1-åringane mine

Då har vi vore på helsestasjonen for å få vekt og lengde på desse herlige barna.

Det er så arti å samanlikne med Matilde på denne alderen, for Matilde sine mål er midt mellom Eirik og Sofie. Eirik er litt større, og Sofie litt mindre, og så Matilde midt i mellom.

Eg fekk tatt mål av Matilde også når ho var 1 år og 3 dagar gammal, så då er det lett å samanlikne.

Eirik     var 9300gr og 76cm
Matilde   var 8780gr og 75cm
Sofie    var 8350gr og 71cm

små perfekte barn, som kanskje kan få seg nye bilstolar snart 😉

297_61445230220_8748_n

IMG_9306- 2014-03-15 09.36.52
Alle seier Sofie er så kliss lik Matilde, og ho er veldig lik. Men eg blei litt overaska når eg leitte fram bilete frå når Matilde var like gammal, og ser at det er litt større forskjell enn eg trudde. Sjølv om alle ungane våre er veldig søskenlike.

IMG_9267-
Eirik er sjarmøren vår, ein tøysekopp som kan lyse opp ein grå dag.
Han er tøff og prøver gjerne nye ting, han har mange knall og fall, men også mange meistringar. Han begynte å gå i går på dagen sin, og er veldig stolt sjølv. Han elskar å få applaus og ros, og prøvar gjerne å briefe litt for å imponere.

Eirik er ein kosegut, som gjerne kjem opp på fanger og krøllar seg inn i armane for kos og suss. Han er entusiastisk, og det er lett å høyre når han finn på noko spennande og morosamt. Då hoyar og ler han, den trillande latteren er så hjertelig at du har vel ikkje høyrt betre.

Dette er verkeleg verdas beste lillebror, han gir oss så mykje glede i kvardagen. Han er aktiv og held oss i aktivitet, for han kan vere rask til å seie frå når han vil ha merksemd og samvær. Då er det godt med ei storesyster som vil leike og tulle, og ei tvillingsyster som alltid blir med på fantestrekar.

IMG_9306-

Sofie er ein liten flørt, ho smiler og sjarmerar i senk. Når ho pratar så er ho oftast så mjuk og mild at ein skulle tru ho var like mild og god som dagen er lang. Men ho er ei lita fantejente som likar å snike seg avgårde når ingen ser for å gjere rampestrekar. Ho elskar å saumfare skap, skuffer og utforske nye rom. Ekstra kjekt er det om ho får med seg broren på morroa.

Ho elskar å klatre, og å kome seg over, gjennom og under hindringar. Ho tek gjerne vegen under tripptrappstolen og mellom alle stolbeina før ho kjem fram berre for å ha litt hindringar på vegen. Ho stormar mot trappa til loftet når døra av og til står open, for det å klatre trapp med mamma bak som passar på, er kjempekjekt.

Sofie tenker og vurderar, ho ser løysingar og klarar å finne ut korleis ho kan klare å kome seg opp i sofen, og ho gir seg fort med å gå om det blir for skummelt. Samtidig så meistrar ho det meste når ho fyst prøvar seg.

Ho likar musikk og syng gjerne med. Ho bablar og pratar, og gir klart uttrykk når det er noko ho ikkje likar eller vil.

IMG_8945IMG_8935
Saman er dei ein herlig duo! Dei finn på mange fantestrekar saman, og verdas beste følelse er når eg høyrer rungande barnelatter frå dei to som har funne seg ein refleksvest å leike med i gangen, eller Sofie latar som ho nys.

Sjølv om det er lugging og dasking, saman med stjeling av leiker og konkurranse om å ha mamma aleine. Så er det mykje glede.

Eirik og Sofie 1 år

Tenk at mine gode, snille og hærlege barn har blitt 1 år.

Formiddagen har for dei vore som vanleg, eg var innom helsestasjonen idag fordi eg ville vege og måle dei på 1års dagen. Men i halv ti tida var der folketomt, og når eg prøvde lukka på nytt kl to så var der låst. Ingen lapp på døra elle nokon ting, anna enn lappen om åpningstid frå 09-15.

Så eg får sjå om dei er der i morgon då. Det kjennest vertfall at det er god trimm å gå trappene med to stykker kring 10 kg i kvar sin bilstol på kvar si arm opp og ned 😉

Elles så har eg stressa litt med å få istand til familien skulle komme å feire, ikkje så lett å få alt på plass når enn helst vil kose-mose-med-overdose på dei to små so står og held i kvart sitt buksebein.

Flagget har blitt heisa til topps, og sola skein medan fuglane kvittra.
Bordet blei pynta og sjølv om kaka eg laga i går hadde krølla seg litt over natta, så låg alt ann til å bli ein flott dag 🙂
IMG_9375-

IMG_9382--
Matilde har delt ut kos og klem i massevis idag, og sjølv om ungane ikkje har hatt store forventningar til dagen. Så har ho heilt klart gleda seg masse.
Sitat Matilde; Ditte he vore den beste bursdagen som ikkje he vore min.
Og så fekk ho vere pakkemeister, sidan ho meinte at Eirik og Sofie ikkje hadde heilt dreisen på dette enno.

IMG_9388--
Familien samla for taco, og det var endeleg kjekt å kunne invitere alle saman og samle oss rundt eit bord 🙂
IMG_9387--
Eirik har begynt å gå, og sidan han sanka mykje applaus og merksemd for dei fyste 5 stega, så var det berre å gå på. Så på slutten vart det mange steg bortover golvet, med eit stort glis om munnen.

IMG_9398--
Det blei bursdagssong og blåsing av lys, og selfølgelig fekk dei sitt aller fyste eige kakestykke til å “smake” på.
IMG_9412- IMG_9434-IMG_9422--IMG_9417- IMG_9425-- IMG_9432-- 
Eg kan seie såpass at det blei stor sukksess, med mykje rot.
Men absolutt verdt det! Eirik såg ut som han ville prøve å få heile biten i munnen på ein gong. Og syntest det var kjipt når fatet var tomt. Sofie hadde det like gøy med å grise som å nyte det herlege kakestykket.

Litt graut fekk vi også skvisa inn før begge to stupte i seng.
Etter rydding og vasking så enda eg endeleg her.
Eg har vel knapt nok sitte på baken sidan klokka 07 idag.

Blogginnlegget posta idag tidleg, låg på autopublisering frå i går.
Og bileta på instagram @Lykkeligkoas blei posta i hyrten og styrten. 
Så då er det ekstra kjekt å logge seg på data og mobil å sjå over alle hyggelige meldingar på sms, instagram, facebook og snapp 🙂

Så etter dette skal eg prøve å få svart alle saman 🙂
Og så må eg få gratulert alle som også har bursdag idag.
Eg har til no komt på 11 stykker som har bursdag idag. 
Og 5 av dei blir 1 år idag, inkludert Eirik og Sofie.
Så det er ein populær dato 26 Mars 🙂

Ein heilt spesiell dag

Vi hadde venta lenge, alt var svart og eg var heilt utslitt.

Enda ein time hadde vi fått til keisarsnitt, eller eventuell igangsetting om dei låg rett veg. Men det siste hadde vi slutta å håpe på etter alt for mange ultralydar med beskjed om ustabilt leie, og ungar på tverr.

Men denne gongen hadde dei lova at det skulle vere annleis. Dei hadde lova å sette av tid på operasjonsprogrammet, og dei skulle ha tilgjengelige jordmødre. Vi hadde slutta å håpe, og slutta å tru, autopilot var på.

Men kvelden 25 Mars tok vi ein date saman på Egon i Ålesund. Det var ei oppleving utanom det vanlege. Folk peika og kviskra, nokre la frå seg bestikket og glante uhemma. Eg såg nokre lene seg over bordet til bordkammeraten, for så å sjå han snu seg for å glane på meg.

Ja, eg var eit vandrandre freakshow, større gravidmage hadde dei knapt sett. Men eg blei verken sur, fornærma eller oppgitt, eg hadde tross alt sett meg sjølv i spegelen på veg ut.
20130322_160242

Etter eit godt måltid satte vi kursen mot sjukehushotellet og ein liten “godtepose” låg å venta på meg frå sjukepleiaren.
IMG_20130325_183401
Eit must siste tida for å ha ein liten sjanse til å få søvn.

Morgonen etterpå var det å møte opp tidleg. Vi var spent på om det verkeleg skulle skje i dag. 26 Mars 2013.
Alt fokus der og då, var på å bli ferdig, og å få begynne på ei ny reise som trebarnsmor og tvillingmamma.
IMG_6868
Eg var klar til å møte ungane mine, til å bli kjent med dei, og elske dei.
IMG_6871-
Eirik kom 08:25 og rett etterpå kom Sofie 08:26.
Men Sofie svelgte vatn på veg ut, og måtte på nyfødtintensiven og på CPAP.
Så det var berre Eirik eg fekk sjå medan dei holdt på med Sofie.

Medan dei sydde meg saman, forsvann Paul-Erik saman med barna til Neonatal. Då følte eg meg fryktelig aleine, men min flaks var at eg hadde ei som eg kjende til, som var anestesisjukepleiar ved meg. Ei tvillingmor sjølv.

Så var det å få morfin og ligge på intensiven til observasjon. Det var ikkje kjekt å ligge der utan å kunne få tak i Paul-Erik, utan oppdateringar om ungane. Inn og ut av morfindøsen svevde eg. Pleiarane bad meg slappe av medan eg sjølv hadde mest lyst å springe ned på naonatal for å sjå, halde og få vere med ungane mine.

Det å bli mamma er ein surrealistisk opplevelse, nesten ikkje til å tru. Det å bli mamma til tvillingar en enda meir uverkeleg, det å ikkje få vere saman med dei då er nesten meir enn eit mammahjerte kan tole. For sjølv om eg berre hadde fått sett Eirik, så hadde eg ei sterk tilknytning til dei.

Trøsta var at Paul-Erik var saman med dei, sjølv om det var grusomt å ikkje kunne ha han saman med meg også. Alt var så annleis enn når Matilde kom, då var vi saman med den nyfødte lille prinsessa vår heile tida, og vi kunne nyte augeblikket saman. No var eg heilt utanfor, eg viste ingenting, eg følte meg heilt aleine.
IMG_6879- IMG_6890-

Heldigvis kom Paul-Erik innom etter ei god stund, og han kunne oppdatere meg om at han hadde gitt beskjed til pleiarane om at dei heitte Eirik og Sofie. og at Sofie var tilkopla CPAP, medan Eirik hadde det heilt fint.

Han reiste tilbake til borna, men heldigvis kom det ei grepa jordmor etterkvart som tok tak. Ho sa at den nye neonatalavdelinga er stor nok til senga mi også. Så tok ho med drypp og meg i seng, og trilla meg ned til barna mine. Så tusen takk til deg som handla når eg sjølv ikkje klarte å tenke. Som gav meg akkurat det eg trengte; mann og barn.

IMG_6881-IMG_6895-  
Sofie var tilkopla CPAP så henne fekk eg ikkje halde, berre sjå på frå senga. Det var vondt for ei mamma å berre kunne sjå, men ikkje holde, røre, kysse eller kose på det nyfødde barnet sitt. Men ho kunne heldigvis på kose seg på pappaen.

Eirik fekk då ligge med meg, ein pitteliten babygut.
Eg hugsar eg var heilt forelska i desse vakre skapningane.
Samtidig som eg var livredd det skulle skje dei noko.
IMG_6892-
20130326_193106  20130326_18384620130326_1838322013-03-26 18.00.25   

Dagen vidare gjekk i ein døs. Eg blei trilla på barsel, der fekk vi besøk av mamma og pappa, og den ferske storesysta. Eirik var den einaste ho fekk halde, då Sofie måtte vere att på neonatal. Eg hugsar ho var så glad og så stolt. Samtidig så redd og lei seg fordi ho ikkje fekk sjå Sofie som låg på neonatal.

Men ho glei lett inn i rolla som storesyster,
og Eirik kosa seg godt i hendene til systa.

Natta var heilt surrealistisk, at eg hadde blitt mamma til to vakre barn var utanfor mi fatte-evne. Og å skulle sove utan dei var grusomt vondt! Det eg klamra meg til var at betre tider ville kome. Og det har dei absolutt!

Heldigvis kom dei opp frå neonatal med Eirik så eg fekk gi han mat i løpet av natta.

Dette var mitt fyste døgn som tvillingmamma og trebarnsmor.
Tårene trillar medan eg prøvar å hugse tilbake på korleis det var.

Sjølv om det kanskje kan vere litt grå lesing, så var det ein svært lykkelig dag.
Men med litt humpar i vegen som ein får no og då i livet.
Ikkje den starten eg hadde håpa på, men livet kan ikkje planleggast, det blir som det blir. Og nett no kan eg seie at det har blitt veldig fint til tross for ein humpete start.

BabyPrat

Ja det er mykje babyprat her på bloggen for tida.
Men det er fordi eg “desverre” ikkje har så mykje anna som skjer om dagane :/

Men no til ekte prat om babyar som pratar.

Ja Sofie begynner å kome med fleire ord no, men det ordet som var kjekkast var ; MATILDE
Ho hoppar litt over “L” en, men det er heilt klart kva ho seier.
Det var selfølgelig veldig kjekt for storesystra også
IMG_9247-

Så gullrekka no om dagen er; Mamma-Pappa- Matiide

Elles så er det Heia – Hadet – Tittei – Atjo – Nei – Ess – Lys

Trafikk-Kaos

IMG_9353--LK
Då har begge to små fått  dilla på å gå.
Så no har gåbilane blitt tatt godt i bruk.

Men med to små som spring rundt med kvar sin bil, og ikkje har lært seg å snu dei, eller trafikkale grunnreglar. Så blir det litt kaos i heimen.

IMG_9359-IMG_9354--IMG_9367-IMG_9366- 
Matilde har prøvd å hjelpe til i alle trafikk-korkene, og når dei måtte snu.
Eirik sa klart i frå med hyl og skrik når han traff noko som ikkje ville vike.
Sofie fann ein teknikk der ho stabba seg rundt, og kjørte bilen feil vei tilbake.

IMG_9353--

Det er verkeleg fart på desse ungane når dei set avgårde bortover stovegolvet!
Jaggu bra at vi har stor plass til å springe på.
IMG_9355--IMG_9360-

Til og med ein sovande pappa måtte vike når Eirik kom å skulle fram

IMG_9352--

Det blei nesten kappløp når dei kom opp på sida av kvarandre
-IMG_9357-- IMG_9358-IMG_9365-

Heilt fantastisk er det, og takk og lov for ei snill storesyster som var ved på leiken, og hjalp til!

Tvillinggraviditet i perspektiv

No når det nærmar seg eit år sidan Eirik og Sofie kom til verda, så er det kanskje på tide å sjå på året som har gått litt i perspektiv.

Dette var ein godt planlagt graviditet, ein eg hadde lengta etter lenge. Planen var å bli ferdig med sjukepleien og få fast jobb, før vi endelig skulle få eit barn til i familien.
Sjølv om vi ideelt skulle ha bygt større hus også, så fann vi ut at vi kunne bu ei stund til i boligen vi hadde med to barn.

I Desember tok eg ut spiralen, og vi var klare for eit nytt eventyr. Tida gjekk og endeleg 27 Juli-12 kunne eg skimte ein svak positiv test. Lite viste eg kva som var i vente.
Det var litt vanskeleg å tru at testen endeleg var sann. Og eg tok mange! for å forsikre meg om at det stemte.
tvillingtestpositiv test med tvillingergravid med tvillinger  
Eg trur det er dette dei kallar “testoman” 😉
Men når ein har kika på såpass mange negative testar, så skulle det litt til før eg trudde på det.
Så eg sa til Paul-Erik litt forsiktig; “Eg trur eg er gravid”
– “Trur du?”
– “Ja, eg trur eg er ganske sikker”

Eg turte ikkje sleppe jubelen laus, for eg hadde i bakhovudet at det framleis var så mykje som kunne gå gale, men dette var vertfal ein god begynnelse.

tvillinggravid 4+2 tvilling gravid 5 uker
Kroppen min reagerte raskt på graviditeten, og magen blåste seg fort opp. Det tok desverre ikkje lange tida før kvalmen kom saman med ein ekstrem utmattelse.
Paul-Erik spøkte med at sidan kroppen reagerte så fort, så måtte der vere fleire inn i magen, noko anna måtte vere unormalt.

Sidan eg har mista to sysken kort tid etter fødsel, så var det allereie planlagt ein ultralyd tidleg i svangesrskapet for å sjekke om alt var som det skulle. Så i veke 9 tok vi turen til sjukehuset i Volda for ein ultralyd.

Det blei nemnt på veg inn døra at vi var spent på kor mange som var der. Men det var likevel ein stor overaskelse når vi blei gjort oppmerksomme på at der var to små peanøtter i magen, med hjerter som slo. Det var ein heilt sjuk følelse av; glede, overasking, spenning og sjokk.
ultralyd av tvillingertvillinggravid uke 9 
Sidan eg var så dårleg som eg var, så måtte vi fortelle det til Matilde som skulle bli storesyster. Og då var det ingen løyndom lenger, sidan ho måtte fortelle det til alle ho møtte. Så omverda fekk vite det ganske tidleg, men når eg var så dårleg og magen viste, så måtte vi berre fortelle det. Og om ting skulle gå gale så hadde nok folk fått vite om det då også, for kvifor skal det vere så hemmelig?
Dette var uansett ei stor glede for oss!
IMG_20121007_015547IMG_20120831_161524tvillingboktvillinger
Tida vidare gjekk med til å prøve å halde kvalmen i sjakk, og å lese seg opp på det å skulle vere tvillinggravid og bli tvillingmamma.
At eg skulle bli så trøtt bidrog også til at eg var mykje på sofaen og i senga.
tvillinggravidIMG_20121014_235631 
Matilde blei levert i barnehagen av mamma gjennom mesteparten av svangerskapet, ei stor hjelp! Eg er enno usikker på korleis eg skulle ha klart det sjølv.
symfysemål tvillingertvillinger 16+2 
Magen min vaks i rekordfart. Og sjølv om eg ikkje la på meg noko mykje på kroppen så var det mykje mage, og det blei fort tungt.
Eg fekk bekkenløysing, men fekk også god hjelp frå fysioterapaut tidleg i svangerskapet.
gravid med tvillingertvillinger i magen uke 18tvillingmage uke 19
Eg har kommentert no i ettertid at eg kunne godt tenke meg tvillingar igjen, om vi  nokon gong skulle hatt fleire. Men undervegs så var det absolutt ikkje tanken. Der og då var eg usikker på om ej kom til å klare meg gjennom det. Og setninga “Eg orkar ikkje meir!” Sa eg nesten kvar dag.

Kvalmen begynte heldigvis å avta når eg nærma meg veke 20, men andre gravidplager som halsbrann kom hakk i hel. Ei natt hadde eg så grusom halsbrann at eg frykta eg hadde hjarteinfarkt med smerter i magen som stråla mot hals og kjeve. Det var heilt grusomt, men eg kom da levande frå det også.
IMG_20121205_195754 tvillinggravid
Meda eg låg på sofaen, så tok Paul-Erik seg av alt husarbeid, matlaging, og det som høyrer til. Han var også med på kvar einaste kontroll på sjukehuset, og det var ikkje få!
han var heilt fantastisk til å stå på pinne for meg, og når han til og med arrangerte babyshower i all hemmelighet for meg, så var det ikkje tvil om at eg hadde kapra drømmemannen!
2012-11-08 10.14.02     
Når eg var litt over halvvegs blei eg mykje sjuk, det blei fleire antibiotikakurar, og eg sleit veldig med å puste og bevege meg. Eg sov knapt om natta, alt var eit ork og eit slit. Berre det å skulle dusje seg, eller ete frukost var ei påkjenning. Det var ei periode då alt var slitsomt. Og kom eg meg ut døra så var det ei bragd!

Det var hakket før sjukehusinnlegging, men midt opp i jul og nyttår så va det ikkje kjekt å skulle ligge på sjukehus. Og sidan Paul-Erik hadde ferie frå skulen då, så kunne han vere heime å pleie meg og varte meg opp med å lage meg mat og hjelpe meg i dusjen. Blodtrykket var nemleg så lavt at det å stå i dusjen va risikosport. Så eg endte opp med å måtte sitte i dusjen. medan Paul var parat om eg skulle svime av.

Samtidig så hosta eg så voldsomt at Paul frykta lungene skulle briste. Saman med hosting blei det mange kynnarar og samatrekningar, så i tillegg til anitbiotika så blei det også riedempande og beskjed om å halde sofaen/senga mest mogleg.
 tvilling graviditettvillingmage uke 25gravid med tvillinger
Vidare gjekk det opp og ned med smerter under ribbeina, gangvanskar og kvalme. På eit tidspunkt måtte krykkene fram for å klare å kome meg frå A til B. Det å sitte blei også vanskelig, men ein kafè tur i ny og ne, klarte eg likevel å få til.
tvillingmage uke 28 tvillinggravid 28 uker   
Til tross for at eg kanskje var litt uheldig med eit tøft svangerskap, så følte eg meg dobbelt så heldig. Det var dobbelt opp av det meste, men det viktigaste var den dobble gleda. Det å ønske seg eit barn så sterkt, så lenge, og når det endelig klaffa så blei det to. Det kunne ikkje bli betre!
Eg var overlykkelig for at det blei som det blei, og så skulle eg bite tenna sammen og klare meg gjennom dei utfordringane som var. For premien til slutt var jo dobbelt så stor.

tvillingmagen uke 30gravid med tvillinger uke 32tvillinger i magen uke 33
På slutten eksploderte magen ut, strekkmerka kom saman med kløe og svie. Eg hadde vanskar med å snu meg i senga, og å sitte oppreist på ein stol. Det var lite plass i magen til mat.
Kynnarane var sterke og vonde, men registreringar og målingar var fine. Så det var berre å halde ut, sjølv om det var ei viss spenning i lufta om det blei prematur-fødsel.
tvillingmamma to beIMG_20130201_134028gravid med tvillinger 33+3

Matilde var midt opp i dette fantastisk flink, snill, spent og tolmodig. Ho tilpassa seg situasjonen med ei lite mobil mamma som støtt og stadig var kvalm og uvel fantastisk bra. Og ho gledde seg veldig til lillesøstra og lillebroren skulle kome.
Matilde var jo den som tidleg hadde sagt at ho ønska seg søsken, ho ønska seg tvillingar! Ei søster og ein bror! Og så blei det akkurat som ho ønska seg.
Veldig tilfeldig og artig, men ho er overbevist om at dette var det ho som hadde bestilt. “Tenk om ej hadde ønska meg tre da mamma! Eller fire!”
tvillinggravidgravid med tvillinger tvillingmagetvillingmamma
Sjølv om man er stor, og kjenner begge to som bevegar seg og sparkar. Og sjølv om man får sjå dei på ultralyd fleire gongar i måneden, og høyre dei på doppler. Så er det veldig uvirkelig, ein kan egentlig ikkje forestille seg korleis det kjem til å bli.

Det å vere gravid med to var ukjent og spennande. Då var det ekstra godt å ha ei veninne som også var gravid med tvillingar (gut/jente), og som hadde termin nokre veker før meg. Sjølv om vi hadde heilt forskjellige svangerskap, så var det godt å kunne diskutere alt ein tenker og lurer på gjennom svangerskapet, alt om utstyr og korleis det kanskje blir når dei kjem til verda.
gravidfoto tvillinggravid foto
Siste vekene vart det eit lite lette på pusten, det verka som om dei la seg lenger ned i bekkenet. Eg kunne plutselig ligge litt på rygg utan at det svartna for meg. Samtidig så var kynnarane vonde og ofte, det var både i kvile og aktivitet, noko som betydde lite nattesøvn og vanskar med å gå utan å måtte stoppe kvar 5 meter for at taka skulle gå over.
stor tvillingmage
På slutten blei det mykje som var usikkert, ungane snudde mykje på seg, og det var ikkje lenger sikkert eg fekk føde vanleg. I tillegg måtte eg føde i Ålesund, noko som innebar enda meir usikkerheit då alle legar og jordmødre eg hadde hatt på kontrollar var i Volda. Volda var lite, kjent og trygt, Ålesund verka stort, ukjent og utrygt.

Eg skulle etter planen på ein svangerskapskontroll i Ålesund før fødsel, men den blei sett opp så seint at eg ikkje rakk det. Eg hadde uansett ikkje klart å kome meg dit, då eg ikkje klarte å sitte i bil lenger enn 20 min av gongen. Og Ålesund er 1,5 time unna.
 2013-03-13 06.17.04 2013-03-13 06.17.13 2013-03-16 00.32.13
36 veker på veg kjende eg at taka i magen blei vondare og vondare. Litt usikker ville eg berre bort å få avkrefta at det var noko på gong, eg hadde tross alt gått med slike vondter i mange veker.

Slik blei det ikkje, ein beskjed om 4 cm åpning og aktive rier betydde helikopter, med avreise om 10 min.
2013-03-16 14.24.20 2013-03-16 14.24.43 2013-03-16 14.25.13
Desverre avtok riene og eg blei liggande i 2 veke før eg endeleg fekk møte dei.
Meir om den historia kan du lese her: Oppdatering, Sånn-går-jo-dagane, Boble, Frustrasjon, Når-veggen-er-nådd
tvillingmagerar tvillingmage2013-03-18 17.24.532013-03-19 09.53.01tvilling ultralyd2013-03-19 09.53.20   
På sjukehuset blei det mykje ultralydar og målingar, fram til dei endelig fekk kome til verden via keisersnitt.
tvillingmage uke 37
 tvillinggravid uke 38tvillingmage uke 38 tvillingmamma gravid med tvillinger uke 38  

Alt var verdt det til slutt, men det sneik seg nok med ein liten svangerskapsdepresjon på slutten. Då blei eg måtte bli i Ålesund i to veker utan å vite kva som kom til å skje. Forskjellige legar, jordmøre, ulike meiningar og forandring på avtaler og planar vart for mykje på toppen av alt anna. Eg er overbesvist om at den depresjonen ikkje hadde komt om eg hadde blitt betre ivaretatt, og om kommunikasjonen mellom dei ulike legane og sjukepleierane hadde vore betre.

At Ålesund skulle undergrave alt dei hadde sagt og gjort i Volda var også veldig frustrerande. Der var fleire som opptredde arrogante og såg ned på Volda, det gjorde at eg miste heilt respekta for fleire som arbeidde der. Sjølvsagt var der nokre englar innimellom som eg fekk god kontakt med, men det var nokre få. Dette styrka også inntrykket mitt om at eit lite lokalsjukehus er mykje betre sett frå eit pasientperspektiv, enn eit stort sjukehus.

Eg forlangte difor overflytting til Volda så snart ungane var klar for det. Og det var eg veldig gla for!

Meir om barseltida kjem 🙂
 IMG_6881-IMG_6892-IMG_6871- IMG_6890- 

Still gjerne spørsmål om du lurer på noko 🙂

Flott Morsdag

Dagen byrja tidlig med nokre runder for å gi morgonflaske til ungane. Men så sovna dei igjen, og når dei ville opp så tok Paul-Erik jobben med å stå opp og stelle dei.

Eg fekk besøk i senga litt over 9, og då var det berre å stå opp til ferdig frukost 🙂
Etterpå fekk eg bruke laaang tid på badet til å få dusje og stelle meg (ein luksus no for tida)

Så kom Matilde med gåve til meg som var akkurat det eg ønska meg! 🙂
2014-02-09 11.40.57

Når ungane vakna etter ei uvanleg lang blund så fekk dei litt mat før vi tok på oss klea og gjekk ut på tur 🙂
2014-02-09 14.06.18
Oppover vollen bar det idag også, ungane i Ergobaby bæresele på ryggen.
Heilt topp for både store og små 🙂
  2014-02-09 13.29.31  2014-02-09 13.48.19
Med ny mobil så blei det eindel knipsing 😉
Vi gjekk over elva i dag også, og vidare opp i skogen.
2014-02-09 13.49.36 2014-02-09 13.56.38
2014-02-09 13.56.41-1 2014-02-09 13.56.44
Vi prøvde å få med ungane på ryggen også på bilde, men dei var ikkje så interessert i den nye sjølvutløysar funksjonen på kamera som knipsa berre nokon smilte 😉
2014-02-09 13.56.53  2014-02-09 13.50.19-1
2014-02-09 14.06.29

Vel heime venta kaka som eg hadde laga sjølv.
Det var sekundet før det ikkje blei noka kake då det var tett før eg klarte å gløyme kremen som sto og blei piska, så den nesten sprakk.
Det var som sagt berre sekund om å gjere før den måtte i bås, så heilt optimal blei den ikkje, men brukandes til heimebruk 😉

Det er ikkje like lett å lage kake når det plutselig er mange som skal ha ein bit av ho mor. Fort gjort å bli distrahert og stresse litt meir enn eg burde.

Men Matilde fekk hjelpe til med å pynte, og vi var alle svært nøgde! 🙂
2014-02-09 14.22.43 2014-02-09 14.23.46 

Ingen hokus pokus middag idag, men ein alle likar er alltid bra 😉
Og så vann Tottenham idag, og då var stemninga i huset sett!
Godt humør og ei blid mamma 😉

2014-02-09 13.56.50

Morsdagskake

Eg har ikkje baka på evigheiter, ikkje sidan bursdagen til Matilde i August trur eg.
 Og det var ikkje mykje kake å skryte av.

Men med full jobb, tvillingar med kolikk, som blei fullamma og ikkje sov.
Så var det bragd nok i seg sjølv at det blei både kake og selskap 😉

Jenta fekk pynte den sjølv, og var meget fornøgd.
Men har presisert at i år må vi lage noko litt finare, og ho har allereie planane klare 😉

No er det morsdag som står for tur, og sjølv om Paul-Erik faktisk har slått til å baka kake til meg før. Så måtte eg trå til å bake sjølv i kveld, om det skal bli kake i morgon.
(Han har nemleg også begynt å kjenne på denne sjuka)

Faktisk så kom lysta til å bake igjen snikande innpå meg no når sjuka begynte å forlate kroppen. Men det er ikkje noko avansert eg startar opp igjen med.

No står ein heilt enkel sukkerbunn i ovnen, så enkel at eg enno ikkje har klart å feile når eg lagar den. Eg var litt skeptisk når eggedosisen ikkje blei heilt stiv i begynnelsen, men etter ei god stund på passeleg hastigheit så blei den som den skulle. 🙂

Planen er å lage det eg sjølv kalla “beste kake” når eg var liten, ei heilt enkel kake av sukkerbunn fylt med vaniljekrem, og dekt med sjokoladekrem (Krem blanda med smelta kokesjokolade)

Ei kake eg måtte ha til kvar bursdag når eg var yngre, og no kjende eg at jammen hadde det smakt godt med den igjen 😉

Matilde har blitt lovd at ho skal få pynte den, så no håper eg at bunnen kjem ut som den brukar, til tross for ny ovn 😉

God Natt alle saman 😉
Og så får eg håpe alle mødre får ein fantastisk fin morsdag i morgon! 🙂

Å nyte augeblikket

Eirik hadde sovna, Paul-Erik hadde bert han opp, nede låg Sofie og prøvde å finne roa. Medan eg gav ho smokken og prøvde å få ho til å sove, drog Paul-Erik for å hente store snuppa. Akkurat i det han køyrer ut frå plassen, vræler det oppe. Og i det eg går opp trappa for å roe lillebror, stemmer lillesøster i, hakket høgre. Etter 15 gongar opp og ned mellom etasjene og to vrælande ungar som berre roa seg i 15 sekunder etter dei fekk smokken før dei stemte i att, tok eg ned Eirik.

Resultatet blei tok vrælande unga som prøvde å skrike høgare enn den andre. Minutta til Paul-Erik kom heim var uendeleg lange. Men så fort han kom og fekk roa Sofie,  så roa eirik seg i mine armar.

Etter nokre rapar og roleg byssing sette eg meg ned på sofaen med lillegullet i armane. Han var klart trøtt og eg kjente kroppen bli tyngre i armane mine. Eg krølla han godt inntil meg, han var framleis litt uroleg så eg la handa mi forsiktig på kinnet hans. Han tok med eitt eit godt grep rund handa mi, for å holde den fast så eg ikkje skulle sleppe.

Han stirra på meg med trøtte, tunge auger. Nistirra, før han blinka sakte, så sperra han opp augene att, nesten så han skulle sjekke at eg ikkje hadde blitt borte. Slik heldt han på ei lita stund før augeloka blei så tunge at han måtte gi etter. Eg strauk han forsiktig på kinnet, og han laga koselydar som berre min Eirik lagar. Han mel, nesten som ein liten kattepus, samtidig har han eit fast grep rundt handa mi enda.

Slik sit eg lenge, medan Eirik sig inn i draumeland. Eg nyt augeblikket, eg kyssar den lubne handa som held rundt mi. Eg snusar på den gode lille guten min. Han er så nydeleg, så fantastisk fin, og han har eg laga. Tenk at noko så perfekt har vi skapt! Eg snusar litt til, eg håper eg aldri gløymer denne fantastiske dufta av min baby. Dette er rein morslykke.

Ein liten del av meg ynskjer at han skal vere som dette for alltid, at han skal få plass i armane mine, ligge på fanget, og at handa mi skal vere den beste og tryggaste i heile verda. For det kjem så alt for fort at ein god laurdagskveld ikkje lenger er på mamma sitt fang.

Men enn så lenge, ei lita stund til, så er mamma verdens beste.

%d bloggers like this: