Mamma til tvillingar på 4 år

IMG_9415--

Eg har vel før uttrykt kor glad, stolt og takknemmelg eg er som får vere tvillingmamma.

Hadde nokon fortalt meg når dei var 2 mnd og skreik av full hals på grunn av kolikk. Kor fantastisk og unikt det var å ha tvillingar, hadde dei kanskje fått fingeren frå meg. For nett då så fann eg det nesten berre provoserande at tvillingmødre skulle prøve å prakke på meg ei dobbel-lykke som eg sjeldan fekk oppleve inn i mellom skriking, mating, bleieskift og prøve å få sove. Og har du ikkje opplevd tvillingar med kolikk så kan du heller ikkje sjå føre deg for eit mareritt det kan vere.

Men så var det over, det som verka uoverkomeleg, blei nesten berre fantastisk. Eg har nesten fortrengt alt som var. Eg har vertfall kome til ein konklusjon at det var verdt det. For det er faktisk ei fantastisk unik gåve å ha tvillingar. Og eg ynskjer meg meg meir enn gjerne eit par til. Sjølv om eg veit kva eg hadde gått til.

Så skal det også seiast at våre tvillingar er bestevener. Dei leikar seg så fint saman, dei er omtenksomme og snilde med kvarandre. Eg veit det ikkje er alle tvillingar /søsken som er like heldige. Men dette er som med søsken flest, nokon går berre ikkje saman, andre er harmoniske som mine <3

Det er klart dei kranglar, og er ueinige. Men det er fire gongar så mange godord og fine stunder. Eirik slenger rundt seg med kompliment som smigrar sjølv ein gråstein. Og Sofie trippar lystig rundt fordi Eirik seier ho er fin på håret og at ho er flink til å snurre piruettar. Han har vel funne ut at det skal ikkje så mykje til for å snu humøret til ein trassig sjef. Desse to delar verkeleg sorger i to og doblar gleder.

Så ventar du tvillingar er det berre å gle seg til åra som kjem. Det er blir berre betre med åra!

This entry was posted in Blogg.

I dag er ein trist dag!

I dag las eg at Stortinget har sagt JA til fosterreduksjon. Noko som byr meg heilt i mot! Eg er trist, sint og fryktelig skuffa!

Lat meg aller først presisere at eg er FOR sjølvbestemt abort! Når ei kvinne blir gravid, og av ulike grunnar ikkje kan bere fram barnet så er det heilt opp til den enkelte kvinne å avgjere dette sjølv, innanfor gitte rammer.

Vi kvinner har eit val. Nokre av oss vel på førehand at vi vil bli gravide, andre må ta valet når vi sit med ein positiv gravititets-test i handa. Vi gjer eit val om vi vil ha eit barn eller ikkje. Det vi ikkje får velje er om det blir gut eller jente, dette er heilt tilfeldig, og vi kan heller ikkje angre på å få barnet på grunnlag av kjønn (HELDIGVIS), dette er også lovbestemt.  Men det som strid midt i mot er at vi no kan velje kor mange vi vil ha etter dei er unnfanga!?

Har du valgt å få barn så tar du det du får; om det er gut eller jente, ein eller to!!

http__distilleryimage8.s3.amazonaws.com_75547eb23d4c11e3a99f22000ab5bc02_8

Eg må også presisere at det for nokre uheldige kvinner kan vere slik at det er medisinske årsaker til at ein må fjerne eit barn, enten det er for eit av barna si helse, eller mor si helse. Dette fell utanfor den sjølvbestemte selektive bortvelging av friske fleirlingar.

Du får ikkje utan medisinsk grunn velje å amputere ein frisk fot, fordi du heller vil ha ein enn to. Kvifor skal du då abortere eit friskt barn fordi du berre vil ha ein og ikkje to?

Det er også ein fare for at ein mister det andre barnet ved ein forsterreduksjon.

Ved fosterreduksjon av tvillinger vil det ved 15-20 prosent av tilfellene føre til at en mister begge fostrene, sier seksjonsoverlege Torbjørn Eggebø ved Nasjonalt senter for fostermedisin.”

Prosedyren utføres ved at det injiseres kalium inn i hjertet til det fosteret som skal aborteres. Eggebø forteller at i praksis velger legen det fosteret som ligger enklest til for injisering i hjertet.
(
https://www.dagensmedisin.no/artikler/2016/02/18/frykter-konsekvensene-av-fosterreduksjon/)

Kvifor skal ein risikere livet til det barnet som ligg att for å kunne ende opp med ingen?
http__distilleryimage1.s3.amazonaws.com_833da70426e211e385f622000ab5bce4_7
Kven av desse to hadde du valgt bort?

Om økonomi er årsaken så bør ein sjå til heilt andre innstansar enn helsetenesta. Det burde kanskje stortinget arbeide meir med! Rettar for fleiringforeldre, økonomisk og tilbud om hjelp i heimen!?

Eg er tvillingmamma sjølv, og det er heilt klart kvifor eg brenn for dette! Eg kan ikkje sjå føre meg den eine utan den andre! Dei er skapt saman og født saman. Dei har eit heilt unikt band mellom seg, ikkje likt noko anna syskjen-forhold.

IMG_4322---@

Det er klart det er travelt å ha tvillingar, men det er travelt å ha barn uansett! Og fordelane med å få tvillingar er så verdt det!

Svangerskapet skal heller ikkje seiast å vere nokon dans på roser, men dette skil seg like mykje frå kvinne til kvinne enten ein berer ein eller to.

http__distilleryimage0.s3.amazonaws.com_fb4154b6a84911e299a722000a9d0ee0_7

Eg har sagt det før og seier det igjen; Om vi skulle ha fleire, og eg kunne velje så hadde eg lett valgt å få eit tvillingpar til!

IMG_6429---bw

Det å få tvillingar er ei lukke! Ein premie i eit lotteri som berre få får, og eg føler meg så vanvittig heldig!

Eg har med handa på hjartet ALDRI! tenkt tanken at eg skulle ønske eg hadde fått berre ein! Eg prisar meg lukkeleg for at eg fekk denne duoen!
IMG_4262-

Sidan desse to blei skapt saman og født saman, delar dei eit band ingen kan beskrive! Og alle som har, og er tvillingar veit kva eg snakkar om.
IMG_4343---de

INGEN MEG UTAN DEG

Eg håpar med dette, at om nokon der ute skulle vere innom tanken om fosterreduksjon. Så ver så snill å tenk deg om! Du har fått ein sjanse til å få noko heilt spesielt, til å få oppleve noko heilt spesielt! Du anar ikkje kva du vil gå glipp av om du veljer bort ein.

This entry was posted in Blogg.

Kjøkkenet blei nytt!

61_1185836569
Bildet over viser kjøkkenet som det var. Lys lilla på farge, og lilla golvbelegg både på golvet og mellom kjøkkenskapa. Forrige leigebuar hadde eit kjøleskap ved sidan av høgskapet og ein steikeovn ved sidan av benkeskapet på høgre side av bildet som ikkje vises.

Han hadde også ei benkeoppvaskmaskin på benken ved sidan av vasken. Så plass til lage seg mat begrensa seg til det lille bordet med epler på. Det var naudsynt med ei stor renovering her.

20161027_13001420161027_130021
Det med gamle kjøkken som er i eldre hus, er at du aldri heilt veit kva du har å jobbe med før du riv det gamle. Difor fekk vi oss nokre aha-opplevelsar når vi reiv det gamle både på godt og vondt. Nokre ting medførte også ein heil del ekstra tid som vi ikkje hadde rekna med.

20161027_14362520161027_143643
Å fjerne golvbelegg frå vegg er ikkje den lettaste oppgåva. Men det aller verste var nok glasfiber-strie på veggen! Ein så liten vegg tok unødvendig mykje tid og slit. Eg fekk rive av det grovaste, og så pussa eg over resten for å glatte det ut. Eg forsøkte fyst å dampe og skrape av med sperkelspade. Men det tok rett og slett meir tid enn det var verdt!
20161106_17014320161112_231652
Så hadde eg på Renoveringsduk på veggen for å dekke over ujevnheiter. Denne limte eg på som ein vanleg tapet med tapetlim og lot den tørke eit par dagar. Eg venta litt med å ha på tapeten så den ikkje skulle bli skada under arbeid med dei andre veggane på kjøkkenet.
20161106_17015620161106_170204
To veggar blei fora fram. Den eine mot ytterveggen for å skjule ventilasjonsrøret i veggen, og fordi det allereie var bygt fram ei kasse opp mot taket til vassrør. Og då blei det enklare med ein flat slett vegg å montere på. Denne kassa viste vi ikkje om før vi demonterte kjøkkenet. Det positive var at vassrøra var monterte akkurat perfekt i forhold til kvar vi skulle ha vasken. Men sidan vi fora fram veggen så laga vi ei luke til røra. Den andre veggen blei også fora fram og isolert pga lyd mellom oss og leiligheita.

20161115_13184920161127_19313520161127_193141
Det som plaga oss mest var stoppekrana. Vi hadde ei gammal ei der som begynte å dryppe litt. Og det blei til slutt einaste løysing å bytte denne. Men for å bytte denne måtte vi finne hovedvasskrana som skulle vere utanfor huset ein stad. Lang historie kort: Ingen kart eller mennesker kunne fortelje oss nøyaktig kvar den var. Vi måtte grave mykje og lenge. Fekk tak i gravemaskin som til slutt fann den!

Ny stoppekran kom på plass og arbeidet kunne etter nesten 2 veker fortsette inne.

20161127_19322020161127_20514720161127_205151

Sidan eg jobbar nattevakter så har eg ein del fri på dagtid. Fri til å kunne jobbe det eg kunne i leiligheita. Siden kjøkkenet var lagra flatpakka på både soverom og stue så kunne eg ikkje male tak og veggar på desse romma før eg hadde arbeidsplass nok til det. Så då var det berre å brette opp ermane og montere kjøkkenskap og skuffer. Noko eg blei ganske dreven på til slutt.
20161129_14103220161128_14042720161129_14102320161129_14101320161129_14101720161209_112524

Det var kjekt når vi endeleg kunne begynne å montere skapa på veggen! Endeleg såg det ut som om det gjekk framover!

20161209_11265220161210_18362820161211_112951

Midt opp i monteringa fekk eg vite at benkeplata hadde to fargar, ei side var kvit, den andre grå. Eg hugsa ikkje kva farge eg hadde tenkt og ubesluttsom som eg er så var det verkeleg ikkje lett å skulle velje det eine eller det andre. Men sidan frontane var grå og tapeten er grå så valgte eg kvit i håp om at det skulle gi den lyse reine stilen eg håpa på.

20161211_11444920161212_22023320161217_181015

Vidare gjekk det eigentleg slag i slag, vi fekk på kvite lysekil veggplater på veggane mellom benkeskap og overskap, integrerte kvitevarer blei montert, og integrert lys frå utrusta med stikkontakter frå IKEA blei montert under overskap. Vask, og oppvaskmaskin kom i orden. Og til slutt blei håndtak på skuffer og skap montert.

20161217_18241920161217_18243220161221_213551

Eg blei veldig fornøgd med kjøkkenet, det er vanskeleg å bestemme seg når man sit og tegnar. Korleis vil det sjå ut, blir det nok oppbevaring, blir det trangt eller utnyttar ein ikkje plassen godt nok? Tusen tankar og bekymringar får endeleg sleppe når ein endeleg står der og beundrar det ferdige resultatet!

20161229_00351220161229_00362820161229_003653IMG_8974---
Eg er svært nøgd med belysninga under overskapa, der er også kontakter til det man måte trenge, og integrert USB-kontakt. Vi har valgt induksjonstop med to kokesoner, fordi vi heller ville prioritere benkeplass.

Frontane er Ringhult Høyglans grå, og benkeplata er HÄLLESTAD frå IKEA
Ved sidan av vasken har vi ei smal oppvaskmaskin sidan det er ei nødvendigheit no til dags.
20161231_15161820161231_151723IMG_8981---IMG_8977---
Håndtaka er Blankett frå IKEA

IMG_8818---IMG_8840---IMG_8859---IMG_8863---IMG_8888---IMG_8994---

No kjenner eg veldig på at eg vil pusse opp vårt kjøkken oppe! Eg ynskjer meg skuffer som glir som ein drøm, skap og skuffer med demparar på. Gode løysingar, benkeplass, lys, induksjonstop og ein ovn som fungerar som den skal, og er lett å reingjere. Men eg må vist smøre meg med tolmod ei stund til. Det er vist toppetasjen som står for tur no om nokre mnd.

Så nyt Før og etter
61_118583656920161231_151723

This entry was posted in Blogg.

Badet frå gammalt til nytt

61_1777269640

Badet var som de ser på bilet over, ikkje så mykje å skryte av. Dusjen var ein armatur på veggen og ein sluk i bakken. Ikkje noko kabinett eller forheng.
Einaste oppbevaringsplassen var den lille galshylla som de ser over vasken.

 

20160730_15545420160730_15551920160730_155500
Her var det berre å setje i gang med å rive ned alt, og lage nytt frå botnen av.

Det blei nye varmekablar, flisar på golvet, og baderomsplater på veggane.
20160816_16520520160816_17525820160816_17543320160822_17551520160822_175526
Vi hadde små og store hjelparar innom for å få alt i orden.
Baderomsplatene tok litt meir tid enn vi hadde håpa på.
Tilpassingar og hol til rør på alle plater tek tid med ekstra boring og saging.

20161020_152208(1)IMG_8929---IMG_8917

Vi har valgt baderomsinnreiing frå IKEA med servantskap, Servant + blandebatteri. Speilskap med lys, og høgskap.
Det er laga til plass til vaskemaskin ved sidan av vasken.
IMG_8931IMG_8911IMG_8934

Dusjen har fått ny sluk, nytt blandebatteri og dusjarmatur.
Det er dusjveggar 90×90 som kan foldast inn for å gi betre plass framfor vasken og spegelen.
IMG_8791.JPG-----

Toalettet er no vegghengt og vi har bygt inn sisterna med baderomsplater. På toppen er ei kvitolja treplate.

Vi har også flytta døropninga på badet for å få det meir funsjonibelt, og snudd dørbladet så det går ut i gangen, og ikkje inn på det lille badet.

Før og etter
61_1777269640IMG_8962

This entry was posted in Blogg.

Vi er i mål!

Då er det Januar og vi er ferdige med leiligheita!
Ei strålande, fantastisk frøken skal flytte inn, og vi er overlykkelige!

Ein liten smakebit av det ferdige renoveringsarbeidet er også kjekt å få vise fram.
Møblar kjem saman med Benedicte litt etter litt.

Stua
IMG_8794--IMG_8809---
Kjøkkenet
IMG_8818---IMG_8859---IMG_8863---
Soverommet
IMG_8868---IMG_8881---

Badet
IMG_8915---IMG_8968---
IMG_8791.JPG-----
Buda
IMG_8892---

Gangen Sett frå ytterdøra
IMG_8888---
Gangen Sett frå Kjøkkenet
IMG_8988---

This entry was posted in Blogg.

Nytt År

Det er heilt rart, at eit nytt år no står for tur. Eg brukar å mentalt forberede meg for dette skiftet. Vere klar for ein ny start, og eit nytt år. I år har eg hatt det så travelt at eg knapt har klart å bli klar for eit nytt års-skifte.

DSC_0359

Fyste delen av 2016 handla om å lande på begge beina. Vidareutdanninga og intensivsjukepleiar-tittelen var i boks. Men eg trengde tid på å lande, på å kjenne på korleis det var å vere meg igjen. Det var tid for å vere mamma, meir eller mindre på heiltid, og ikkje student-mamma lenger.

Det er først når ein får tid til å setje seg ned at ein kjenner kor utruleg sliten ein er. Kor hardt det faktisk var å vere student på heiltid, i praksis og mamma på heimebane. Med hus, vener og familie rundt seg. Det tok nokre månedar før eg klarte å kome meg skikkelig i gang med livet igjen.

DSC_0059

Vi har fått oppleve å miste, og å få. Livet har vore grusomt, brutalt og meiningslaust. Livet har også vore rikt, gavmildt og herleg.
Det går hand i hand, og det riv og skakar hjartet. I blandt føler man seg litt fortapt, motlaus og rådlaus. Så plutseleg fell ting på plass att, noko av rein flaks. Og noko blei nok som det skulle bli, utan at vi heilt skjønte det i byrjinga, men det var meininga at det skulle bli slik, og så blei det bra til sist.
Noko er framleis meiningslaust, urettferdig, og vil aldri bli fint att. Vi lærer berre å leve med det, sorga, saknet.

20160630_215805

Vi forlova oss, og eg blei tredve. Ein lang prosess med tankar, meiningar om bryllup og giftarmål har ført oss mot Cuba Mars 2018.

IMG_4796

Eg har fått fast stilling som intensivsjukepleiar ved intensivavdelinga på sjukehuset i Volda. Vekene er meir forutsigbare, og sjølv om det var ein omstillingsprosess, med eit nytt arbeidsmiljø, ny kvardag, nye rutiner. Så har det blitt så bra som det kan bli no. Eg har måtte kjenne på kva som fungerar for meg, og oss. Korleis kvardagen i kombinasjon med jobb og mammarolle kan bli best mogleg. Nett no er nattevakter det beste, både for meg og dei rundt meg.

IMG_4809---

Det som pregar dette året, spesielt siste delen av det. Har vore fokuset på å tenke positivt. Eg har blitt meir positiv, eg ser lysare på ting. Eg irriterar meg mindre, og heng meg mindre opp i bagatellar.
Og det beste av alt er at eg har innsett at vi aldri er for gamle til å få nye vener og bekjente. Eg har turt å by meir på meg sjølv, eg har blitt kjent med fleire. Og eg synest det er kjempe kjekt!

IMG_20160919_140926

Siste månedane har vi renovert utleige-delen i kjellaren. Vi har jobba natt og dag med å bli ferdig no til 1 januar. Vi har knapt hatt tid til å sjå nokon utanom jobb. Og eg kjenner på dårleg samvit ovanfor samtlege i venekretsen som eg ikkje har fått tid til å besøke, prate med eller sende eit vink.

Eg har lova så mange at vi straks kjem ein liten tur, men tida strekk rett og slett ikkje til! No er det ein dag att av dette året. Og eg må nok innrømme at vi må ta det att i 2017.

IMG_20161028_085920

Eg har enno ikkje tenkt gjennom ynskjer og planar for det nye året.
Men eg håpar på mindre sorg, og meir glede.
Eg håpar på meir fokus på det positive, og mindre fokus på bagatellar.
Vi bør vere rause og åpne.
Aksepter, gled deg, forlang mindre, gi meir.
Ver eit medmenneske!

20161109_131736

This entry was posted in Blogg.

Vi pussar opp!

Dagen etter vi kjøpte huset, hadde det så og seie flytta inn ein leigetakar i utleige-leiligheita vår. Ein god ven har budd her i dei tre åra vi har budd her.

Det blei ikkje gjort så mykje når han flytta inn. Sett bort frå nytt golv i gangen, på kjøkkenet og soveromet. Vi hadde planar, men under utdanning og med små barn kom ikkje vi så langt.

Bileta frå salsannonsa seier kansje litt om korleis det var.
61_118583656961_1777269640

Han sa han hadde det flott i leiligheita, til tross for at det var utdatert. Det lilla kjøkkenet med golvbelegg på veggen var ikkje heilt hans stil. Men det å bu i hus med oss var tydlegvis så bra, at det gjorde ikkje så mykje.

Men etter 3 år var det på tide for han å kjøpe noko eige. Og vi ville gjerne ha ein ny leigetakar. Men vi såg at leiligheita trengde ei renovering først!

Det første som blei gjort var badet! Det gjorde vi allereie medan den forrige leigetakaren budde her.
Alt blei nytt, nye varmekablar, fliser på golv, veggar, toalett, dusj og baderomsinnreiing.
20160730_15545420160730_15550020160730_15552820160816_17525820160822_17552620161020_161656

Vi har også laga plass til vaskemaskin. Det var her ikkje før, så forrige leigetakar har delt vaskerom med oss. Men no skal det bli greit å få rote der i fred.

Det er berre små detaljar att før det er komplett,
Lovar det kjem fleire og betre bilete då!

Kjøkkenet var neste på lista! Lite benkeplass, golvbelegg på veggen og lilla frontar var berre noko av det som ikkje var på topp på kjøkkenet. Det trengde sårt ei fornying, og smartare løysing for å få både benkeplass til matlaging, og oppvaskmaskin. Valget blei IKEA med integrerte kvitevarer.
20161027_13002120161027_14362520161106_17013520161106_17020420161209_112446
20161210_18362820161221_213551
Prosessen med dette kjøkkenet har vore utruleg mykje lenger og krevjande enn vi hadde trudd! Jakta på den utvendige stoppekrana som tok oss over ei veke med graving for å finne tok nesten motet frå oss!
Over ei veke med stillstand i arbeidet inne, er ein del.  Men når vi endeleg fann den kunne vi fortsette inne. Veggar har blitt fora fram, ekstra isolering og tapetsering.

Skapa er monterte og kvitevarene er på plass. Benkeplata likeså, så blei vasken, koketopp og ovn blei montert. Litt og litt har kome i orden kvar dag. Utolmodigheita er å ta og kjenne på no rett før jul! Plasten er framleis på kjøkkenfrontane, og plata mellom skapa. Det flyt med verktøy i alle kantar. Men vi nærmar oss.
20161212_22023320161221_21374420161221_213712

Langs med puslar vi med alt som må gjerast som ikkje nødvenigvis synest så godt. Med mindre det ikkje blir gjort. Lister rundt dører, tak og golv, det tek tid og blir veldig fint med nytt. Sikringsskapet og nokre dører ha fått ny farge.

Paul har laga til mange fleire stikkontakter og vi har fått orden på rør og ventilasjon som no er bak veggar og skap. Alt er ting som har tatt mykje tid, som vil utgjere ein stor forskjell for heilheita. Men som ikkje blir sett med det blotte auge, litt utakknemmeleg arbeid kan man seie. Men det er godt med alt som er gjort!

Vi har også begynt på maling av tak og veggar på stove og soverom, pluss litt oppfrisking på lister og dører. Inngangsdøra må også få seg ei påskjønning, då den er strippa og klar for maling.

Meir bilete kjem etter kvart. Vi går nokre travle dagar i møte for å bli ferdig til jul! Og i Januar kjem ei fantastisk herlig jente og flyttar inn. Det gler vi oss til både små og store.

This entry was posted in Blogg.

Samsung Wireless audio R3

I Samarbeid med Buzzador og Samsung har eg i denne omgang fått ein Samsung  Wireless Audio R3 Høgtalar.
Dette innlegget er difor sponsa av #Samsung og #Buzzador

Eg fekk fargen kvit, som eg var kjempenøgd med. Den glir fint inn uansett kvar den står, og du får umiddelbart lyst til å bytte ut det gamle lydanlegget med denne serien.

IMG_8554

Første eg gjorde var å kople den opp høgtalaren med smarttelefonen via bluetooth tilkopling, som var lett som ein leik. Men krever at du ikkje brukar mobilen til noko anna, då den spelar av alle lydar frå telefonen. Og avspeling frå Spotify blei då avbrutt når eg fekk ei melding.

Oppkopling via wifi var litt meir arbeid med. Men slett ikkje umogleg. Lyden er behageleg og den spelar av både frå data, telefon og nettbrett. Enn kan også kople den opp mot Samsung Smart TV om ein har det. Det fiffige er at man kan kjøpe fleire høgtalarar og kople dei saman trådlaust utan å måtte ergre seg for ledningar rundt heile stova for å få surround lyd. Eller du kan plassere dei i kvart rom for å ha musikk til helgavasken uansett kvar du går.

Det beste for meg var å kunne ta med høgtalaren dit eg ville og spele musikk nett der eg ville, så kunne eg danse akkurat det det passa meg.
IMG_8596---IMG_8640

Om du også har lyst å bli Buzzador, og motta gratis produkter til å prøve, så klikk på lenka under.
Du blir ikkje med på kampansjer du sjølv ikkje søkjer om å få bli med på.
Det er ingen kostnader, med mindre du velger å benytte deg av nokre av tilbuda ein kan få gjennom Buzzador.
Det du må gjere er å teste produkta og skrive ei ærleg omtale.
https://www.buzzador.com/start-no/?iby=55948&ie=stinegull%5Bat%5Dhotmail.com

This entry was posted in Blogg.

Alt på ein gong!

Ein blir jo alltid mint på at ein må ha ein sparekonto, eller ein bufferkonto. Ein konto med avsette midlar til utgifter som kjem brått på. Vel den, og nokre sparekontoar har vi verkeleg fått dra nytte av i det siste!

Vi pussar opp utleige-leiligheita, noko vi har spart opp til, og planlagt. Det vi ikkje hadde planlagt var at tørketrommelen skulle ryke, kjapt etterfølgt av kjøleskapet. Då måtte vi berre invisterte vi i ny tørketrommel, og nytt kjøleskap. For det er faktisk naudsynt med begge deler!
Så kom utgifta med nye vinterdekk, som for såvidt var forventa, men når bilen streika og vi måtte ha nytt batteri  i tillegg så blei det litt i overkant med utgifter på bilen i tillegg til ein del andre utgifter på service og delar tidlegare i år.
Forbauset smilefjes 

Så folkens! Det er ikkje dumt med ein bufferkonto. For ei ulukke kjem sjeldan åleine, og som regel passar det aldri!

Men vi klagar ikkje, så lenge vi kan betale alt så er vi nøgde. Kontoane våre er no klare til å kome på betringens veg etter nyttår. Det kan nok seiast at budsjettet på leilighetsoppussinga ikkje heilt er innanfor rammene heller. For når ein først har begynt så må enn jo berre fikse det ein ser langs med også, og så kan enn like godt ta det ein ikkje ser samtidig. Men det var inga bombe at det ballar på seg.

Berre 38 dagar til Jul i dag. Er vel berre å brette opp ermane til den!
I år blir det heimesnikra gåver, hahaha.
Smilefjes som blunker

Dagens preike var at Det er lurt å ha ein bufferkonto Smilefjes som blunker

This entry was posted in Blogg.

Mine eigne skattar

Eg skulle eigentleg ta bilde av nokre ting som eg skal selge.
Men når duoen vår kom springande så blei det nokre bilete av dei også.

IMG_8026---
Først var det full fart og til dels vel høg steming.
Men eg fekk til slutt tatt nokre bilete der dei var litt meir i ro.

IMG_8075---IMG_8065---IMG_8083---

This entry was posted in Blogg.

Liv og røre i Fotostudio

Eg har tatt på meg nokre foto-oppdrag i det siste.
Det er kjekt og utfordrande.

Eg har ingen utdanning innan foto, for meg er dette berre ein hobby.
Eg har laga til eit heimestudio i kjellaren for å kunne ta bilete heime som eg ynskjer det 🙂
Bileta er ikkje i samme kategori som ein profesjonell, men godt nok for heimebruk.

I vår hadde eg besøk av ei veninne med sine skjønne barn.

IMG_5445---H 

IMG_5466---IMG_5476---IMG_5483---bwIMG_5581---BWIMG_5558---KIMG_5526-IMG_5550---IMG_5580---

This entry was posted in Blogg.

På tur til Sopot med Barn

Då er ferieturen for Familien Gulla Rebbestad over for i år.  Vi var litt seint ute med å bestemme oss, og alternativa var ikkje så mange. Vi ville reise frå ein av dei lokale flyplassassane, og ikkje ha så alt for lang flygetid med tanke på ungane.

Tyrkia var uaktuelt, og det som var att frå Vigra til “syden” var ikkje så billig. Fordi det meste er designa for ei familie med to vaksne og to barn. Har du med tre barn må du kjøpe to dobbeltrom, eller ei familiesuitte. Det blei ikkje innanfor vårt budsjett med våre krav til standard også.

Så då blei dei SOPOT. Ein by i Polen, mellom Gdansk og Gdynia. Eg har vore i Gdansk før på veninnetur. Og var såpass fornøgd med staden at eg ville ta med familien dit også. Sopot har også ei lang deilig sandstrand med gode høver for sol og bad. Eg prøvde å undersøkje så godt eg kunne på førehand, for å vere mest mogleg beredt før vi reiste. Då det ikkje er like lett å ta ting på sparket med tre barn med på tur.

Eg kika først på hoteller i området, men sidan vi var seint ute, og midt i fellesferien så var også dei ganske fullbooka. Samt at vi der også måtte bestille to dobbeltrom eller suite. Så valget falt på ei svært sentral leiligheit med to soverom, kjøkken, stue, bad og det vi trengte. Der var vaskemaskin så vi fekk vaska kle og handdukar (veldig praktisk med små barn på tur) Vi bestilte leiligheita på Booking.no
 

Flyet ned var med WIZZ air, ganske billige billettar frå vigra, men det er jo alt i tillegg som kostar (bagasje, velge seter, og prioritert ombordstiging). Til neste gong skal eg vente med å bestille bagasje før ETTER eg har pakka kofferten og sett kva eg faktisk treng. På veg ned hadde vi ein halvfull koffert, til alle 5. Vel vitande om at vi garantert kom til å handle der nede. Vi hadde med tvillingvogna i ein PramPack, og der pakka vi også alt vi trengte av bleier og våtserviettar, samt nokre strandhåndkle.

Men eg hadde nok overvurdert oss litt og betalt for 32 kg i eine kofferten heim, noko som ikkje var naudsynt då det blei berre 24kg i begge to på veg heim. Det var rett og slett ikkje plass til meir.

Flyet frå Vigra til Gdansk gjekk kl 21:50, noko seint for våre små som legg seg kl 19, men det fekk berre bli som det måtte bli. Ikkje så kjekt at flyet blei forsinka med 40 min, men ungane klarte seg overaskande bra.
20160721_21102620160721_21154120160721_221010 

Flyturen er berre på eit par timar, men vi hadde ordna oss med å laste ned filmar på både nettbrett og mobilar. Smoothiar og snacks. Og smokkeslutten har desverre fått eit brått tilbakefall, då det var stor trang for litt ekstra kos og trøst i den.

På førehand hadde vi bestilt taxi med Gdansk-Cab som skulle stå å vente på oss når vi kom. Vi hadde også bestilt med barneseter, og en ekstra stor bil med plass til 5 stykk og bagasje. Taxien var forhåndsbetalt så det var berre å hente bagasjen, og gå han i møte når vi kom. Han sto og venta med eit skilt med navnet mitt på i handa rett utanfor der vi kom ut, så han var enkelt å sjå. Barneseta han hadde med var nok litt for små, men det gjekk akkurat. Og vi kom oss raskt til leiligheita der dama vi skulle leige med sto og venta som avtalt (Hadde kontakt med ho på sms, så ho fekk beskjed når vi landa og så møtte ho oss ved døra til leiligheita når vi kom)

Trøtte og slitne så sovna vi fort, og fekk heldigvis sove litt ekstra dagen etterpå.

Det er ikkje så mange folk i gatene før klokka bikkar 11-12. Så det er lett å vere tidlig ute i Sopot, og det anbefalast om ein vil sleppe å stå i kø for billettar til Piren eller andre ting. Hoved-gata Monte Cassino kryr av folkeliv utover dagen, og det er fleire resturangar og butikkar i denne gata.

Leiligheita vi leigte låg rett ved Monte Cassino, så der var berre å spasere ut på gågata. På hjørnet var det ein matvarebutikk, og Rossmann med godt utvalg av hygieneprodukter, kosmetikk ++.

IMG_6540IMG_6499IMG_6501IMG_6515

Stranda låg i enden av Monte Cassino, spaserturen ned gata til torget og vidare til bodene ved stranda var alltid koselig. Reine, fine gater. Koselig folkeliv, og du kunne kjøpe deg ein is eller vaffel med krem og bær på.
20160726_11091920160726_111425

Stranda var ein favoritt med mjuk sand og lange strender. Til venstre for piren var det meir barar og utleige av solsenger, og telt.

20160726_13103320160726_13104720160726_13110520160726_131051

Skal du slå litt på stortromma, og bu nydeleg til så trur eg Grand Hotel rett forran stranda må vere valget. Nydeleg hage og det ser vertfall flott ut frå utsida.

Det var ikkje det enklaste å kome seg til og frå stranda med vogn, vertfall ikkje tvillingvogn, men vi fekk til det også . For oss var det veldig greit å ha med vogna då vi hadde med oss strandleiker som vi hadde kjøpt i et av bodene ved stranda. Og fordi ungane då kunne krype under kallesja og få litt fred frå sola når dei hadde behov for det. Det var badevakter på stranda som satt i tårna, og passa på. Desverre var stranda stengt for bading nokre dagar fordi det var oppdaga E-coli i badevatnet, Det er jo i ei bukt, så om straumane går “feil” veg så blir det desverre slik. Det positive er jo at vatnet faktisk blir testa og vi kan unngå å bli sjuke. Då var det oppe eit raudt flagg på stranda som varsla om badeforbud. Og badevaktene bles i fløyta så fort nokon prøvde seg.

Fontena i sentrum blei då brukt av dei minste til å få bade føter og litt til i. Den var vertfall godt klora kjente vi på lukta. Og vi var ikkje verre på det enn at våre fekk duppe seg litt dei også, sidan det var god og varm, og sjøen ikkje kunne brukast til nedkjøling alle dagane.

IMG_6866---IMG_6867---20160726_135420IMG_6885---

I sentrum var det store såpebobler som ungane fekk prøve gratis. Dette blei ein stor hit, spesielt for Matilde.

Som transoprtmiddel brukte vi toget. Ved å gå Monte Cassino nesten til endes på toppen og ta til venstre ved kirka så kom ein til togstasjonen. Der er det tog mellom trippelbyane Gdansk-Sopot-Gdynia. Dette er lokaltog og blir kalla SKM. Vi kjøpte billettar både på automat og i skranken. Det kosta ca 3 Zloty en vei for ein vaksen (Ca NOK 7,-) Altså ein slikk og ingenting. Om ein kjøper billett i skranken så må de hugse å stemple billetten i ei av dei Gule-boksene på stasjonen før avgang. Om de ikkje gjer det kan de få bot i ein kontroll.

Om de kjøper billett ved ein automat så må de bruke billetten på første tilgjengelige tog, men de treng ikkje å stemple den. Men hugs å ha småpengar til maskina, for den ville ikkje ta i mot større sedlar enn 10 zloty fekk eg erfare.

Vi reiste begge vegar, og hadde med ungane og tvilingvogna. Vi måtte vere to for å få løfta den inn, men det var plass til den i gangen mellom vognene. Vi sette berre på bremsa og sto ved sidan av den og passa på.
20160723_17010620160726_162322
Det tok ikkje lang tid å reise med tog mellom byane. Den eine gongen vi tok Taxi var når vi skulle reise heim, og måtte til flyplassen rundt kl 17. Då var det mykje trafikk, og det gjekk sakte. Så vi såg med ein gong kvifor det blei anbefalt å bruke toget.

For å vere sikker på at vi gjekk av på rett stad brukte eg Google Maps for å følge med kvar vi var, namnet på stasjonen vi skulle til, og når vi skulle av. ALT er jo på Polsk, så med mindre du er habil i å snakke, lese og forstå polsk så er det greit med både Google Maps og Google translate.

Dyrehagen i Oliwa burde kanskje ha eit eige innlegg, men kort fortalt var den mykje større og mykje betre enn vi trudde på førehand!
Vi tok toget til Oliwa, og sidan det var 3 km å gå frå togstasjonen så valgte vi å gjere det. Vi hadde med vogna som ungane satt i, mesteparten av turen til dyrehagen, og Det var fine vegar å gå. Der går buss, men vi hadde ikkje orientert oss om kva buss og når. Og med ei tvillingvogn på slep så vart det til at vi gjekk. Og det var heilt greit, ein koselig tur synest eg!
20160725_10213120160725_10222920160725_10230720160725_102313IMG_6589

Dei er flinke med å lage til  fortau og sykkelvegar, samt parkar og leikeplassar. Her har vi i Norge noko å strekke oss etter!

Dyrehagen kosta ein slikk og ingenting å komme inn på. Den var rein og fin, og det såg bra ut. Vi gjekk systematisk til verks for å få sjå alle dyra. Men etter 3 timar hadde vi berre komt halvvegs i parken. Vi hadde nesten brukt opp alle bleiene vi hadde med på tur, og vi såg at vi lett kunne bruke minst 3 timar til i parken! Vi måtte difor skunde oss litt forbi dyra dei siste timane, og når vi kom rundt så rakk vi desverre ikkje barnasgård der dei kunne få mate og klappe dyra. Fordi dei hadde stengt.

20160725_11173020160725_11185920160725_12063820160725_134305IMG_663320160725_135806IMG_660820160725_110913
Der var også eit leikeområde som ungane storkosa seg på. Og på veg heim sovna sjølvsagt ungane etter ein lang dag med mykje morro!IMG_6693IMG_660220160725_153449IMG_6626---001

Vi var også innom Gdansk for å kike, og innom nokre av shopping sentera då vi hadde lova ungane å handle på ein leikebutikk. Men av alle ting så var ein leikebutikk vanskeligast å oppdrive. Så ikkje før ho vi leigte leiligheit med tipsa oss om å reise til kjøpesenteret i Klif, så fann vi endeleg ein leikebutikk. (etter 4 dagar med leiting og søk på Google)

20160726_17301220160726_202106

Kjøpesenteren i Klif var markant mykje rolegare enn dei i Gdansk, men dei snakka ikkje så godt engelsk. Men eg reiset tilbake hit åleine ein kveld for å shoppe. Heilt greit kjøpesenter utan mykje folk. Her var Zara, H&M, Benneton, Ecco, Michael Kors +++

Siste dagen hadde vi oss eit tur på Piren. Det er Europas lengste trepir og det var kjempekoselig å gå utover piren. Ungane hadde nok ikkje heilt det samme utbytte av å vere på den. Men det var det verdt det. For å kome på piren må ein ha kjøpt billett, dette gjer du ved piren.
Der var eit sjørøvarskip i enden av Piren som du kan vere med på ei 40 min seilas. Ingen av våre ungar var særleg gira på å sitte på båten i 40 min, men det var fin å sjå på.


Nokre sa i forkant at vogna kanskje blei meir å drage med seg enn nyttig. Men eg er sjeleglad for at vi tok med vogna!! Den var med ut av leiligheita kvar dag! Og ungane brukte den mykje. Slitne fotar og slitne auge kjem fort hos ein 3 åring. Ein stad å skjerme seg for sola, drikke litt saft og drage over seg eit teppe var godt både tidt og ofte.  Ein stad å kunne ha på begge ungane selane og vite at dei satt på ein stad var også naudsynt når det i nokre tilfeller blei hektisk å skulle passe på tre barn og komme seg dit ein skulle.
20160725_17140620160726_11091620160726_12144620160726_14094720160724_14083820160724_17273920160724_140845
I blandt fekk Matilde også sette seg ned, og det var veldig praktisk å kunne lagre både stelleveske, handleposar , kamera og ekstra drikke i vogna.

Vi vurderte å ta ein tur til badeland medan vi var der, men dagane strakk ikkje til. Og vi tenkte også at vi nok hadde eit sett for få hender. Vatn og barn er kjekt det. Men eg tenker at det bør vere ein vaksen per barn. Uansett kor stor Matilde begynner å bli no, så er ho ikkje stor nok til å kunne vere utan oppsyn på ein slik stad. Og desverre når det er 6 år mellom barna så er det ikkje dei same aktivitetane dei vil halde på med.

Vi hadde også akvariet i Gdynia på lista vår, men dagane strakk som sagt ikkje til. Ei veke var ei heilt passeleg lengde på reisa. For ungane begynte å snakke om å reise heim på dag 5.

Men vi har absolutt lyst tilbake til Sopot! Og når tvillingane er litt større så blir det nok betre.

Dei i Sopot snakkar greit engelsk, spesielt dei yngre. Men det er ikkje alle, og det kan by på litt missforståelsar.

20160722_11050520160722_11121120160722_19132020160722_19141320160728_131323
Maten var billig og vi hadde nokre rimelige måltid ute. Men vi oppdaga at tolmodigheita til ungane ikkje var på godsida når ein var trøtte og svoltne. Og når det tok ein halvtimestid før maten kom så blei det enklast å bestille pizza, sushi, Mc Donalds o.l. med seg til leiligheita, og heller eter der.

Det var fult gjennomførbarn når vi budde så nært hovedgata. Og ungane spiste så mykje betre på den måten. Elles handla vi brødmat, nutella, salami og ost på matvarebutikken som vi hadde til frukost og kvelds.

20160728_163735
Osten som var forma som Mus og Bamse blei ein stor hit! Og smakte vist MYKJE betre enn den osten heime. Kanskje eit salgs-tips til TINE?

Tips på resturangar er kring 10% av måltideskostnad. Og seier du takk når du betalar så betyr det at servitøren kan ta heile beløpet.

Stikkontaktene er dei samme. Så vi fekk ladda alle telefonar og nettbrett. Vi hadde også med Chromecast som vi kopla i TV’en for å streame nettflix og viaplay frå telefonen og nettbrett. Dette var heilt gull verdt! Ungane hadde då film og seriar å sjå på både om morgonen og kvelden. Også når vi var innom leiligheita midt på dag for litt mat og ein siesta!

Bleier hadde vi med heiman i frå, då det var sagt at bleier var dyrt i polen. Vi hadde med oss meir enn nok, men det var vertfall godt utvalg av bleier og våtserviettar på Rossmann så det hadde ikkje vore krise om det var for lite.

Saft var vanskelig å finne, så eg skulle ønske vi hadde hatt med meir av det, sidan ungane våre likar best saft å drikke. Vatnet tok vi ikkje sjansen på å drikke rett frå krana, så vi kjøpte vatn på butikken, og så kokte vi vatn frå springen og hadde i kjøleskapet.

Eg vil ikkje seie eg oppfatta Polakkane som eit overhyggjeleg folkeslag. Og det var sjeldan eg følte meg oppriktig velkommen i nokon butikk. Men det er nok berre slik dei er. Eller så er ikkje dei så glade turistar som berre snakkar engelsk?

Landet er relativt billig å feriere i, aktivitetar, mat og transport kostar ikkje skjorta. Sopot ligg på samme breddegrad som sør-Danmark, så klimaet er der etter. Vi traff godt med været, og hadde nokre få overskya dagar og resten var sol og varme.

Pengar tok eg ut i minibanken, og brukte ellers kort i dei fleste butikkar.

 

 


This entry was posted in Blogg.

Smokkeslutt

Då har vi plutselig slutta med smokk, vi forsøker vertfall. Det er ikkje meir enn nokre timar sidan det plutselig skulle skje. Så eg kan ikkje seie vi har slutta heilt enno. Men det er vertfall på høg tid at vi tek denne kampen!

Ungane har ikkje verka klare for det, og vi har ikkje hatt overskudd til å vere konsekvente og ta kampen med så mykje motvilje.

Vi har jo lenge forsøkt både å trappe ned og å slutte. Men det sklir ut kvar gong, vertfall med nedtrappinga. Dei finn jo smokkar over alt, og har ein une funne ein smokk, så skal den andre også ha en. Og når du då skal nappe ut den som er funne så er jo dramaet i gang.

Og så har dei vore sjuke, og trengt ekstra kos og trøst, så då blei det plutselig heile dagen igjen. Men no er planen at vi skal bli ferdig med smokk. Ein gong for alle.

Etter at ei venninne i barnehagen fortalde at ho hadde klipt smokkane sine heime. Så fekk plutselig Sofie trua på det i ettermiddag. Og sidan desse to sjeldan gjer ting åleine, så var ikkje Eirik treig med å bli med på tanken. Sjølv om han 3 minutter før hadde tviholdt på tre smokkar medan han låg i sofaen og storkosa seg og han slappa av.

Før vi fekk sukk for oss kom Sofie med både saks og smokk, og så var morroa i gang. Ein etter ein klipte dei på tur. Med kyndig rettleiing frå storesyster Matilde.

DSC_0652DSC_0653DSC_0654DSC_0655

Det var nokre spørsmål etter dei ved leggetid, men dei skjønte at dei sjølv hadde klipt dei av. Det tok nok litt meir tid med legging i dag enn elles, men heilt overkomelig. Verste tida blir nok i morgon etter barnehagen. Men vi får halde ut kampen.

Eg har plukka vekk alle smokkane eg har funne no i kveld, og lagt dei høgt oppe i eit skap. Sånn i tilfelle det blir fullstendig krise!!
Men du skal vere sikker på at det kjem nok til å dukke opp ein godt gøymt smokk i ny og ne.

Premie har eg lova dei når dei har vore utan smokken i ei veke utan problemer Smilefjes

This entry was posted in Blogg.

Kom Mai du skjønne milde

Jaggu var vi ikkje midt i Mai. Og det er enno ein gong alt for lenge sidan sist!

Eg trudde det skulle bli meir tid til blogging etter kvart som ungane blei større, og eg blei ferdig med skulen. Men eg har ikkje prioritert det. Det er så mykje anna som står for tur.

Men eg tek atter ein gong ei oppdatering.

DSC_0200DSC_0280DSC_0281DSC_0286DSC_0292
Dagane går ein dag av gangen, og sofaen er ein samleplass for oss. Litt avlapping for store og små er godt i ein hektisk kvardag. Det er vertfall ingen tvil om at desse to kan kunsten med å lene seg tilbake å slappe av!

DSC_0090DSC_0143DSC_0146
I påska var vi som vanleg på hytta på Grotli saman med mamma og pappa.
Eirik og Sofie hadde bursdag på påskeaftan, så det blei baka kake på hytta, og ungane fekk pynte sjølve med non-stop og smågodt. Inga kake har vel nokon gong smakt betre enn den.
DSC_0098DSC_0101DSC_0127
Litt uteleik blei det også, sjølv om ikkje været var det aller beste heile tida. Men med Nordic-Cab pulk på slep var det ingen problemer for ungane å bli med på tur. Litt meir slitsomt for mora var det. Men det er veldig god å drage. Sjølv for ein utrent langrensløpar som meg.

DSC_0182DSC_0184
Heime var det også feiring med gaver og kaker.
Og eit forsøk på å forevige 3 åringane våre måtte også til.
cats---IMG_4952---IMG_4948---IMG_4954---IMG_4959---IMG_4960---IMG_4961---

Eg prøvde meg med oppblåste ballongar som bakgrunn,
og det blei bra synest eg, litt meir levande.

Nokre bilete av den vakre storesysta blei det også.

IMG_5005---IMG_5006---IMG_5188---IMG_5201---

Vidare kom våren sigande, nokre erlerider blei det.
Men sola kika fram og vi fekk til og med smake litt på sumaren.
DSC_0150DSC_0153DSC_0375IMG_5842DSC_0359IMG_5827DSC_0298DSC_0293DSC_0311DSC_0315
Figaro; pusen vår er vel husets midtpunkt. Verdas mest elska og tolmodige katt. Ungane klappar og kosar på han. Eirik elskar å leike i skogen saman med han, og Sofie kommanderar han som han skulle ha vore ein hund. Helst skal han sove med henne om natta også. Men han veit å trekke seg unna når det blir for mykje.

DSC_0074DSC_0078DSC_0088

Eirik og Sofie er bestevener som dei seier sjølve. Så klart kranglar dei inn i mellom.
Men bandet mellom desse to er berre heilt unikt!

TvillingarEirik og Sofie

DSC_0202DSC_0206DSC_0203
Eirik og Sofie har endeleg flytta ut av sprinkel-sengene sine, og fått seg nye senge frå IKEA. Vi valgte vokse-senger for å få plass på romet til Eirik enn så lenge, og fordi dei rett og slett ikkje treng senger med full lengde enno.
Å få nye senger har vore kjekt for både små og store, og endeleg er det mogleg å lese bok på sengekanten.
Ungane har faktisk lagt seg betre no enn før, og søv veldig godt i dei nye sengene sine.

DSC_0222DSC_0228

Det siste som har stått for tur var dåpen til Frida i dag. Eg og Paul fekk æra av å bli valgt som fadderar, ei oppgåve vi tek på oss med glede. Så då ville eg gjerne gi ei kake til Frida på den store dagen.
Det blei sukkerbunn med  *Jordbærmousse og jordbær, *vaniljekrem, og *krem med jordbær og hakka sjokolade.
Utanpå var det sukkerpasta både trekk og pynt.

Dagen var nydeleg, og vi kosa oss saman med heile familien til dåpsbarnet.

KakefyllJordbærfyllDåpskakeDåpskakeIMG_5890--

I morgon blir det å ordne siste rest før 17 Mai og etter det så skal bryllupsplanlegginga starte meir seriøst.
Vi har bestemt oss for at det blir bryllup i utlandet i 2018. Men kvar veit vi enno ikkje. Det er jo ei heil verd å velje i. Så det er litt av ein jobb å finne den perfekte staden for oss, som vi vil invitere gjestane våre til.

Studiobilder

Det er veldig greit å ha studio i kjellaren.
Av og til så er det berre eit eller to bilder som blir bra, av og til fleire.

Desse tok eg i samband med at det no er lov å abortere friske fleirlingar fordi ein ikkje vil ha alle.

Eg trur ein då fjernar noko heilt spesielt noko.
Noko som ikkje kan beskrivast med ord. Men som tvillingar seg i mellom føler, og vi tvillingforeldre er vitne til. Eit band

Ingen meg uten deg

 

Ingen meg utan deg

 

 

Tvillingabort

This entry was posted in Blogg.

God Kveld

Det har gått enno litt tid inn i det nye året, så det er vel på tide med ei oppsummering !

PenHygienic
Eg har begynt å kome meg meir tilrette på intensiven, og begynner å føle meg meir trygg i rolla som intensivsjukepleiar. Og eg lærer nye ting kvar dag. Det er travelt å kombinere familieliv og jobb, men eg arbeidar ikkje fullt. Så det går bra, samtidig som eg får pusta litt innimellom.

Twin outfits

Det har vore karneval i barnehagen og vi stilte med Tigergutt og Tussi. To fornøgde små som hadde ein super dag i barnehagen! Helst hadde dei likt å gå slik kvar dag trur eg.

Tvillinger1454873126543
Fastelavn har vi også feira og kosa oss med. Skikkelig bollar med krem blei det.

Baby shower kake
Baby Shower og kake til verdas beste veninne blei det også. Og sidan dei ikkje viste kva som skulle kome til verden så blei det ei med litt av alle fargar. Lille vidunderet skulle egentlig komme til verden på 30 års dagen min, men lille vennen kom litt før. Noko som var ei svært gledeleg gåve å få litt før dagen min.
DSC_0170

Gleden ved å kunne vere på jobb var då å snike seg innom både før og etter vakt for å kunne kose på vesle gode Frida.

Tvillingar
Nokre runder i studio har det også vore tid til, smeller inn nokre eigne bilete frå fotografering etterpå.

14564813636991456481362237Forlovelse
På min siste dag som 29 år blei eg henta tidleg og overaska med hotell, spa og full oppvarting <3
På slutten av kvelden gjekk min kjære ned på kne og fridde <3
Ring i 375 hvittgull
Endeleg etter 10 år saman, 3 barn, 2 hus, ein katt, utdanningar og vidareutdanningar så var det tid for frieri. <3
No går tida med til å prøve å planlegge bryllup.
Men vi veit enno ikkje dato, årstal, eller om vi blir innenlands eller utanlands.
Så det er mykje å bestemme seg for framover.

SofieEirikbestevenner
Eirik og Sofie blir større og herligare for kvar dag!
Og veks opp som erterris! Så omtenksomme og glade i kvarande at det er rørande å sjå på.

Søstre
Og så har vi Matilde som veks raskare enn du får sukk for deg. Viljesterk og ei kjempe god hjelp i heimen. Ho ser til dei minste om morgonen så vi får sove litt fram på. Ho passar på så eg får dusje og stelle meg. Og ho kan passe på middagen medan eg hentar dei i barnehagen. Og det er aldri så lett å levere/hente i barnehagen som det er når ho er med <3


No kryssar vi alt vi har for at ingen andre blir sjuke. Stakars Eirik blei sjuk i går, og har vore dårleg i natt. Heldigvis gav det seg mot morgontimane, og etter intensiv vasking med klor over alt så håpar vi på det beste!
Forma var vertfall på topp i kveld, så om det held fram sånn så er han klar for barnehagen med  2 døgs karantenetid til mandag Smilefjes

Paul-Erik skal vere parkeringsvakt på Bondalseidet i morgon, så vi får kose oss heime aleine. Smilefjes

 

This entry was posted in Blogg.

Godt Nytt År

Tida går forbi så utruleg fort! Eirik og Sofie søv ikkje på dagtid lenger, så her er det full fart heile dagen. Med innslag der vi må kjempe for å halde dei vakne når augene blir ekstra tunge i 4-5 tida om ettermiddagen.

Eg er ferdig utdanna intensivsjukepleiar no! eg sto med god margin og feira saman med gode studie-veninner i Ålesund før jul. Men håpar også på ei feiring saman med familie og venner no snart !
1450456599046

1450199366683
Kake som dei på Intensiven fekk som takk for samarbeidet i praksisperioda.

 

Jula har vore både travel og roleg. Vi har som vanleg feira saman med mamma og pappa, min bror og paul si syster. Ein fin gjeng å tilbringe julekvelden saman med. Alle fekk mange fine gåver og det var godt å få nokre rolege dagar etter også. Vi var i pysj nesten heile dagen, vi såg mange koselige filmar, ungane leika seg og heldt nesten på å gjere oss galne før det var barnehage og skule igjen.
IMG_4158---.

Eirik var med frisør og fekk klipt av seg dei nydelege krøllane før jul og fekk skikkelig sveis. Han verka mykje større etterpå, og med forandringar personleg i jula der han verkeleg har begynt å snakke, spørje fortelle og hevde sin plass i søskenflokken så har han verkeleg tatt antilopesprang i utviklinga. Lille babyguten min er verkeleg ikkje så liten lenger.

Elles så har den fyste måneden i det nye året allereie rast forbi.
Det har vore mykje sjukdom med feber og hoste.
Men no ser det ut som vi er tilbake med friskt mot.

Paul-Erik var permitert 50% frå arbeid fyste vekene i år, men blei raskt kalla tilbake, og jobbar no fullt igjen. Eg arbeidar ekstravakter ved Intensivavdelinga på Sjukehuset i Volda, og synest det er veldig spennande og kjekt,

IMG_20151209_233736
Julekort blei det ikkje frå oss i år, men vi prøvde å få tatt nokre bilder.

This entry was posted in Blogg.

Hei

Det var vel på høg tid med nokre ord her når eg får mail frå domeneoperatøren om bloggen framleis er aktiv?

Joda vi er aktive som aldri før, berre ikkje på bloggen. Ikkje på så mange andre sosiale medier heller. Sett bort frå nokre få postar på instagram @Lykkeligkaos.
Det er fordi dagane er ganske travle, ja eigentleg heilt utmattande!

Eg har tenkt at om eg ikkje har noko anna å skrive enn at eg er sliten, utmatta og motlaus, så kan eg eigentleg berre ikkje skrive noko i det heile tatt. Men når det er slik kvardagen er så blir den ikkje sukkerstrødd berre fordi den kjem på bloggen.

Det er eksamen rund hjørnet og eg har eigentleg ikkje energi til å førebu meg. For praksis tek nesten alt eg har av energi og så får ungane det lille eg har att når eg kjem heim.

No er det ikkje slik at livet er grusomt og strevsomt frå ende til annan. Vi har mykje glede og latter i kvardagen framleis. Men det går i eitt som hos fleire andre.


Elles så var eg og ei veninne i Gdansk i midten av oktober som eit avbrekk frå skule, praksis og alt anna. Det var det beste eg har gjort på lenge. Og så absolutt nødvendig for å få smilet på plass igjen. Vi la oss tidleg, sov lenge, spiste god mat og shoppa mykje. Det var alt eg likar saman med eit nydeleg vesen av eit menneske! Ho gjer verkeleg dagane bedre, det er rett og slett umogleg å ikkje smile saman med ho.

Eirik og Sofie fekk også møte sine store heltar frå vennebyen på show på Amfi forrige veke, her er tvillingane saman med Jumpi

Sofie ville helst ha med seg alle karakterane heim, medan Eirik likte dei best litt på avstand.

Og i Går kom mormor og morfar på besøk med strikka-kle frå oldemor i Nakkjen

Nydelig genser til Eirik og tunika til Sofie, og ei flott skjørt til Matilde. Ungane var heil i ekstase, og ville ikkje ha dei av seg. Arbeidet var som alltid nydeleg flott gjort.

No er det tilbake til skulearbeidet. Sjølv og ein blund på sofaen fristar meir. Natta var lang og strevsom sidan eg ikkje fekk sove, men vonar på ei betre natt i natta som kjem 🙂

This entry was posted in Blogg.
%d bloggers like this: