Frå horisontalen

Då ligg eg rett ut, Ikkje heilt det som var planen for kvelden. Men kroppen seier ifrå når nok er nok.

image

Så etter ein liten kvil fann eg ut at eg kunne installere bloggappen på mobilen så eg kunne gi litt lyd frå meg.

No skal eg berre ta eit raskt kveldsstell før det er natta igjen. Og forhåpentligvis ein god dag i morgon!

Legger ved ein herlig videosnutt av verdas mest tålmodige pappa!

image

Han er virkelig gull verdt i livet vårt!  Dagane hadde Ikkje vore moglege utan han! Vertfall Ikkje når eg blir dårlig. Han er virkelig klippen i livet vårt!

1-åringane mine

Då har vi vore på helsestasjonen for å få vekt og lengde på desse herlige barna.

Det er så arti å samanlikne med Matilde på denne alderen, for Matilde sine mål er midt mellom Eirik og Sofie. Eirik er litt større, og Sofie litt mindre, og så Matilde midt i mellom.

Eg fekk tatt mål av Matilde også når ho var 1 år og 3 dagar gammal, så då er det lett å samanlikne.

Eirik     var 9300gr og 76cm
Matilde   var 8780gr og 75cm
Sofie    var 8350gr og 71cm

små perfekte barn, som kanskje kan få seg nye bilstolar snart 😉

297_61445230220_8748_n

IMG_9306- 2014-03-15 09.36.52
Alle seier Sofie er så kliss lik Matilde, og ho er veldig lik. Men eg blei litt overaska når eg leitte fram bilete frå når Matilde var like gammal, og ser at det er litt større forskjell enn eg trudde. Sjølv om alle ungane våre er veldig søskenlike.

IMG_9267-
Eirik er sjarmøren vår, ein tøysekopp som kan lyse opp ein grå dag.
Han er tøff og prøver gjerne nye ting, han har mange knall og fall, men også mange meistringar. Han begynte å gå i går på dagen sin, og er veldig stolt sjølv. Han elskar å få applaus og ros, og prøvar gjerne å briefe litt for å imponere.

Eirik er ein kosegut, som gjerne kjem opp på fanger og krøllar seg inn i armane for kos og suss. Han er entusiastisk, og det er lett å høyre når han finn på noko spennande og morosamt. Då hoyar og ler han, den trillande latteren er så hjertelig at du har vel ikkje høyrt betre.

Dette er verkeleg verdas beste lillebror, han gir oss så mykje glede i kvardagen. Han er aktiv og held oss i aktivitet, for han kan vere rask til å seie frå når han vil ha merksemd og samvær. Då er det godt med ei storesyster som vil leike og tulle, og ei tvillingsyster som alltid blir med på fantestrekar.

IMG_9306-

Sofie er ein liten flørt, ho smiler og sjarmerar i senk. Når ho pratar så er ho oftast så mjuk og mild at ein skulle tru ho var like mild og god som dagen er lang. Men ho er ei lita fantejente som likar å snike seg avgårde når ingen ser for å gjere rampestrekar. Ho elskar å saumfare skap, skuffer og utforske nye rom. Ekstra kjekt er det om ho får med seg broren på morroa.

Ho elskar å klatre, og å kome seg over, gjennom og under hindringar. Ho tek gjerne vegen under tripptrappstolen og mellom alle stolbeina før ho kjem fram berre for å ha litt hindringar på vegen. Ho stormar mot trappa til loftet når døra av og til står open, for det å klatre trapp med mamma bak som passar på, er kjempekjekt.

Sofie tenker og vurderar, ho ser løysingar og klarar å finne ut korleis ho kan klare å kome seg opp i sofen, og ho gir seg fort med å gå om det blir for skummelt. Samtidig så meistrar ho det meste når ho fyst prøvar seg.

Ho likar musikk og syng gjerne med. Ho bablar og pratar, og gir klart uttrykk når det er noko ho ikkje likar eller vil.

IMG_8945IMG_8935
Saman er dei ein herlig duo! Dei finn på mange fantestrekar saman, og verdas beste følelse er når eg høyrer rungande barnelatter frå dei to som har funne seg ein refleksvest å leike med i gangen, eller Sofie latar som ho nys.

Sjølv om det er lugging og dasking, saman med stjeling av leiker og konkurranse om å ha mamma aleine. Så er det mykje glede.

Eirik og Sofie 1 år

Tenk at mine gode, snille og hærlege barn har blitt 1 år.

Formiddagen har for dei vore som vanleg, eg var innom helsestasjonen idag fordi eg ville vege og måle dei på 1års dagen. Men i halv ti tida var der folketomt, og når eg prøvde lukka på nytt kl to så var der låst. Ingen lapp på døra elle nokon ting, anna enn lappen om åpningstid frå 09-15.

Så eg får sjå om dei er der i morgon då. Det kjennest vertfall at det er god trimm å gå trappene med to stykker kring 10 kg i kvar sin bilstol på kvar si arm opp og ned 😉

Elles så har eg stressa litt med å få istand til familien skulle komme å feire, ikkje så lett å få alt på plass når enn helst vil kose-mose-med-overdose på dei to små so står og held i kvart sitt buksebein.

Flagget har blitt heisa til topps, og sola skein medan fuglane kvittra.
Bordet blei pynta og sjølv om kaka eg laga i går hadde krølla seg litt over natta, så låg alt ann til å bli ein flott dag 🙂
IMG_9375- IMG_9382--
Matilde har delt ut kos og klem i massevis idag, og sjølv om ungane ikkje har hatt store forventningar til dagen. Så har ho heilt klart gleda seg masse.
Sitat Matilde; Ditte he vore den beste bursdagen som ikkje he vore min.
Og så fekk ho vere pakkemeister, sidan ho meinte at Eirik og Sofie ikkje hadde heilt dreisen på dette enno.

IMG_9388--
Familien samla for taco, og det var endeleg kjekt å kunne invitere alle saman og samle oss rundt eit bord 🙂
IMG_9387--
Eirik har begynt å gå, og sidan han sanka mykje applaus og merksemd for dei fyste 5 stega, så var det berre å gå på. Så på slutten vart det mange steg bortover golvet, med eit stort glis om munnen.

IMG_9398--
Det blei bursdagssong og blåsing av lys, og selfølgelig fekk dei sitt aller fyste eige kakestykke til å “smake” på.
IMG_9412- IMG_9434-IMG_9422--IMG_9417- IMG_9425-- IMG_9432-- 
Eg kan seie såpass at det blei stor sukksess, med mykje rot.
Men absolutt verdt det! Eirik såg ut som han ville prøve å få heile biten i munnen på ein gong. Og syntest det var kjipt når fatet var tomt. Sofie hadde det like gøy med å grise som å nyte det herlege kakestykket.

Litt graut fekk vi også skvisa inn før begge to stupte i seng.
Etter rydding og vasking så enda eg endeleg her.
Eg har vel knapt nok sitte på baken sidan klokka 07 idag.

Blogginnlegget posta idag tidleg, låg på autopublisering frå i går.
Og bileta på instagram @Lykkeligkoas blei posta i hyrten og styrten. 
Så då er det ekstra kjekt å logge seg på data og mobil å sjå over alle hyggelige meldingar på sms, instagram, facebook og snapp 🙂

Så etter dette skal eg prøve å få svart alle saman 🙂
Og så må eg få gratulert alle som også har bursdag idag.
Eg har til no komt på 11 stykker som har bursdag idag. 
Og 5 av dei blir 1 år idag, inkludert Eirik og Sofie.
Så det er ein populær dato 26 Mars 🙂

Ein heilt spesiell dag

Vi hadde venta lenge, alt var svart og eg var heilt utslitt.

Enda ein time hadde vi fått til keisarsnitt, eller eventuell igangsetting om dei låg rett veg. Men det siste hadde vi slutta å håpe på etter alt for mange ultralydar med beskjed om ustabilt leie, og ungar på tverr.

Men denne gongen hadde dei lova at det skulle vere annleis. Dei hadde lova å sette av tid på operasjonsprogrammet, og dei skulle ha tilgjengelige jordmødre. Vi hadde slutta å håpe, og slutta å tru, autopilot var på.

Men kvelden 25 Mars tok vi ein date saman på Egon i Ålesund. Det var ei oppleving utanom det vanlege. Folk peika og kviskra, nokre la frå seg bestikket og glante uhemma. Eg såg nokre lene seg over bordet til bordkammeraten, for så å sjå han snu seg for å glane på meg.

Ja, eg var eit vandrandre freakshow, større gravidmage hadde dei knapt sett. Men eg blei verken sur, fornærma eller oppgitt, eg hadde tross alt sett meg sjølv i spegelen på veg ut.
20130322_160242

Etter eit godt måltid satte vi kursen mot sjukehushotellet og ein liten “godtepose” låg å venta på meg frå sjukepleiaren.
IMG_20130325_183401
Eit must siste tida for å ha ein liten sjanse til å få søvn.

Morgonen etterpå var det å møte opp tidleg. Vi var spent på om det verkeleg skulle skje i dag. 26 Mars 2013.
Alt fokus der og då, var på å bli ferdig, og å få begynne på ei ny reise som trebarnsmor og tvillingmamma.
IMG_6868
Eg var klar til å møte ungane mine, til å bli kjent med dei, og elske dei.
IMG_6871-
Eirik kom 08:25 og rett etterpå kom Sofie 08:26.
Men Sofie svelgte vatn på veg ut, og måtte på nyfødtintensiven og på CPAP.
Så det var berre Eirik eg fekk sjå medan dei holdt på med Sofie.

Medan dei sydde meg saman, forsvann Paul-Erik saman med barna til Neonatal. Då følte eg meg fryktelig aleine, men min flaks var at eg hadde ei som eg kjende til, som var anestesisjukepleiar ved meg. Ei tvillingmor sjølv.

Så var det å få morfin og ligge på intensiven til observasjon. Det var ikkje kjekt å ligge der utan å kunne få tak i Paul-Erik, utan oppdateringar om ungane. Inn og ut av morfindøsen svevde eg. Pleiarane bad meg slappe av medan eg sjølv hadde mest lyst å springe ned på naonatal for å sjå, halde og få vere med ungane mine.

Det å bli mamma er ein surrealistisk opplevelse, nesten ikkje til å tru. Det å bli mamma til tvillingar en enda meir uverkeleg, det å ikkje få vere saman med dei då er nesten meir enn eit mammahjerte kan tole. For sjølv om eg berre hadde fått sett Eirik, så hadde eg ei sterk tilknytning til dei.

Trøsta var at Paul-Erik var saman med dei, sjølv om det var grusomt å ikkje kunne ha han saman med meg også. Alt var så annleis enn når Matilde kom, då var vi saman med den nyfødte lille prinsessa vår heile tida, og vi kunne nyte augeblikket saman. No var eg heilt utanfor, eg viste ingenting, eg følte meg heilt aleine.
IMG_6879- IMG_6890-

Heldigvis kom Paul-Erik innom etter ei god stund, og han kunne oppdatere meg om at han hadde gitt beskjed til pleiarane om at dei heitte Eirik og Sofie. og at Sofie var tilkopla CPAP, medan Eirik hadde det heilt fint.

Han reiste tilbake til borna, men heldigvis kom det ei grepa jordmor etterkvart som tok tak. Ho sa at den nye neonatalavdelinga er stor nok til senga mi også. Så tok ho med drypp og meg i seng, og trilla meg ned til barna mine. Så tusen takk til deg som handla når eg sjølv ikkje klarte å tenke. Som gav meg akkurat det eg trengte; mann og barn.

IMG_6881-IMG_6895-  
Sofie var tilkopla CPAP så henne fekk eg ikkje halde, berre sjå på frå senga. Det var vondt for ei mamma å berre kunne sjå, men ikkje holde, røre, kysse eller kose på det nyfødde barnet sitt. Men ho kunne heldigvis på kose seg på pappaen.

Eirik fekk då ligge med meg, ein pitteliten babygut.
Eg hugsar eg var heilt forelska i desse vakre skapningane.
Samtidig som eg var livredd det skulle skje dei noko.
IMG_6892-
20130326_193106  20130326_18384620130326_1838322013-03-26 18.00.25   

Dagen vidare gjekk i ein døs. Eg blei trilla på barsel, der fekk vi besøk av mamma og pappa, og den ferske storesysta. Eirik var den einaste ho fekk halde, då Sofie måtte vere att på neonatal. Eg hugsar ho var så glad og så stolt. Samtidig så redd og lei seg fordi ho ikkje fekk sjå Sofie som låg på neonatal.

Men ho glei lett inn i rolla som storesyster,
og Eirik kosa seg godt i hendene til systa.

Natta var heilt surrealistisk, at eg hadde blitt mamma til to vakre barn var utanfor mi fatte-evne. Og å skulle sove utan dei var grusomt vondt! Det eg klamra meg til var at betre tider ville kome. Og det har dei absolutt!

Heldigvis kom dei opp frå neonatal med Eirik så eg fekk gi han mat i løpet av natta.

Dette var mitt fyste døgn som tvillingmamma og trebarnsmor.
Tårene trillar medan eg prøvar å hugse tilbake på korleis det var.

Sjølv om det kanskje kan vere litt grå lesing, så var det ein svært lykkelig dag.
Men med litt humpar i vegen som ein får no og då i livet.
Ikkje den starten eg hadde håpa på, men livet kan ikkje planleggast, det blir som det blir. Og nett no kan eg seie at det har blitt veldig fint til tross for ein humpete start.

Flott Morsdag

Dagen byrja tidlig med nokre runder for å gi morgonflaske til ungane. Men så sovna dei igjen, og når dei ville opp så tok Paul-Erik jobben med å stå opp og stelle dei.

Eg fekk besøk i senga litt over 9, og då var det berre å stå opp til ferdig frukost 🙂
Etterpå fekk eg bruke laaang tid på badet til å få dusje og stelle meg (ein luksus no for tida)

Så kom Matilde med gåve til meg som var akkurat det eg ønska meg! 🙂
2014-02-09 11.40.57

Når ungane vakna etter ei uvanleg lang blund så fekk dei litt mat før vi tok på oss klea og gjekk ut på tur 🙂
2014-02-09 14.06.18
Oppover vollen bar det idag også, ungane i Ergobaby bæresele på ryggen.
Heilt topp for både store og små 🙂
  2014-02-09 13.29.31  2014-02-09 13.48.19
Med ny mobil så blei det eindel knipsing 😉
Vi gjekk over elva i dag også, og vidare opp i skogen.
2014-02-09 13.49.36 2014-02-09 13.56.38
2014-02-09 13.56.41-1 2014-02-09 13.56.44
Vi prøvde å få med ungane på ryggen også på bilde, men dei var ikkje så interessert i den nye sjølvutløysar funksjonen på kamera som knipsa berre nokon smilte 😉
2014-02-09 13.56.53  2014-02-09 13.50.19-1
2014-02-09 14.06.29

Vel heime venta kaka som eg hadde laga sjølv.
Det var sekundet før det ikkje blei noka kake då det var tett før eg klarte å gløyme kremen som sto og blei piska, så den nesten sprakk.
Det var som sagt berre sekund om å gjere før den måtte i bås, så heilt optimal blei den ikkje, men brukandes til heimebruk 😉

Det er ikkje like lett å lage kake når det plutselig er mange som skal ha ein bit av ho mor. Fort gjort å bli distrahert og stresse litt meir enn eg burde.

Men Matilde fekk hjelpe til med å pynte, og vi var alle svært nøgde! 🙂
2014-02-09 14.22.43 2014-02-09 14.23.46 

Ingen hokus pokus middag idag, men ein alle likar er alltid bra 😉
Og så vann Tottenham idag, og då var stemninga i huset sett!
Godt humør og ei blid mamma 😉

2014-02-09 13.56.50

Ei lita oppdatering

Hei hei, her sit eg igjen og nyt kveldssola som skin inn gjennom vindauget mitt oppe på Kontoret/Loftstova.

Ein skal vel ikkje klage når ein har ei slik utsikt 🙂
utsikt 1

Veka som har vore har vore travel
Eg har forbetra nokre karakterar ved å ta oppat 2 eksamenar,
Paul-Erik har begynt på Tekninsk Fagskule i Bergen og har difor vore der i ei veke.
Og så har det vore bryllup på Laurdag til Nelly-Kristin og Runar.

Eg og Matilde baka bollar for litt sidan, ho fekk gjere det ho ville med sin eigen lille deigklump, og det var veldig kjekt!

IMG_0152IMG_0154 IMG_0160 IMG_0165 IMG_0166IMG_0168 IMG_0157  

 

Ellers så var eg og Paul-Erik i bryllup i helga til Nelly-Kristin og Runar.stine og paul  
IMG_0193
Ei Kake blei det også 🙂

Ei kake til eit dåpsbarn blei også i laga i full fart,
Fekk vertfal tilbakemeldingar om at kaka var god 😉
IMG_0191

Ein ting er vertfal heilt sikkert!
Det er at det er godt å ha Pappa heime att! 😀
IMG_0059 IMG_0056

Eg har ei verd å visa deg

Vil du ta handa min ven?
Vil du vera med meg?
Sjå og oppdage verda med meg?

Kom! Bli med meg!
Eg har ei verd å visa deg!
paul gir stine kyss
Eg veit ikkje kva framtida vil bringe,
Eg kan ikkje love deg berre solskinsdagar.
Eg kan heller ikkje lova deg dagar utan tårer.
Dagar utan regn, sludd eller vind.

paul og stine
Men eg kan lova deg at eg skal halde handa di,
kvar dag!
Eg skal tørke kvar ei tåre som renn nedover ditt kinn.
Eg skal tørke deg tørr kvar gong du kjem våt inn.
  stine paul..
Eg skal aldri gå i frå deg,
aldri la deg gå aleine.

Eg skal halde handa di,
så vi skal gå side ved side.
Saman skal vi oppleve kvar dag saman,
Saman skal vi oppdage verda.
Saman skal vi skape vår eiga verd
_195
Vår eiga famile
Vår eigen kvardag

stine paul hytta

Saman skal vi være
For Alltid!

 

%d bloggers like this: