Robotstøvsuger

Det har kome litt spørsmål om robotstøvsugarane mine i det siste. Vertfal etter eg la ut bilete av den på instagram og bloggen i samband med #timefortime utfordinga.

Fungerar den?
Ja med tanke på at det alltid er noko i avfallskammeret så får den alltid med seg noko når den er på runde. Mine tar runda over golva, fleire gongar i veka, så det er ikkje dei store mengdene kvar gong. Men det er overaskande alt den finn sjølv om eg nettopp har vaska golva.

Går den overalt?
Den går stort sett over alt, eg har høg nok sofa, så den går under. Den går over dørstokkar om dei ikkje er for høge. Eg har ikkje tepper, så kan ikkje svare kor godt den klarar det. Men den skal klare korthåratepper fint, dei med lengst hår vil eg tru den får litt problemer med.

Den dekker mesteparten av golvflata, og når den går så ofte som den gjer, så rekk den over alle plassar på golvet i løpet av veka.

– Eg har to robotstøvsugarar; Ein Roomba 650 og ein Samsung Navibot
2014-02-27 22.03.41

Den fyste eg kjøpte var Roomba. Eg kjøpte den på ebay, og ville berre sjå om det var noko å ha. For som med alle andre så verka det litt for godt til å vere sant. Men når eg såg for ei god hjelp det var i den, så kunne eg tenke meg ein til.
Når det då var tilbud på Samsung navibot hos “Enklere Liv” så slo eg til.

Roomba:
Roomba bråkar litt, men verkar til gjengjeld litt kraftigare enn Samsung. Den tek seg fram over dørstokkar, men kan legge igjen ein liten støvdott om den har mykje støv i understellet. Den er flink til å ikkje sette seg fast i ledningar, og brukar som regel å kome seg laus om den køyrer seg fast mellom ting.

Roomba kan programerast til å starte til bestemte tider på bestemte dagar. Når den er tom for batteri går den tilbake til ladestasjonen sjølv. Sjølv om Roomba ikkje går etter eit bestemt mønster så synest eg den rekker godt over alle flater, og den er spesielt flink til å gå langs lister og kantar så den får med seg det støvet som samlar seg i krikar og krokar.

Den har sensor under seg så den ikkje dett ned trappa, og det følger med fyrtårn som ein kan sette opp om ein vil stenge av eit område.

Den er enkel å tømme og reingjere, og ekstra filter og børster kan kjøpast billig på ebay 😉

Samsung Navibot:
Dette er den som får gå om kvelden når alle er i seng og siste finish skal takast. Den er ikkje heilt stille, men lydnivået er såpass dempa at eg kan sjå på TV medan den held på. Denne har også ein mikrofibermopp bakerst som sopar med seg det fine støvet som støvsugaren ikkje får opp.

Denne er ikkje like flink til å gå langs listene, men er meir systematisk med å gå over golvflatene. Det finnes også ein funksjon som heiter “edge” om ein vil sende den ei ekstra runde rundt kantar og lister. Også her er det fort gjort å tømme og rense. Den går sjølv tilbake til ladestasjonen, og ein kan stille inn automatisk støvsuging på dag og tid.

Denne dyttar meir på tinga enn Roomba. Roomba har meir følsomme følarar på kanten så den snur når den møter noko, denne gir meir motstand og flyttar gjerne på stolar, og det den klarar å flytte, om det står i vegen. Noko som er greit nok, berre det ikkje er interiørstigen med mykje pynt i, eller spegelen som står lent inntil veggen på badet 😉

 

Det eg likar med robotstøvsugar er at husarbeidet blir meir effektivt, og eg får støvsuga over golva sjølv om eg egentlig ikkje har tid. Som å kunne sette på støvsugaren på kjøkkenet medan eg leverar Matilde på skulen, eller at den støvsugar stova medan eg er på trilletur.

Når eg var på jobb så stilte eg dei inn så dei starta kvar dag kl 12. Då var det berre å tømme støvsugaren når helga kom, og det var jamt over greit støvfritt. Det er også eit spark bak til å få rydda golva, for det seier seg sjølv at golva må vere rydda før støvsugaren set igang. Så her er det eit godt spark bak til å få rydda bort alle leikene, og leikematta før støvsugaren gjer siste finish.

Inn i mellom tek eg runda med støvsugaren sjølv, mest for å få tatt alle flater, og innerst i hjørna og på listene. Dei tek desverre heller ikkje trappene :/ :p

Når eg har vaskedag så er dei også flittig i bruk, og eg føler meg meget effektiv når den støvsugar soverommet samtidig som eg vaskar over badet. Og når den har støvsuga golva, så er det berre å vaske over, og jobben er gjort 🙂

Spør gjerne meir, eg svarar så godt eg kan :p

This entry was posted in Blogg.

2 comments

  1. Anonymous says:

    Hmm….kanskje ein bør invistere i noko sånt…?? Kan du huska sånn ca kva desse kostar? Fin blogg forresten! Kjekt at du tek deg tida til å dele!

Leave a Reply