Ringeklokke

Kjære alle sammen som brukar å komme på besøk, har lyst på besøk eller som av ein eller annan grunn kjem til oss!

Vi har kopla ut ringeklokka vår. Vi gjorde det i jula då det blei mange som kom i ny og ne for å gi gåver, og sjå på nye huset. Sidan ungane våre er svært vare for lydar så kopla vi den ut.

Så om du kjem på døra, ringer på, og ingen åpnar; så er det fordi den ikkje er i bruk. Om du bankar på kan det også vere vanskeleg å høyre gjennom to dører og til tider ungeskrål.IMG_20130821_150623

Så send oss gjerne ei melding, eller ring oss om vi ikkje åpnar 😉
Og sjølv om døra er låst så kan det hende vi ikkje har åpna døra for dagen 😉

Ein liten heads up for de som vil på besøk, men snur på trappa når vi ikkje åpnar :p

This entry was posted in Blogg.

Leave a Reply