Livet

lesebok


Heimen er både vond og god,
det skifter med sut og gaman.
Hæv er den, som med same mod
kann taka mot alt tilsaman.

Vegen ligger jo ymist til
med staup og store krokar.
Ein kjemer der, som ein inkje vil,
og fram i mange flokar.

Sveinen stemmer i vegen radt
med stora voner i barmen;
han møter ymist ein bakke bratt,
han møter stundom harmen.

Um ei stund han fær ein stur,
det hever sit gamle gjenge:
Gleda gløymest, fyrr du trur;
men sorgerna sitja lenge.

Kjem han sturen i verdi ut,
so fær han liten fagnad;
ho snur seg burt ifrå all sut;
so klagar han på sin lagnad.

Han lastar verdi, som er so snar
frå sorg til leik at venda.
Han gløymer lett, at det same var
hans eigen hug, kann henda.

Strenge dagar må koma på;
men eter koma dei milde.
Den største hugnad me stundom få,
der minst me vona vilde.

Lauvet fell um hausten av,
um våren atter det spretter.
Dauden herjar um land og hav;
men livet kjem altid etter.

Stormen sopar i skogom hardt,
so tre og kvister brotna;
men grønne kvister vil renna snart
av rotom til deim, som rotna.

Kjært er livet med all sin harm;
det klårnar, alt som det gjenger.
Men endå treng eg ei von i barm
um eitt, som varer lenger.

av Ivar Aasen

This entry was posted in Blogg.

Leave a Reply