Kom Mai du skjønne milde

Jaggu var vi ikkje midt i Mai. Og det er enno ein gong alt for lenge sidan sist!

Eg trudde det skulle bli meir tid til blogging etter kvart som ungane blei større, og eg blei ferdig med skulen. Men eg har ikkje prioritert det. Det er så mykje anna som står for tur.

Men eg tek atter ein gong ei oppdatering.

DSC_0200

DSC_0280DSC_0281DSC_0286DSC_0292
Dagane går ein dag av gangen, og sofaen er ein samleplass for oss. Litt avlapping for store og små er godt i ein hektisk kvardag. Det er vertfall ingen tvil om at desse to kan kunsten med å lene seg tilbake å slappe av!

DSC_0090DSC_0143DSC_0146
I påska var vi som vanleg på hytta på Grotli saman med mamma og pappa.
Eirik og Sofie hadde bursdag på påskeaftan, så det blei baka kake på hytta, og ungane fekk pynte sjølve med non-stop og smågodt. Inga kake har vel nokon gong smakt betre enn den.
DSC_0098DSC_0101DSC_0127
Litt uteleik blei det også, sjølv om ikkje været var det aller beste heile tida. Men med Nordic-Cab pulk på slep var det ingen problemer for ungane å bli med på tur. Litt meir slitsomt for mora var det. Men det er veldig god å drage. Sjølv for ein utrent langrensløpar som meg.

DSC_0182DSC_0184
Heime var det også feiring med gaver og kaker.
Og eit forsøk på å forevige 3 åringane våre måtte også til.
cats---IMG_4952---IMG_4948---IMG_4954---IMG_4959---IMG_4960---IMG_4961---

Eg prøvde meg med oppblåste ballongar som bakgrunn,
og det blei bra synest eg, litt meir levande.

Nokre bilete av den vakre storesysta blei det også.

IMG_5005---IMG_5006---IMG_5188---IMG_5201---

Vidare kom våren sigande, nokre erlerider blei det.
Men sola kika fram og vi fekk til og med smake litt på sumaren.
DSC_0150DSC_0153DSC_0375IMG_5842DSC_0359IMG_5827DSC_0298DSC_0293DSC_0311DSC_0315
Figaro; pusen vår er vel husets midtpunkt. Verdas mest elska og tolmodige katt. Ungane klappar og kosar på han. Eirik elskar å leike i skogen saman med han, og Sofie kommanderar han som han skulle ha vore ein hund. Helst skal han sove med henne om natta også. Men han veit å trekke seg unna når det blir for mykje.

DSC_0074DSC_0078DSC_0088

Eirik og Sofie er bestevener som dei seier sjølve. Så klart kranglar dei inn i mellom.
Men bandet mellom desse to er berre heilt unikt!

TvillingarEirik og Sofie

DSC_0202DSC_0206DSC_0203
Eirik og Sofie har endeleg flytta ut av sprinkel-sengene sine, og fått seg nye senge frå IKEA. Vi valgte vokse-senger for å få plass på romet til Eirik enn så lenge, og fordi dei rett og slett ikkje treng senger med full lengde enno.
Å få nye senger har vore kjekt for både små og store, og endeleg er det mogleg å lese bok på sengekanten.
Ungane har faktisk lagt seg betre no enn før, og søv veldig godt i dei nye sengene sine.

DSC_0222DSC_0228

Det siste som har stått for tur var dåpen til Frida i dag. Eg og Paul fekk æra av å bli valgt som fadderar, ei oppgåve vi tek på oss med glede. Så då ville eg gjerne gi ei kake til Frida på den store dagen.
Det blei sukkerbunn med  *Jordbærmousse og jordbær, *vaniljekrem, og *krem med jordbær og hakka sjokolade.
Utanpå var det sukkerpasta både trekk og pynt.

Dagen var nydeleg, og vi kosa oss saman med heile familien til dåpsbarnet.

KakefyllJordbærfyllDåpskakeDåpskakeIMG_5890--

I morgon blir det å ordne siste rest før 17 Mai og etter det så skal bryllupsplanlegginga starte meir seriøst.
Vi har bestemt oss for at det blir bryllup i utlandet i 2018. Men kvar veit vi enno ikkje. Det er jo ei heil verd å velje i. Så det er litt av ein jobb å finne den perfekte staden for oss, som vi vil invitere gjestane våre til.

1-åringane mine

Då har vi vore på helsestasjonen for å få vekt og lengde på desse herlige barna.

Det er så arti å samanlikne med Matilde på denne alderen, for Matilde sine mål er midt mellom Eirik og Sofie. Eirik er litt større, og Sofie litt mindre, og så Matilde midt i mellom.

Eg fekk tatt mål av Matilde også når ho var 1 år og 3 dagar gammal, så då er det lett å samanlikne.

Eirik     var 9300gr og 76cm
Matilde   var 8780gr og 75cm
Sofie    var 8350gr og 71cm

små perfekte barn, som kanskje kan få seg nye bilstolar snart 😉

297_61445230220_8748_n

IMG_9306- 2014-03-15 09.36.52
Alle seier Sofie er så kliss lik Matilde, og ho er veldig lik. Men eg blei litt overaska når eg leitte fram bilete frå når Matilde var like gammal, og ser at det er litt større forskjell enn eg trudde. Sjølv om alle ungane våre er veldig søskenlike.

IMG_9267-
Eirik er sjarmøren vår, ein tøysekopp som kan lyse opp ein grå dag.
Han er tøff og prøver gjerne nye ting, han har mange knall og fall, men også mange meistringar. Han begynte å gå i går på dagen sin, og er veldig stolt sjølv. Han elskar å få applaus og ros, og prøvar gjerne å briefe litt for å imponere.

Eirik er ein kosegut, som gjerne kjem opp på fanger og krøllar seg inn i armane for kos og suss. Han er entusiastisk, og det er lett å høyre når han finn på noko spennande og morosamt. Då hoyar og ler han, den trillande latteren er så hjertelig at du har vel ikkje høyrt betre.

Dette er verkeleg verdas beste lillebror, han gir oss så mykje glede i kvardagen. Han er aktiv og held oss i aktivitet, for han kan vere rask til å seie frå når han vil ha merksemd og samvær. Då er det godt med ei storesyster som vil leike og tulle, og ei tvillingsyster som alltid blir med på fantestrekar.

IMG_9306-

Sofie er ein liten flørt, ho smiler og sjarmerar i senk. Når ho pratar så er ho oftast så mjuk og mild at ein skulle tru ho var like mild og god som dagen er lang. Men ho er ei lita fantejente som likar å snike seg avgårde når ingen ser for å gjere rampestrekar. Ho elskar å saumfare skap, skuffer og utforske nye rom. Ekstra kjekt er det om ho får med seg broren på morroa.

Ho elskar å klatre, og å kome seg over, gjennom og under hindringar. Ho tek gjerne vegen under tripptrappstolen og mellom alle stolbeina før ho kjem fram berre for å ha litt hindringar på vegen. Ho stormar mot trappa til loftet når døra av og til står open, for det å klatre trapp med mamma bak som passar på, er kjempekjekt.

Sofie tenker og vurderar, ho ser løysingar og klarar å finne ut korleis ho kan klare å kome seg opp i sofen, og ho gir seg fort med å gå om det blir for skummelt. Samtidig så meistrar ho det meste når ho fyst prøvar seg.

Ho likar musikk og syng gjerne med. Ho bablar og pratar, og gir klart uttrykk når det er noko ho ikkje likar eller vil.

IMG_8945IMG_8935
Saman er dei ein herlig duo! Dei finn på mange fantestrekar saman, og verdas beste følelse er når eg høyrer rungande barnelatter frå dei to som har funne seg ein refleksvest å leike med i gangen, eller Sofie latar som ho nys.

Sjølv om det er lugging og dasking, saman med stjeling av leiker og konkurranse om å ha mamma aleine. Så er det mykje glede.

Eirik og Sofie 1 år

Tenk at mine gode, snille og hærlege barn har blitt 1 år.

Formiddagen har for dei vore som vanleg, eg var innom helsestasjonen idag fordi eg ville vege og måle dei på 1års dagen. Men i halv ti tida var der folketomt, og når eg prøvde lukka på nytt kl to så var der låst. Ingen lapp på døra elle nokon ting, anna enn lappen om åpningstid frå 09-15.

Så eg får sjå om dei er der i morgon då. Det kjennest vertfall at det er god trimm å gå trappene med to stykker kring 10 kg i kvar sin bilstol på kvar si arm opp og ned 😉

Elles så har eg stressa litt med å få istand til familien skulle komme å feire, ikkje så lett å få alt på plass når enn helst vil kose-mose-med-overdose på dei to små so står og held i kvart sitt buksebein.

Flagget har blitt heisa til topps, og sola skein medan fuglane kvittra.
Bordet blei pynta og sjølv om kaka eg laga i går hadde krølla seg litt over natta, så låg alt ann til å bli ein flott dag 🙂
IMG_9375- IMG_9382--
Matilde har delt ut kos og klem i massevis idag, og sjølv om ungane ikkje har hatt store forventningar til dagen. Så har ho heilt klart gleda seg masse.
Sitat Matilde; Ditte he vore den beste bursdagen som ikkje he vore min.
Og så fekk ho vere pakkemeister, sidan ho meinte at Eirik og Sofie ikkje hadde heilt dreisen på dette enno.

IMG_9388--
Familien samla for taco, og det var endeleg kjekt å kunne invitere alle saman og samle oss rundt eit bord 🙂
IMG_9387--
Eirik har begynt å gå, og sidan han sanka mykje applaus og merksemd for dei fyste 5 stega, så var det berre å gå på. Så på slutten vart det mange steg bortover golvet, med eit stort glis om munnen.

IMG_9398--
Det blei bursdagssong og blåsing av lys, og selfølgelig fekk dei sitt aller fyste eige kakestykke til å “smake” på.
IMG_9412- IMG_9434-IMG_9422--IMG_9417- IMG_9425-- IMG_9432-- 
Eg kan seie såpass at det blei stor sukksess, med mykje rot.
Men absolutt verdt det! Eirik såg ut som han ville prøve å få heile biten i munnen på ein gong. Og syntest det var kjipt når fatet var tomt. Sofie hadde det like gøy med å grise som å nyte det herlege kakestykket.

Litt graut fekk vi også skvisa inn før begge to stupte i seng.
Etter rydding og vasking så enda eg endeleg her.
Eg har vel knapt nok sitte på baken sidan klokka 07 idag.

Blogginnlegget posta idag tidleg, låg på autopublisering frå i går.
Og bileta på instagram @Lykkeligkoas blei posta i hyrten og styrten. 
Så då er det ekstra kjekt å logge seg på data og mobil å sjå over alle hyggelige meldingar på sms, instagram, facebook og snapp 🙂

Så etter dette skal eg prøve å få svart alle saman 🙂
Og så må eg få gratulert alle som også har bursdag idag.
Eg har til no komt på 11 stykker som har bursdag idag. 
Og 5 av dei blir 1 år idag, inkludert Eirik og Sofie.
Så det er ein populær dato 26 Mars 🙂

Spiselig Bilde til kake

 

Sidan det nærmar seg 1års-dag for Eirik og Sofie med stormskritt, så må eg begynne å planlegge litt.
Det er ikkje gjort på eit blunk å lage kake, eller rettare sagt pynte kake.
Og eg vil så indelig gjerne lage nokre flotte kaker til dagen deira.
Erfaring har vist seg at eit spiselig bilde på toppen av kaka, er ein rask måte å få ei fin kake på.
Eg har prøvd det før, og tenkte at dette kunne vere redninga når ein vil ha personlige og fine kaker, men ikkje har tid.
IMG_20120803_131455 322883_10151346034135221_557008310_o
Så denne gongen bestilte eg fire bilete.
Eg har eigentleg berre planar om å lage to kaker, men det er greit å ha litt ekstra i tilfelle eg smeller til med fleire medan eg er i gang 😉
2014-03-19 14.39.32
Dei to øverste er edible icing, dei verka betre på både kvalitet og smak
(Eg klipte av litt av det kvite rundt og smakte på dei)
Dei to nederste er på rispapir, ikkje så gode på smak, og ikkje så fine bilete som dei andre.
Eg har tatt bilete med både speilrefleks, og med mobil, og ser heilt klart at det er best å bruke dei som er tatt med kamera, sjølv om dei tatt med mobilen også går heilt fint 🙂
Eg har kjøpt dei på Ebay 🙂 Her er linken til dei to øverste på edible icing
http://www.ebay.com/itm/130683046147?ssPageName=STRK:MEWNX:IT&_trksid=p3984.m1439.l2649
Det runde bildet kosta ca 45,- og frakta var 25,-

Eg kjøpte dei på Søndag, og dei var i postkassa mi idag Onsdag.
Så veldig rask levering!
Men eg skreiv også at eg håpa på det sidan selskapet eg neste veke 🙂

Det avlange på rispapir er litt billigare på ca 25,- (frakta er den samme)
http://www.ebay.com/itm/140741337738?ssPageName=STRK:MEWNX:IT&_trksid=p3984.m1439.l2649

Gratulerer kjære mannen min!

Ja då har dagen komen, vorte feira og passert.
Min kjære sambuar
Min kjære mann
Blei 30 år på Laurdag 12 September.

paul på tur

Vi var på Firmatur med Ose & Aarseth til Lom
Og eg trur dagen blei markert fint med "hurra for deg" til frukost og
"Gratulerer med dagen" til middagen om kvelden.
Med tilhøyrande lys på Creme Brulè’en (rosa lys)

lys

Firmaturen skal eg fortelje meir om i eit seinare blogg innlegg 🙂

Gratulerer kjæresten min!
Gledar oss til feiring med venar og kjente i helga 🙂

Tildemor blei 2 år


Ja det er nesten litt skremmande kor fort tida går!
For 2 år sidan kom ei lita trulte til verda.
6 dagar før termin kl 04:24 kom ho kjapt og flott.
4 August var datoen, i 2007
Ho var 3260 gr og 49 cm
Med mykje mørkt hår og perfekt frå topp til tå!

  
    
     
   

 
Etter fødselen sov vi litt før vi sendte ut melding om at lille Matilde var fødd.
Når Mormor endeleg vakna og las meldinga måtte ho sjølvsagt ringe Morfar
For han var då halvveis på veg opp på Saudehornet, for det var den helga det var Saudehornet Rett Opp.
Det var då på sin rett at no når Matilde var “gammal nok” til å vere med opp så skulle ho få det. Så i år tok vi turen opp på Saudehornet.
Matilde var kjempeflink! Ho gjekk til og med till sjølv, og på veg ned hoppa ho frå stein til stein, trygt akopagnert av Pappa i ei hand og Morfar i eine.


På toppen fekk vi Medalje og Jenta var særs fornøgd med å vere “på fjelle”

   
Det blei feira med Bursdagskort, –presangar – kaker og gjestar


Eg kan forresten også meddele at platten er så godt som ferdig!
(manglar 2-3 plankar som skal skruast fast)
Her er den klar til barneselskap.
60 kvm med god boltreplass er kjekt å ha til slike anledningar!

Det er utruleg alt matilde har lært seg
alt ho gir av seg sjølv
Ho kan telle til 12
Er no nesten heilt tørr og seier i frå sjølv når ho må på do
Ho kan synge fleire songar aleine
hoppe og danse, rulle og stå på tå
ho kan gjere seg sjølv veldig godt forstått
Ho kan no sitte stille i amkroken medan vi les ei heil forteljing
Ho viser omsorg for dei som er lei
Og delar gleder med dei som er glade
Ho kan rope “heia pappa” og “heia "åmdal!”
Ho er flink å sei “gla i dej”
Og delar ut kyss og klem til alle som vil ha
Ho er heilt unik!
Ein engel"!

 
 

Gratulerer med dagen kjære Bror!

Idag blei min kjære Bror Frode 29 år.

Det måtte sjølvsagt feirast!
Med både Kake og Kort!

IMG_8795
Gratulerer med dagen Bror!
IMG_8796
 
Skikkeli Kremkake med bløtkakebotn og rikeleg med krem og jorbær mellom laga.
MmmmmmM den var god om eg skal seie det sjølv, Veldig God! 🙂

IMG_8802
Dagen idag har no berre vore kjempefin!
Sjølv om eg ikkje har fått nytt den så mykje pga. baking og eksamenslesing.
men kvelden blei lang og fin den og.
Her er Matilde kl 20, ho ville ikkje inn å legge seg.
Men det var ei dautrøtt jente som sovna momentant ein 20 min seinare.

 

Minner alle om den store kampen i morgon!

Åmdal – Ørsta

Avspark 15:00

Programmet byrjar 14:00

Heime på Åmdal Gras

Heia Åmdal!

Kom alle sammen bli med!

%d bloggers like this: