Bananlapper til barna

2014-02-15 13.38.43


Eg er ein flittig brukar av Instagram, og går under brukarnamnet @Lykkeligkaos
Og idag såg eg at ei av tvillingmødrene som eg følger; @S0lskinn la ut bilder og oppskrift på bananlappar til barna.
Eg har som regel det såpass travelt heime med Eirik og Sofie at noko kokkelering blir det lite tid til. Men dette er så raskt og enkelt at ein kan lage det medan barna ventar. Og så kan dei få dei nysteikte og gode (sjølvsagt litt avkjølte)

OPPSKRIFT
– 1 godt moden banan som du kleistrar

– 1-2 egg
—-> Pisk saman og steik på steikepanne til små lappar

Eg har tilsett grovmjøl eller havrekli for å gjere dei meir mettande

Eg ser ein også kan tilsette litt havregryn om ein vil, og kanskje salt til større barn eller vaksne 🙂 Desse må da vere topp å legge i ei matboks til barnehage- og skule-barn 🙂

IMG_20140108_144517 (1)
Smakfulle, Saftige og Gode!

This entry was posted in Blogg.

3 comments

  1. Natalie says:

    Genialt! Takk for at du deler tipset på din blogg 🙂 Dette skal jeg prøve på mine tre ja 🙂 Fin blogg du har og veldig nydelige barn!
    Hilsen Natalie

  2. Pepperkakefjellet klatrer says:

    Slike lappar er kjempegode! Eg lagar de til kveldsmat når vi har overmodne bananer. Eg miksar i havregryn som du foreslår – da blir de litt meir mettande:) Ein kan også blande i eit raspa eple, eller drysse over nokre blåbær. Deilig!

Leave a Reply