Baby Jogger City Select

Etter mange spørsmål om vogn nummer to ; Baby Jogger City Select så har eg valgt å skrive ein liten vogn test om denne. Samtidig som her kjem eit lite bilderas.

Eg hugsar sjølv når eg prøvde å komme meg gjennom vognjungelen at eg sakna bilete av vognene i bruk frå ulike vinklar. Samtidig som mødre gav ei ærlig og god tilbakemelding.

2014-03-12 10.55.30-


Fyst og fremst så er denne vogna liten sammenlagt, tek lite plass i bagasjerommer, er enkel å slå opp og saman. Den er smal, enkel å trille og snu, og ypperlig til bruk på butikkar mellom klestativ og trange reolar.

IMG_9163 IMG_9164
Sånn ser vogna ut samanlagt når den ligg i bagasjerommet, eg har brakettane til sete nr to på. Seta tek du av og på med eit klikk, så dei er fort gjort å ta av og på, snu og vende.
 IMG_9165-IMG_9168-IMG_9167- 
Hjula er også svært lette å ta av og på, det samme med braketten for ekstrasetet.
Med eit klikk på desse knappane er dei av og på, og då bli vogna enda mindre samanlagt. Som kan vere praktisk om ein skal ut å reise og vil spare meir plass.
Men som sagt er den så liten uten også, at det gjer ikkje eg til vanleg.
IMG_9170IMG_9171
Ei klemme på sidan av vogna held den saman så den er lett å forfytte samanlagt.

  IMG_9172 IMG_9174 IMG_9173
Vogna er slått opp på eit blunk og klikkar seg på plass sjølv når du foldar den ut
 IMG_9175-IMG_9177-
Seta set du lett på plass der du vil ha dei med eit klikk. For å ta dei av så trykker du på den grå knappen på kvar side og løftar rett opp.

IMG_9179IMG_9180IMG_9183
Du kan velge å berre ha på eit sete, kjempe kjekt når ein berre har med eit barn på tur, så ser det ikkje så rart ut med eit tomt tvillingsete ved sidan av. Då brukar ein den midterste braketten for å feste setet, Dei to ekstra brakettane framme kan då enkelt takast av. Du velger også sjølv om du vil ha setet mot, eller frå deg.
IMG_9184IMG_9190IMG_9191 
Kallesjene er også store og gode, men desverre så kan dei ikkje låsast faste
2014-03-12 10.53.34--
Variasjonane er mange, her er begge vendt mot meg
2014-03-12 10.53.53- 2014-03-12 10.54.13-
Enn skiftar også lett mellom liggande og sittande stilling

 IMG_9187 IMG_9188
2014-03-12 10.55.30- 2014-03-12 10.55.22-
Her er dei vendt mot kvarandre, ein kombinason eg brukar ganske ofte.
IMG_9202IMG_91962014-03-12 10.57.05-
Vendt frå meg får begge to sjå like mykje, men den bakersta har ein tendens til å sparke i ryggen til den framom
IMG_9195 IMG_9194 

Korga under kan du åpne glidelåsen på sidene og vippe ned kanten. Noko som er veldig praktisk når ein skal få plass til diverse under. Den er også rolseg og god
IMG_9193-
Ryggen justerar du ned ved å trykke inn den grå knappen på ryggen, og så legg du ned eller sett opp.
IMG_9181
Fotbretta justerar du ved å trykke inn ein knapp på kvar side og bøyen det opp eller ned. Du kan også justere lengda på det.
IMG_9182 
Selane justerar du i høgda ved å klipse dei på dei ulike hempene, alt etter behov.
IMG_9197
I kalesja er det kikeluke
IMG_9198 IMG_9199 IMG_9201
Bremsa er på høgre side av handtaket. For å låse vippar du den opp.
For å løyse den knip du inn to knappar på sidene, dreg lett mot deg og vippar ned.
IMG_9200--   IMG_9206- IMG_9207
Hjula framme er svingbare, men du kan velge å låse dei når du for eksempel trillar på grus og snø. Då dreiar du den grå rundingen mot stille nr 2.
  IMG_9209- IMG_9210 IMG_9211
Bøylen over sportsdelen kan du enkelt vippe opp ved å trekke tilbake knappen oppå, og trykke inn den under. Dette er fint når ein skal prøve å løfte eit sovande barn forsiktig over i bilstolen 😉
IMG_9212 IMG_9213 IMG_9214
Selane er enkle å ta på
IMG_9215- IMG_9216
Styret kan du regulere ved å trykke inn knappen midt på styret, og trekke det mot deg, eller skyve det inn.
IMG_9217- IMG_9218
Når du skal legge saman vogna tek du fyst av seta, så trekker du i handtaka på kvar side som det står “FOLD” på og løftar. Då klapsar vogna enkelt saman, berre sett på klemma og legg den bort

IMG_9219 IMG_9220 

Her er nokre bilete av vogna i bruk ute på tur:
IMG_20140201_153440 PhotoGrid_1379772952405

Den trillar godt på brustein, grus og er ypperlig inne på kjøpesenter.
Den er smal og kjem seg inn alle dører.

Det som kan vere negativt er at den er litt vanskelig å få framhjula opp på fortauskanten. Men eg har fått meg ein teknikk der eg legg vekta på styret og vippar den opp. Ein må ta i meir enn ved ei enkelvogn, men alt i alt ikkje noko problem.

Denne kan ein også få bilstoladapter, babybag og fleire andre tilleggsprodukt til.
Eg saknar posar til vogna, men har ein plan om å sy nokre enkle fleeceposar til å ha i den.

Vogna er grei å sove i, men til lengre trilleturar og soving brukar vi TFK fordi den er lunare og meir robust.

This entry was posted in Blogg.

6 comments

  1. K says:

    Synes du sittedelene er romslige nok? Jeg vurderr å kjøpe den som søskenvogn til barn med 18 mnd mellomrom. Virker helt fantastisk å kunne bruke den som singelvogn også:-)

    • Gulla says:

      Hei 🙂

      Eg har ikkje tenkt på at dei er små. No er ikkje barna mine av dei største, men dei har god plass. No er mine 17 mnd og sitt godt, søv godt og likar seg godt i vogna.

      Vi er kjempefornøgde, og dette er den vogna vi alltid har i bilen, og brukar på butikkar, kafe og andre turar.

  2. Gunnfrid says:

    Hei! Jeg googlet denne vogna litt, og havnet her:) Så fin beskrivelse av vogna, og fine bilder! Jeg lurer på om du fortsatt bruker denne vogna når ungene har blitt større? Vi vurderer å kjøpe denne til våre på 1 og 2 år, men lurer på om sittedelene fort blir litt små.. Fikk ikke prøvd i butikken, da de var utsolgt. Har du erfaringer med dette? Mvh Gunnfrid

    • Gulla says:

      Hei 🙂 Vi brukte den vel til dei var ca 2,5 nesten 3 år. Då blei det liten plass for beina. Vi har ikkje solgt vår enda.
      Men må nok til å gjere det no når dei har bikka 3 år.

      Som sagt veldi fornøgd med vogna 🙂

  3. Danielle says:

    Hei der, jeg trenger en søskenvogn. Jeg reiser nå i jannuar og har ei da som har fylt tre og ei på 6 mnd. Jeg så på denne vognen og tenkte den kansje var fin, for meg er det viktig at den er lett å legge sammen da jeg reiser alene og at begge barn kan sove i den. ‘Min eldste er opptatt av å kunne ligge og ha støtte til bene. At bena ikke går rett ned om du kjønner? Tror du det er noe vits for meg å kjøpe denne? Ser at du skriver at det ble litt lite plass for bene når dine bikket tre år.
    Har sett på andre vogner men de fleste blir liksom for bre eller at det ikke er fotstøtte. What to do😂😂

    • Gulla says:

      Eg hadde nok heller tenkt på ei anna vogn då, siden det er litt lite bein plass. Men kanskje om den eldstre sitte så ho fåt mest beinplass og den andre bak. Men litt usikker om den blir litt kort i ryggen også

Leave a Reply