Angsten i taket!

På onsdag fekk eg endeleg fjerna noko som har bekymra og plaga meg ei stund.

2014-06-02 12.06.53--

Eg fekk endeleg fjerna ein føflekk som eg hadde bak på venstre hofte. Den var i følge legen ikkje noko å bekymre seg for, men den har likevel plaga meg. Den var stor og stakk litt ut, og var eg uheldig å kleia meg der, så klarte eg av og til å hekte naglen i den. Vond, ubehagelig og lite kjekt å tenke på.

Så endelig onsdag fekk eg fjerna den.

Det var med angst opp til øyrene, eg grua meg noko voldsomt! Stikket til bedøvelsen var ein ting, ikkje vondt å ta, men absolutt ikkje like kjekt å få som å gi :p Eg har alltid sagt at eg egnar meg dårleg som pasient.

 Så skulle eg vente på at bedøvelsen skulle virke, og sidan legesenteret i Ørsta sårt kunne trenge nye lokaler med betre fasilitetar så måtte eg vente litt ekstra. Heldigvis er det så god stemning der nede, alle smiler og er hyggelige, så det heile blei tatt med eit smil. Men bak den smilande fasada steig pulsen i takhøgde, og angsten med.

Kanskje var det like greit at det var innslag av å bytte plass, slå av ein spøk med legane og dei andre som var innom. Samtidig som det ikkje var til å unngå at ein fekk med seg alt som skjedde på andre sida av forhenget. Nemde eg at legesenteret treng nye lokaler? 😉

Smil og latter blei til nervøslatter og klamme hender. Endelig fekk eg vippe meg over på sida, og endelig skulle den skjerast bort. Det må seiast at eg kjende ikkje ein einaste ting, det var ikkje ein nerve i meg som merka at han skar den bort. Og kun med litt drag i huda når han sydde dei 4 stinga så var det knapt merkbart.

All den angsten for ingenting.

 2014-06-01 10.37.33

Men no er den endeleg borte, så då skal det berre gro, før stinga skal takast 🙂
Og det var heller ingen smerter etter at bedøvelsen gjekk ut 🙂

This entry was posted in Blogg.

Leave a Reply