, ungane i Ergobaby bæresele på ryggen.
Heilt topp for både store og små 🙂
  2014-02-09 13.29.31  2014-02-09 13.48.19
Med ny mobil så blei det eindel knipsing 😉
Vi gjekk over elva i dag også, og vidare opp i skogen.
2014-02-09 13.49.36 2014-02-09 13.56.38
2014-02-09 13.56.41-1 2014-02-09 13.56.44
Vi prøvde å få med ungane på ryggen også på bilde, men dei var ikkje så interessert i den nye sjølvutløysar funksjonen på kamera som knipsa berre nokon smilte 😉
2014-02-09 13.56.53  2014-02-09 13.50.19-1
2014-02-09 14.06.29

Vel heime venta kaka som eg hadde laga sjølv.
Det var sekundet før det ikkje blei noka kake då det var tett før eg klarte å gløyme kremen som sto og blei piska, så den nesten sprakk.
Det var som sagt berre sekund om å gjere før den måtte i bås, så heilt optimal blei den ikkje, men brukandes til heimebruk 😉

Det er ikkje like lett å lage kake når det plutselig er mange som skal ha ein bit av ho mor. Fort gjort å bli distrahert og stresse litt meir enn eg burde.

Men Matilde fekk hjelpe til med å pynte, og vi var alle svært nøgde! 🙂
2014-02-09 14.22.43 2014-02-09 14.23.46 

Ingen hokus pokus middag idag, men ein alle likar er alltid bra 😉
Og så vann Tottenham idag, og då var stemninga i huset sett!
Godt humør og ei blid mamma 😉

2014-02-09 13.56.50

Trebarnsmamma

Ja det er det eg er, den tittelen som står høgast her i huset.
Etter det kjem kjæreste, datter, søster, veninne og tvillingmamma.

Ja eg har tre barn og eg elskar alle like mykje, kvar og ein er heilt unik. Aldri om eg ville vere foruten ein einaste ein av dei.
IMG_20121003_124319

Matilde er den største, prinsessa mi!
Nokon har lurt på kvifor ho ikkje er så mykje på bloggen lenger.
Saken er at ho har blitt eldre og meir bevist. Ho har alltid fått vere med å bestemme, men det er ikkje før no siste åra ho har hatt ei klar meining om det.

Ho får bestemme kva bilete som blir publisert både her, på instagram og facebook. Ho er også med å bestemme kva eg kan fortelle om ho. Rett nok er jenta 6 år og har ei stemme, det skal ho få ha også.

Etter vi var i avisa i forbindelse med ballettshowet, og vi publiserte bilete av oss saman både på instagram, blogg og facebook. Blei det mange kommentarar frå kjente og ukjente når vi var ute på trilletur og i sentrum.

Sjølv om alle gav hyggelige kommentarar og gav ho mykje merksemd, så blei det litt mykje. Litt var kjekt, men så blei det i overkant av det ho var komfortabel med.

Etter det har ho vore litt meir varsom med å godkjenne alt.

Det er difor eg ikkje skriv så mykje om henne, sjølv om eg så gjerne vil skrive om kor flink ho er på skulen. Leksene som ho gjer som ein drøm og for ei fantastisk storesyster ho er. Jenta har blomstra dette året på alle plan, og vi er uendeleg stolte av henne.
(Der fekk eg vist snike det med likevel)

Og eg skulle ønske eg kunne dele dei fantastisk fine tegningane ho lagar, og vise kor flink ho er blitt å skrive. Til og med videosnuttar når ho les og syng ligg å brenn på øverste skrytehylle. Men om de får sjå dei er opp til hovedpersonen sjølv.

Fram til då kan alle vere sikker på at ho er høgt elska og vel i sentrum her i heimen 😉 Ho er berre ikkje så aktiv på ulike medier av eige ønske 🙂

*Gliser*

Då er sumaren komen!
Eg og Matilde var på Brudavollen i går og spiste lunsj saman med Monika, Ariana og Anabelle 🙂

Og vi kosa oss skikkeleg saman!

2009 06 24_0153 2009 06 24_0208
2009 06 24_0143 2009 06 24_0131 2009 06 24_0206
2009 06 24_0163 2009 06 24_0190

Eg trur ikkje sumardagar på Sunnmøre kan bli betre enn dette!

Matilde ved porten_edited-2 port tilde_edited-1
tilde vind

Litt bilder

IMG_8179 IMG_8178
IMG_8181Her er i frå Påsketur på Grotli!
Sola skein, eg vart til og med solbrent!
Matilde sov nesten heile tida i Pulken sin 🙂

På hytta åt me god mat,
Spelte spel, las, sov lenge og kosa oss!

 

 

 

 

Eg fekk strikka ferdig vesten min,
og den bli slik;
 IMG_8204 IMG_8218 IMG_8197

I går var eg å feira ei av mine BESTE Venninne!
ELISE
IMG_8409
Ho Blir 23 år idag.
Gratulerer med dagen jenta mi!
Veldi VELDI Gla i dej!

%d bloggers like this: