Ei Solskinshistorie

Eirik har tydleg vore plaga med sensitiv og tørr hud. Spesielt godt har vi merka det sidan Sofie har hatt så god, og mjuk hud. Kontrastane blir då store.

Men så plutselig braut det ut store områder med raude flekkar, og dei spreidde seg. Det blei nesten blemmer nokre stadar. Han vakna fleire gongar i løpet av natta, og ofte klarte han ikkje å sovne igjen fordi han haddde tydelig ubehag.
DSC_0751

DSC_0752DSC_0753
Han hadde Sandpapir-hud av grovaste sort, og hadde det ikkje godt

Vi prøvde Aderma Exomega og fleire andre kremar som vi fekk anbefalt. Så blei eg anbefalt Aloe Gelly og Aloe Propolis Creme frå Forever living.
Aloe vera gelly og Aloe propolis creme

Eg smurte med begge to morgon og kveld. Og elles når eg fekk tid når vi skifta bleier og når bodyen fekk kome av. Det som overaska meg var at sjølv om Propolis cremen var feit, så trakk den godt inn i huda utan å bli kleimete. Og så lukta den så godt!

Det tok ikkje mange dagane før guten endelig begynte å sove igjen.
Så var vi med legen, og sjølv om han hadde blitt betre så var der tydelige teikn på eksemflekkar og vi diskuterte kortison og henvisning til Ålesund.

Eg ville vertfal halde fram ei stund til med desse før vi skulle ta steget vidare. Dei hadde tross alt gitt bedring så langt.

Og når vi hadde brukt dei i to veker så merka eg at det var ikkje den samme raspande følelsen å smøre han inn lenger. Han var ho så mykje betre å stryke over ryggen og magen.

Og det var tydleg betring
2014-04-27 09.16.262014-04-27 09.16.35
Så eg tok bilde av han og samanlikna dei. Og det er ikkje tvil i at det har virka.
Atopisk Eksem

Eg blei med dette heilt frelst!
For ei glede for små og store å få oppleve å finne kremar som hjelper. Og det heilt naturlige kremar utan kortison 🙂

Han har framleis tørr hud, men det er klart på betringens-veg 🙂 Så her smører vi og held det ved like.
Hipp Hipp Hurra 🙂

Og akkurat i tide for fotografering av Eirik og Sofie som er i morgon 🙂
Og eg som allereie har spurt fotografen om det kanskje går å retusjere bort noko av eksemen. No slepp vi å tenke på det 😉

No må eg berre klare å finne ut kva kle dei skal ha på seg 🙂

Om du også vil prøve dette med 90 dagar 100% fornøgd kundegaranti, så send meg ein mail på Stinegull@gmail.com

This entry was posted in Blogg.

Leave a Reply