Nye tider i vente

Då er det vel på tide å skrive det på bloggen også. Dei aller fleste som kjenner meg veit dette allereie. Men no blir det offentlig.

Eg skal begynne på Intensivsjukepleiar vidareutdanning ved høgskolen i Ålesund.
Og eg begynner i morgon!

Det var med lett skrekk når eg kom inn, ikkje fordi eg ikkje vil dette. Men det er ei evig frykt for å ikkje klare det godt nok. Eg er livredd for å “faile”.

Eg har knapt nok timar i døgnet til å gjere husarbeid, halde på med ungane, lage mat, ete mat og kanskje ein gong i sjeldanheita vere sosial. Ja det synest nok på bloggen at eg ikkje brukar så mykje tid ved datamaskina for tida.

Og frykta for korleis eg no med tre barn, større hus og mange oppgåver. Også skal klare å lese pensum, skrive oppgåver, gjere gruppearbeid, levere arbeidskrav og ikkje minst; Lese og vere klar til eksamen.

 2014-08-04 13.42.09-2

Eg har ingen intensjonar om reint bort med “A” over heile linja, men har absolutt  tenkt å gjere mitt beste! Eg vil ikkje halte meg gjennom det, og akkurat klare det. Då kan eg likegodt slutte, for skal eg ha tittel som “intensivsjukepleiar” så skal eg jammen vere ein god ein!

Og ikkje ein som akkurat klarte det på hengande håret, og som eigentlig ikkje kan det ein burde kunne. Og så ærlig skal eg vere, at det kan vere eg må gi meg om eg ser fara er der.

Men etter at eg fekk vite om fleire her ifrå som også skal gå samme studiet letta frykta litt. Det blir med eit lettare når ein er fleire med på laget, fleire som kan abeide saman, holde motet oppe og hjelpe kvarandre. Så no gledar eg meg til morgondagen og turen utover saman med mine nye studieveninner.

Så no går eg på med friskt mot, sjølv om eg har ikkje tenkt så mykje på det, for det er så mykje anna som forgår om dagane. Men no er det berre å brette opp ermane og gjere seg klar for 1,5 år som student, med praksis og pensum i skjønn forening.

take_chances_drop_fear-300x225

This entry was posted in Blogg.

2 comments

Leave a Reply