Kom Mai du skjønne milde

Jaggu var vi ikkje midt i Mai. Og det er enno ein gong alt for lenge sidan sist!

Eg trudde det skulle bli meir tid til blogging etter kvart som ungane blei større, og eg blei ferdig med skulen. Men eg har ikkje prioritert det. Det er så mykje anna som står for tur.

Men eg tek atter ein gong ei oppdatering.

DSC_0200

DSC_0280DSC_0281DSC_0286DSC_0292
Dagane går ein dag av gangen, og sofaen er ein samleplass for oss. Litt avlapping for store og små er godt i ein hektisk kvardag. Det er vertfall ingen tvil om at desse to kan kunsten med å lene seg tilbake å slappe av!

DSC_0090DSC_0143DSC_0146
I påska var vi som vanleg på hytta på Grotli saman med mamma og pappa.
Eirik og Sofie hadde bursdag på påskeaftan, så det blei baka kake på hytta, og ungane fekk pynte sjølve med non-stop og smågodt. Inga kake har vel nokon gong smakt betre enn den.
DSC_0098DSC_0101DSC_0127
Litt uteleik blei det også, sjølv om ikkje været var det aller beste heile tida. Men med Nordic-Cab pulk på slep var det ingen problemer for ungane å bli med på tur. Litt meir slitsomt for mora var det. Men det er veldig god å drage. Sjølv for ein utrent langrensløpar som meg.

DSC_0182DSC_0184
Heime var det også feiring med gaver og kaker.
Og eit forsøk på å forevige 3 åringane våre måtte også til.
cats---IMG_4952---IMG_4948---IMG_4954---IMG_4959---IMG_4960---IMG_4961---

Eg prøvde meg med oppblåste ballongar som bakgrunn,
og det blei bra synest eg, litt meir levande.

Nokre bilete av den vakre storesysta blei det også.

IMG_5005---IMG_5006---IMG_5188---IMG_5201---

Vidare kom våren sigande, nokre erlerider blei det.
Men sola kika fram og vi fekk til og med smake litt på sumaren.
DSC_0150DSC_0153DSC_0375IMG_5842DSC_0359IMG_5827DSC_0298DSC_0293DSC_0311DSC_0315
Figaro; pusen vår er vel husets midtpunkt. Verdas mest elska og tolmodige katt. Ungane klappar og kosar på han. Eirik elskar å leike i skogen saman med han, og Sofie kommanderar han som han skulle ha vore ein hund. Helst skal han sove med henne om natta også. Men han veit å trekke seg unna når det blir for mykje.

DSC_0074DSC_0078DSC_0088

Eirik og Sofie er bestevener som dei seier sjølve. Så klart kranglar dei inn i mellom.
Men bandet mellom desse to er berre heilt unikt!

TvillingarEirik og Sofie

DSC_0202DSC_0206DSC_0203
Eirik og Sofie har endeleg flytta ut av sprinkel-sengene sine, og fått seg nye senge frå IKEA. Vi valgte vokse-senger for å få plass på romet til Eirik enn så lenge, og fordi dei rett og slett ikkje treng senger med full lengde enno.
Å få nye senger har vore kjekt for både små og store, og endeleg er det mogleg å lese bok på sengekanten.
Ungane har faktisk lagt seg betre no enn før, og søv veldig godt i dei nye sengene sine.

DSC_0222DSC_0228

Det siste som har stått for tur var dåpen til Frida i dag. Eg og Paul fekk æra av å bli valgt som fadderar, ei oppgåve vi tek på oss med glede. Så då ville eg gjerne gi ei kake til Frida på den store dagen.
Det blei sukkerbunn med  *Jordbærmousse og jordbær, *vaniljekrem, og *krem med jordbær og hakka sjokolade.
Utanpå var det sukkerpasta både trekk og pynt.

Dagen var nydeleg, og vi kosa oss saman med heile familien til dåpsbarnet.

KakefyllJordbærfyllDåpskakeDåpskakeIMG_5890--

I morgon blir det å ordne siste rest før 17 Mai og etter det så skal bryllupsplanlegginga starte meir seriøst.
Vi har bestemt oss for at det blir bryllup i utlandet i 2018. Men kvar veit vi enno ikkje. Det er jo ei heil verd å velje i. Så det er litt av ein jobb å finne den perfekte staden for oss, som vi vil invitere gjestane våre til.

Eirik og Sofie 1 år

Tenk at mine gode, snille og hærlege barn har blitt 1 år.

Formiddagen har for dei vore som vanleg, eg var innom helsestasjonen idag fordi eg ville vege og måle dei på 1års dagen. Men i halv ti tida var der folketomt, og når eg prøvde lukka på nytt kl to så var der låst. Ingen lapp på døra elle nokon ting, anna enn lappen om åpningstid frå 09-15.

Så eg får sjå om dei er der i morgon då. Det kjennest vertfall at det er god trimm å gå trappene med to stykker kring 10 kg i kvar sin bilstol på kvar si arm opp og ned 😉

Elles så har eg stressa litt med å få istand til familien skulle komme å feire, ikkje så lett å få alt på plass når enn helst vil kose-mose-med-overdose på dei to små so står og held i kvart sitt buksebein.

Flagget har blitt heisa til topps, og sola skein medan fuglane kvittra.
Bordet blei pynta og sjølv om kaka eg laga i går hadde krølla seg litt over natta, så låg alt ann til å bli ein flott dag 🙂
IMG_9375-

IMG_9382--
Matilde har delt ut kos og klem i massevis idag, og sjølv om ungane ikkje har hatt store forventningar til dagen. Så har ho heilt klart gleda seg masse.
Sitat Matilde; Ditte he vore den beste bursdagen som ikkje he vore min.
Og så fekk ho vere pakkemeister, sidan ho meinte at Eirik og Sofie ikkje hadde heilt dreisen på dette enno.

IMG_9388--
Familien samla for taco, og det var endeleg kjekt å kunne invitere alle saman og samle oss rundt eit bord 🙂
IMG_9387--
Eirik har begynt å gå, og sidan han sanka mykje applaus og merksemd for dei fyste 5 stega, så var det berre å gå på. Så på slutten vart det mange steg bortover golvet, med eit stort glis om munnen.

IMG_9398--
Det blei bursdagssong og blåsing av lys, og selfølgelig fekk dei sitt aller fyste eige kakestykke til å “smake” på.
IMG_9412- IMG_9434-IMG_9422--IMG_9417- IMG_9425-- IMG_9432-- 
Eg kan seie såpass at det blei stor sukksess, med mykje rot.
Men absolutt verdt det! Eirik såg ut som han ville prøve å få heile biten i munnen på ein gong. Og syntest det var kjipt når fatet var tomt. Sofie hadde det like gøy med å grise som å nyte det herlege kakestykket.

Litt graut fekk vi også skvisa inn før begge to stupte i seng.
Etter rydding og vasking så enda eg endeleg her.
Eg har vel knapt nok sitte på baken sidan klokka 07 idag.

Blogginnlegget posta idag tidleg, låg på autopublisering frå i går.
Og bileta på instagram @Lykkeligkoas blei posta i hyrten og styrten. 
Så då er det ekstra kjekt å logge seg på data og mobil å sjå over alle hyggelige meldingar på sms, instagram, facebook og snapp 🙂

Så etter dette skal eg prøve å få svart alle saman 🙂
Og så må eg få gratulert alle som også har bursdag idag.
Eg har til no komt på 11 stykker som har bursdag idag. 
Og 5 av dei blir 1 år idag, inkludert Eirik og Sofie.
Så det er ein populær dato 26 Mars 🙂

Spiselig Bilde til kake

 

Sidan det nærmar seg 1års-dag for Eirik og Sofie med stormskritt, så må eg begynne å planlegge litt.
Det er ikkje gjort på eit blunk å lage kake, eller rettare sagt pynte kake.
Og eg vil så indelig gjerne lage nokre flotte kaker til dagen deira.
Erfaring har vist seg at eit spiselig bilde på toppen av kaka, er ein rask måte å få ei fin kake på.
Eg har prøvd det før, og tenkte at dette kunne vere redninga når ein vil ha personlige og fine kaker, men ikkje har tid.
IMG_20120803_131455 322883_10151346034135221_557008310_o
Så denne gongen bestilte eg fire bilete.
Eg har eigentleg berre planar om å lage to kaker, men det er greit å ha litt ekstra i tilfelle eg smeller til med fleire medan eg er i gang 😉
2014-03-19 14.39.32
Dei to øverste er edible icing, dei verka betre på både kvalitet og smak
(Eg klipte av litt av det kvite rundt og smakte på dei)
Dei to nederste er på rispapir, ikkje så gode på smak, og ikkje så fine bilete som dei andre.
Eg har tatt bilete med både speilrefleks, og med mobil, og ser heilt klart at det er best å bruke dei som er tatt med kamera, sjølv om dei tatt med mobilen også går heilt fint 🙂
Eg har kjøpt dei på Ebay 🙂 Her er linken til dei to øverste på edible icing
http://www.ebay.com/itm/130683046147?ssPageName=STRK:MEWNX:IT&_trksid=p3984.m1439.l2649
Det runde bildet kosta ca 45,- og frakta var 25,-

Eg kjøpte dei på Søndag, og dei var i postkassa mi idag Onsdag.
Så veldig rask levering!
Men eg skreiv også at eg håpa på det sidan selskapet eg neste veke 🙂

Det avlange på rispapir er litt billigare på ca 25,- (frakta er den samme)
http://www.ebay.com/itm/140741337738?ssPageName=STRK:MEWNX:IT&_trksid=p3984.m1439.l2649

Flott Morsdag

Dagen byrja tidlig med nokre runder for å gi morgonflaske til ungane. Men så sovna dei igjen, og når dei ville opp så tok Paul-Erik jobben med å stå opp og stelle dei.

Eg fekk besøk i senga litt over 9, og då var det berre å stå opp til ferdig frukost 🙂
Etterpå fekk eg bruke laaang tid på badet til å få dusje og stelle meg (ein luksus no for tida)

Så kom Matilde med gåve til meg som var akkurat det eg ønska meg! 🙂
2014-02-09 11.40.57

Når ungane vakna etter ei uvanleg lang blund så fekk dei litt mat før vi tok på oss klea og gjekk ut på tur 🙂
2014-02-09 14.06.18
Oppover vollen bar det idag også, ungane i Ergobaby bæresele på ryggen.
Heilt topp for både store og små 🙂
  2014-02-09 13.29.31  2014-02-09 13.48.19
Med ny mobil så blei det eindel knipsing 😉
Vi gjekk over elva i dag også, og vidare opp i skogen.
2014-02-09 13.49.36 2014-02-09 13.56.38
2014-02-09 13.56.41-1 2014-02-09 13.56.44
Vi prøvde å få med ungane på ryggen også på bilde, men dei var ikkje så interessert i den nye sjølvutløysar funksjonen på kamera som knipsa berre nokon smilte 😉
2014-02-09 13.56.53  2014-02-09 13.50.19-1
2014-02-09 14.06.29

Vel heime venta kaka som eg hadde laga sjølv.
Det var sekundet før det ikkje blei noka kake då det var tett før eg klarte å gløyme kremen som sto og blei piska, så den nesten sprakk.
Det var som sagt berre sekund om å gjere før den måtte i bås, så heilt optimal blei den ikkje, men brukandes til heimebruk 😉

Det er ikkje like lett å lage kake når det plutselig er mange som skal ha ein bit av ho mor. Fort gjort å bli distrahert og stresse litt meir enn eg burde.

Men Matilde fekk hjelpe til med å pynte, og vi var alle svært nøgde! 🙂
2014-02-09 14.22.43 2014-02-09 14.23.46 

Ingen hokus pokus middag idag, men ein alle likar er alltid bra 😉
Og så vann Tottenham idag, og då var stemninga i huset sett!
Godt humør og ei blid mamma 😉

2014-02-09 13.56.50

Morsdagskake

Eg har ikkje baka på evigheiter, ikkje sidan bursdagen til Matilde i August trur eg.
 Og det var ikkje mykje kake å skryte av.

Men med full jobb, tvillingar med kolikk, som blei fullamma og ikkje sov.
Så var det bragd nok i seg sjølv at det blei både kake og selskap 😉

Jenta fekk pynte den sjølv, og var meget fornøgd.
Men har presisert at i år må vi lage noko litt finare, og ho har allereie planane klare 😉

No er det morsdag som står for tur, og sjølv om Paul-Erik faktisk har slått til å baka kake til meg før. Så måtte eg trå til å bake sjølv i kveld, om det skal bli kake i morgon.
(Han har nemleg også begynt å kjenne på denne sjuka)

Faktisk så kom lysta til å bake igjen snikande innpå meg no når sjuka begynte å forlate kroppen. Men det er ikkje noko avansert eg startar opp igjen med.

No står ein heilt enkel sukkerbunn i ovnen, så enkel at eg enno ikkje har klart å feile når eg lagar den. Eg var litt skeptisk når eggedosisen ikkje blei heilt stiv i begynnelsen, men etter ei god stund på passeleg hastigheit så blei den som den skulle. 🙂

Planen er å lage det eg sjølv kalla “beste kake” når eg var liten, ei heilt enkel kake av sukkerbunn fylt med vaniljekrem, og dekt med sjokoladekrem (Krem blanda med smelta kokesjokolade)

Ei kake eg måtte ha til kvar bursdag når eg var yngre, og no kjende eg at jammen hadde det smakt godt med den igjen 😉

Matilde har blitt lovd at ho skal få pynte den, så no håper eg at bunnen kjem ut som den brukar, til tross for ny ovn 😉

God Natt alle saman 😉
Og så får eg håpe alle mødre får ein fantastisk fin morsdag i morgon! 🙂

Kake

Kake på bestilling til Marie som skal gå av med pensjon
34032_10150217154840221_809385220_13054729_2156476_n
(mobil bilde)

Sukkerbunn med

-Jordbærsylte, Krem og friske jordbær
– Vaniljekrem og friske jordbær
– Jordbærsylte,Krem og friske jordbær

Brukte den Noras Rørte Jordbærsyltetøy som ligg i frysedisken.

*Vanilla Icing rundt kaka og MMF lokk

*Blomar av sukkerpasta

This entry was posted in Kake.

Sumarfuglar av Royal Icing

Då kjem det ei etterspurt forklaring på korleis ein lagar sumarfuglar. Trinn for trinn.

Her har eg brukt Royal Icing, men ein kan også bruke smelta sjokolade.

ROYAL ICING
– 1 Eggekvite
– Melis
– (Farge?)
IMG_3093 Ha ei eggekvite i ei skål
IMG_3108
Pisk eggekvita kvit
IMG_3109
Bland i melis til blandinga blir så tjukk som mogleg.
MEN hald godt på skåla!
IMG_3110
Eller så kan dette skje 😉
IMG_3111
Du kan også blande i farge om du vil.
Det beste er nok å bruke pastafarge som du får kjøpt på Stil og Stemning i Ørsta. om ikkje så er det lurt å begrense konditorfargen litt for du kan oppleve at icingen ikkje stivnar om du har for mykje konditorfarge i.

sommerfugler2[8] Print ut dette arket
IMG_3095
Og legg plastikk over. IMG_3098
Fyll ein pose med royal icing og klipp eit passeleg hol i enden
IMG_3099
Teikn etter omrisset på sumarfuglane.
Det er lurt å lage litt operom mellom vengane så dei ikkje stivnar saman.
IMG_3101
Så kan du fylle dei med valfri farge og pynte dei.
La dei så ligge for å stivne, gjerne natta over for å vere sikker.
IMG_3107
Mine vart ikkje heilt størkna under pga. konditorfarge. så eg tok dei forsiktig av og la dei oppned så dei skulle få størkne skikkeleg.
     IMG_3113
Brett så ein M av litt stivt papir /papp. Her har eg brukt framsida på eit reklame blad.
Og legg plastikk over
IMG_3115
Sprøyt ei remse med Royal Icing til kroppen og legg vengane på kvar side så det formar ein sumarfugl. Du kan og sprøyte på følehorn om du vil.
IMG_3114
Eg gløymde å ta bilete av dette steget, men la sumarfuglane ligge i M-forma til det har størkna og så kan du feste dei på kaka.

rosa sommarfugl  
Sumarfuglar av Royal Icing
sumarfugl-kake
Sumarfuglar av kvit og mørk sjokolade

This entry was posted in Kake.

Sukkerpasta

I dag ville eg prøve noko nytt
Sukkerpasta skal vere litt betre å lage blomar av så eg hoppa i det

IMG_3076
Du treng:
– 1 ss Gelatinpulver
– 4 ss Kaldt vatn
– 30gr Flott Matfett
– 120 gr flytande Glukose/ Lys Sirup
– Ca 840gr Melis

IMG_3068
Bland 1 ss Gelatinpulver med 4 ss kaldt vatn
IMG_3069 Sett det i ei vannbad så gelatinen løyser seg opp i vatnet
IMG_3070 Tilsett 30gr Flott Matfett og rør til det smeltar
IMG_3073Tilsett 120gr Lys Sirup (evnt. Flytande Glukose)
IMG_3074
Rør medan skåla står i vannbadet til det smeltar

Eg ser nokon arbeidar med deiga for hand, men eg nyttar meg av Kenwood maskina mi til resten.

Eg tømde sirupblandinga i miksarbollen og tilsatte litt farge (Kjøpt på Stil og Stemning i Ørsta) Ein liten knivspiss var nok til mi deig som skulle bli rosa
IMG_3077

IMG_3081
Tilsett melis til deiga er fin og smidig, men litt klissete.
IMG_3082
IMG_3084
Her er den ferdige deiga.
Eg tok ein liten bit for å prøve
Og brukte Maizenna til å legge under deigklumpen når eg kjevla den ut, noko som fungerte veldig bra!
IMG_3090
Nokre test roser.
Eg kom på kvifor eg ikkje lagar roser oftare, for det tek mykje tid og tolmod frå ei som ikkje har det!
Ikkje er eg noko flink til det heller!

This entry was posted in Kake.

MokkaKake

MokkaKake er nesten det same som sjokoladekake, vertfal i same kategori, berre saftigare og denne versjonen er Glutenfri!

Glutenfri MokkaKake

150gr   Margarin
2,5 dl   Sukker
2,5 dl   Potetmjøl
2 ts        Bakepulver
3             Egg
3-4 ss   BakeKakao
2-3 ss   Espresso

*Rør margarinen mjuk og luftig
*Tilsett sukker
*Rør smør og sukker kvitt
*Bland i potetmjøl og bakepulver
*La miksaren gå ei stund
*Tilsett eitt egg i gongen

Hell røra i ei smurt kakeform (eventuelt dekt med bakepapir)
Settes på rist, i nedre del av omnen 150C ca 1 time

Kaka er lettare å dele i lag når den har stått ei stund å kjølt seg av i forma, gjerne til neste dag.
(Sett forma opp ned på eit bakepapir å la den kvile til neste dag før du delar den og har i fyll og dekorerar den)

Kan og serverast utan fyll 🙂

This entry was posted in Kake.

Ei lita oppdatering

Hei hei, her sit eg igjen og nyt kveldssola som skin inn gjennom vindauget mitt oppe på Kontoret/Loftstova.

Ein skal vel ikkje klage når ein har ei slik utsikt 🙂
utsikt 1

Veka som har vore har vore travel
Eg har forbetra nokre karakterar ved å ta oppat 2 eksamenar,
Paul-Erik har begynt på Tekninsk Fagskule i Bergen og har difor vore der i ei veke.
Og så har det vore bryllup på Laurdag til Nelly-Kristin og Runar.

Eg og Matilde baka bollar for litt sidan, ho fekk gjere det ho ville med sin eigen lille deigklump, og det var veldig kjekt!

IMG_0152IMG_0154 IMG_0160 IMG_0165 IMG_0166IMG_0168 IMG_0157  

 

Ellers så var eg og Paul-Erik i bryllup i helga til Nelly-Kristin og Runar.stine og paul  
IMG_0193
Ei Kake blei det også 🙂

Ei kake til eit dåpsbarn blei også i laga i full fart,
Fekk vertfal tilbakemeldingar om at kaka var god 😉
IMG_0191

Ein ting er vertfal heilt sikkert!
Det er at det er godt å ha Pappa heime att! 😀
IMG_0059 IMG_0056

Gratulerer med dagen kjære Bror!

Idag blei min kjære Bror Frode 29 år.

Det måtte sjølvsagt feirast!
Med både Kake og Kort!

IMG_8795
Gratulerer med dagen Bror!
IMG_8796
 
Skikkeli Kremkake med bløtkakebotn og rikeleg med krem og jorbær mellom laga.
MmmmmmM den var god om eg skal seie det sjølv, Veldig God! 🙂

IMG_8802
Dagen idag har no berre vore kjempefin!
Sjølv om eg ikkje har fått nytt den så mykje pga. baking og eksamenslesing.
men kvelden blei lang og fin den og.
Her er Matilde kl 20, ho ville ikkje inn å legge seg.
Men det var ei dautrøtt jente som sovna momentant ein 20 min seinare.

 

Minner alle om den store kampen i morgon!

Åmdal – Ørsta

Avspark 15:00

Programmet byrjar 14:00

Heime på Åmdal Gras

Heia Åmdal!

Kom alle sammen bli med!

Korleis gjer enn det? ; Kakefyll og Kakepynt

IMG_8632 IMG_8633
Del kaka i fleire lag, det er ikkje nødvendig å ta av bunnen frå kakeforma enda

IMG_8634 IMG_8635
sett påigjen ringen,  og kle kanten med nytt bakepapir.

EG SKAL NO FYLLE KAKA MED BRINGEBÆRMOUSE

IMG_8638IMG_8637  
Lag først Gele’en, eg lagar den med berre 3 dl vatn istaden for 5.
Den skal stå til den er avkjølt, men ikkje stivna, den skal fortsatt bevege seg i bollen.
Så piskar eg ein pakke med fløte til krem.

IMG_8639 IMG_8640 
Så tømer eg sakte gele’en i nesten stivpiska krem og let det blandast godt.

IMG_8642  IMG_8643
Om Mousen virkar litt rennande kan den stå ei lita stund til den tjuknar litt meir.
Så heller du passeleg mengde på bunnen, her kan du godt legge på bær også 🙂
Og så legg du på midterste laget

IMG_8644 IMG_8645 IMG_8646
Hell på resten, legg på toppen og sett den i kjøleskapet ei lita stund

IMG_8648 IMG_8650
Etter ein timestid i kjøleskapet tek du den ut, tek av ringen på forma og løsnar forsiktig på bakepapiret.
Du kan også skrape av eventuelt overflødig mouse frå kantane på kaka.

IMG_8651 IMG_8652
Restane puttar du i ein bolle og gir til nærmaste søthungrige unge 😉

SÅ DEKKJER DU KAKA MED SMØR KREM
(dette gløymde eg å ta bilete av, veit ikkje kvifor, men sånn blei det)

Det er ikkje vanskeleg å lage.
Berre hugs på at smøret og matfettet er romtemperert!

Eg legg ut fleire oppskrifter:

Kvit Smørkrem:
(med melk)
– 50 gr Margarin
– 50 gr Flott Matfett
– 300 gr Melis
– 1 1/2 ts Vaniljesukker
– 3 ss Melk

Sjokolade Smørkrem:

– 100 gr Margarin
– 100 gr Melis
– 1,5 ts Kakao
– 1,5 ts vaniljesukker
– 3 ss Kaffe

 

SÅ BAKAR EG UT MMF’en
IMG_8653 IMG_8654
legg den over kaka og prøvar så godt eg kan og glatte ut alle folder.

IMG_8655 IMG_8656 IMG_8657
Så skjer eg ca 5 cm ekstra rundt kanten, flippar kaka opp-ned og tek av bunnen
Så pakkar eg kanten under kaka og snur den rett vei igjen på kakefatet den skal stå på.

Dette kan vere litt risky så om fyllet ikkje er like stivt som mouse bør du nok ta den av kake fatet på litt meir tradisjonelt vis.

Til å pynte med har eg brukt ROYAL ICING, denne kan brukast til mykje rart.
Du kan lage tiara som dette

IMG_8658

Oppskrifta på Royal Icing er

-1 eggekvite
-1/2 ts sitronsaft
– Melis

nesten stivpisk eggekvita til den er kvit
tilsett så melis og sitronsaft.
det skal bli ei tjukk masse så eg brukar miksmaster.

Du kan tilsette konditorfarge ,men ver obs på at for mykje kan hindre at massa stivnar.

 IMG_8682 IMG_8683
Denne gongen har eg laga sumar fuglar.
(gløymte å ta bilete av denne prosessen også)

Du printar ut dette arket:
sommerfugler2
Legg ein brødpose over og teiknar etter kantane
Besøk denne sida for å sjå meir detaljert : http://www.festkaker.no/teknikker/42-icing/337-sommerfugler
Mine er ikkje like fine, men det var fyste gongen.

Det er også denne blandinga er brukar når eg skriv rundt figurar på dei andre kakene.
Slik blei kaka:

IMG_8685 IMG_8680
IMG_8678

This entry was posted in Kake.

Korleis gjer enn det? ; Sukkerbunn

Sukkerbunn/bløtkakebotn

Du treng:

8 egg
195 gram sukker
95 gram kveitemjøl
55 gram Potetmjøl
45 gram smelta smør

Eg brukar to kjøkken maskiner for eggekvitene og eggeplommene skal piskat kvar for seg.
blogg mai 2009 006
Skil 8 egg                             Ha eggekvitene i ein bolle og Eggeplommene i den andre 
blogg mai 2009 007 blogg mai 2009 008
Lag til 195 gram sukker
 blogg mai 2009 009 
Fordel sukkeret mellom eggeplommene og eggekvitene medan dei blir piska på maks styrke
 blogg mai 2009 012 blogg mai 2009 011
Lag til 95 gram kveitemjøl og 55 gram Potetmjøl og 45 gram Melange
blogg mai 2009 013 blogg mai 2009 014  blogg mai 2009 016

Legg bakepapir over bunnen til springforma og fest fast bunnen
til denne oppskrifta har eg brukt form “22 (trur eg)
blogg mai 2009 017 blogg mai 2009 019

Klipp så til rundt kanten som dette
 blogg mai 2009 020 blogg mai 2009 021

ta ei lengde med bakepapir litt lenger enn omkretsen på forma, rull den motsattretning av det den er rulla og klipp av i passeleg høgde så den får plass i ovnen når bakepapiret står i forma. Sett bakepapiret rundt kanten som vist på bildet.
blogg mai 2009 022 blogg mai 2009 023 blogg mai 2009 024
Dette er for å hindre at kaka renn over om den hevar over kanten, det er også mykje enklare å ta kaka ut av forma og få beine fine kantar etterpå.

Når kvita og plommene er stivpiska skal du sikte kveitemjølet og potetmjølet i eggeplommene
blogg mai 2009 025 blogg mai 2009 026
Sikt litt og litt i eggeplommene medan du vender det i med ein slikkepott
blogg mai 2009 027 blogg mai 2009 028
Det blir ganske tjukt , berre fortsett til alt mjølet er vendt godt inn utan klumpar.
Vendt så inn eggekvitene litt om gangen, hugs å vere varsam så du ikkje slår ut lufta.
blogg mai 2009 029  blogg mai 2009 031 
Når all eggekvita er blanda i så blandar du i det smelta smøret.
 blogg mai 2009 033 blogg mai 2009 034 blogg mai 2009 035
Hell røra i forma
blogg mai 2009 036

Sett den ca midt i omnen 175 C i 25-35 min 
blogg mai 2009 037
For å sjekke om den er ferdig stikk eit sugerør, bakepinne eller strikkepinne i midten å sjå om det heng att noko blaut røre på, er pinnen tørr er kaka ferdig er det røre på må den stå litt til. 
blogg mai 2009 038
Når kaka er ferdig kan du klippe av bakepapiret på sidene, og snu den oppned på eit bakepapir.
Om kaka har heva mykje over ringen er det best å la den kjøle “riktig vei” på kjøkkenbenken.
blogg mai 2009 039
Lat den stå å kvile i stund, gjerne nokre timar, om du vil kan den gjerne stå til neste dag.

Så snu den, ta av bakepapiret og voila den er klar til å bli delt i fleire lag 🙂

blogg mai 2009 044blogg mai 2009 045

This entry was posted in Kake.

Korleis gjer enn det? ; MMF

No skal de få vite dei enkle trinna til MMF (Marsmallows Foundant)

Denne brukar eg til å dekkje kakene med,lage roser og andre figurar 🙂

Du treng:
-1 pose Marsmallows
-2 ss Flott Matfett
– 2 ss Vatn
-500-1000 gr Melis

Eventuelt farge

003Ta ein pose marsmallows å ha dei i ein dobbelt så stor bolle

006 
Smelt to spiseskeier med Flott matfett

009 
hell 2 spiseskeier vatn over marsmallowsen

012014
Smelt smøret og leit fram litt over ein pakke med melis

016 017 
Ha på eltekrok på kjøkkenmaskina, og set det smelta matfettet på ei brikke, dette er veldig varmt!

019 
Set bollen med marsmallows i mikrobølgeovnen
Maksstyrke  i ca 3 min

021 023
Leit fram slikkepott (denne er kjempego og kjøpt på europris)
Og eventuelt farge om du vil farge deiga
Du kan bruke vanleg konditirfarge
022
Eller farge frå wilton, desse er dyrare (ca 70,-) men du brukar mindre av dei. Du får kjøpt dei på stil og stemning i ørsta, eller på Jernia på Moa.

024 026
Følg godt med på Marsmallowsen, etter ei stund har den est opp, og når den ser omtrent slik ut tek du den ut
027 028
Rør i den med slikkepotten så det blir ei jevn røre.
029
Sett den i Mikroen ei lita stund til
030 031 
Ta ut etter ei lita stund og rør enda eingong til alt er rennande
032 035
Hell i det smelta matfettet og rør godt om
036  039
No kan du tilsette den fargen du vil, vil du ha deiga kvit kan du hoppe over dette.
041 042 
Hugs at det skal over 500 gr melis med så den blir lysare enn den ser ut som
Så her har eg enda litt farge i
044 045 
Hell blandinga i miksebollen
 046 047 
bland i melis, litt og litt til deiga begynner å sleppe bollen.
Når du stikk fingeren borti deiga skal den ikkje henge att på fingeren.
049 
Gjer klar ei bakematte eller ein benk, Ha klart melis og litt kveitemjøl.
051 052 
Det er ikkje lett å beregne konsistensen når den er i kjøkkemaskina så det kan vere ein fordel å kna siste delen av melisen inn i deiga, då blir den smidig og god utan luftbobler.

Når du skal bake ut kan det vere ein fordel å ha kveitemjøl under i staden for melis,
dette er fordi det set seg lettare fast i underlaget om du brukar melis.
Men om du vil fortsette å halde deiga glutenfri så er det berre å bruke melis, men husk å løfte på deiga ofte.

Om du skal oppbevare den til seinare så kan du legge deiga i ein lufttett pose og legge den i kjøleskapet. Der kan den halde seg i fleire veker.
053

Når du skal bruke den så skjer av så stort stykke du trur du vil trenge og legg det i  mikroen i 10-30 sekund.
Pass godt på for deiga skal berre bli mjuk nok til å eltast, den skal ikkje smelte.

057  058
054
Elt den nokre gongar i melis til deiga blir mjuk og samarbeidsvillig,
Er den for hard, legg den i mikroen litt til
Set den seg fast i underlaget, elt den i melis til den følest betre
Før utkjevlinga strør eg på Kveitemjøl, så eg skal unngå at den set seg så fast i underlaget
Så kjevlar eg ut deiga,
eg snur ofte på den og roterar den
Denne kjevla frå Europris i silikon, gir ei glatt og fin deig.
055
Er det att mjøl på MMF’en så er det berre å tørke av med eit tørt papir,
ein tørr rein klut eller lignande.
Etter utkjevling legg du MMF’en over kaka som er dekt i smørkrem.

059

Fleire “Korleis gjer enn det?”
Kjem snart.

Kom gjerne med ynskje 🙂 !

This entry was posted in Kake.
%d bloggers like this: