Den tida

Den tida som går så himla fort!
Den vi aldri har nok av, og som vi slit med å disponere riktig.

Eirik og Sofie er 1 år i morgon, og det er rart å seie det, men det set mykje følelsar i sving.
Eg trudde vel ikkje det skulle vere sånn, men ein får vel dobbelt opp av det også når det er to.

Dagane er fulle, og det er ikkje lett å disponere tida riktig. Og uansett kor mykje eg prøver så får eg ikkje tid til alt. Så data og blogg har naturlig nok, vore noko av det første som blei nedprioritet. For når eg fyst finn meg ein plass forran maskina, så går det fort mykje tid til ingenting.

I morgon er dagen her, ei lita kake er baka, og vi skal feire saman med familien, med taco 🙂

I helga blir det feiring saman med fadderar og vener 🙂

Eg er så ufattelig glad for at eg arbeida dei tre mnd i sommar, så eg får vere heime saman med barna mine enda.  Det å få vere heime i permisjon er ei verkeleg dyrebar tid. Det er den mest givande jobben eg nokon gong har hatt, og den eg føler eg meistrar best av alle.

Sjølvsagt er det nokre bakdelar, men det er det over alt. At eg saknar litt vaksenkontakt, og lovpålagte matpauser og dopauser er ei ærleg sak. Men eg hadde ikkje bytta noko av det mot den tida eg får saman med ungane no.

 IMG_6871-


Dette er det aller første bilete av Eirik, Sofie var så dårleg at ho fekk eg ikkje holde før dagar seinare. At det framleis sit i meg er sikkert. Så å tenke tilbake på den dagen er spesielt.

No skal eg nytte tida til søvn og opplading til morgondagen 🙂

Leave a Reply