Studiotid

Då er endeleg foto-studio i bruk att. Det har ikkje vore mykje tid til det, men når eg såg at veggkalenderen frå personleg almanakk held på å gå over på siste veka, så var det også på tide med nokre nye bilete å pryde den med.

IMG_2855--

Men det var leggetid når eg var ferdig med å ordne romet og rigge til utstyret, så det blei ikkje så mykje bilete av dei minste. Men ein natta-muss i emning blei det 😉

IMG_2852--

Dei er blitt så fantastisk store og flinke til både det eine og andre. Det er ei fryd å tilbringe dagane saman med dei! Sjølv om det er over snittet hektisk med to små så er det over snittet fantastisk å ha tvillingar 😉

Og så har vi fått eit nytt familiemedlem i huset. Ein nydeleg kattepus som heiter Figaro! Han er ei blaning av Maincoon mamma og skogskatt pappa. Så han er loden, kjærlig, veldig tolmodig, ekstremt søt, og om kvelden heilt crazy!
IMG_2890--@

Mest av alt er han heilt fantastisk!

IMG_2895--@

Og sist men ikkje minst så blei det nokre bilete av den store flinke jenta 🙂
IMG_2878--@
Ho sit framleis stille og smilar villig 🙂

IMG_2899--@ 

Berre nokre smakebitar frå kvelden 🙂
Og så får eg håpe eg får nokre betre bilete av Eirik og Sofie når det ikkje berre er tull, tøys og fanteri på planen 😉

Elles så går dagane i skule, og daglege gjeremål. Matilde har tre klasser med ballett i år og det går med ein del tid til det, samt lekser og alt anna som foregår inn i mellom.

Men vi heng med i svingane alle saman, enn så lenge 😉

Ha ein strålande kveld alle saman!

This entry was posted in Blogg.

Leave a Reply