Ei verd full av farer

Det å få barn er heilt magisk!
Dei får deg til å smile over ting berre ei mor kan finne glede i.
Og dei får deg til å sjå magi i bittesmå ting.

Dei får deg også til å innsjå at verda og heimen! Er full av farer!
Glippa mellom døra og dørkarmen som er designa for at små fingrar skal inn å utforske, og dermed klemre seg.

Skarpe hjørner på alt av møblar, og tunge ting på hyller som dei akkurat klarar å rive ned, og planter som ein liten knøtt vil smake på.

Eg har aldri sett så mykje farer som no når eg har to. For det er ikkje like lett å halde oppsyn med dei som det var med ein (naturleg nok).

Samtidig så må eg stadig minne Matilde på at ho ikkje må ta med legoen ned, at ho ikkje må legge frå seg pengar på bordet, og at dørene til trappene må latast att!!

Og no når eg klarte å misse nokre chilinøtter på golvet, så låg eg i fleire minutt å kika ekstra godt. For å vere heilt sikker på at eg fekk plukka opp alle saman!
twinsa

 
Det er ei fare kring kvar ei krå, og vi gjer vårt beste for å eliminere dei farligaste. For om ein tenker seg om, så kan alt vere farleg. Men vi får takle klemra fingrar og blåkular så godt vi kan. Enn kan ikkje surre dei små inn i bobleplast heller. Men ei leikegrind er veldig greit å ha i ny og ne når ein ikkje kan halde oppsyn med begge på ein gong 😉

This entry was posted in Blogg.

Leave a Reply