Nyinnflytta

Ja då har vi komt oss i hus. Og kaos har vore ein raud tråd gjennom innlegga mine dei siste månedane. Lat meg seie at det har ikkje endra seg, eller kanskje til det verre 😉

Eg finn ikkje att den ting!
Og med ting på mellomlagring med mamma og pappa, og nokre ting her, og andre der. Fleire som har hjelpt til med pakking, flytting og plassering. Ja eg kan trygt seie ej ikkje har oversikt, eller kontroll i det heile. Eg føler meg heldig når eg veit kvar ungane er 😉
Tvillinger Gutt Jente

Julepynten står klar i kassene, men eg har ikkje så mange plassar å sette den, då det verken er hyller på veggen eller sjenkar på plass.
Men Matilde fekk lokka meg til å kjøpe julestjerne til sitt rom, Eirik sitt, og til stova. Den til stova viste seg å vere diger, men Matilde var så strålandes nøgd at eg har ikkje hjerte til å plukke den den. Eg får sjå om eg finn ei som er hakket mindre og som passar betre ;p  Til då får den henge så lenge.
2013-12-05 16.36.08 
Jotun Aladdin blå
Eirik har fått pynta litt rommet sitt til jul. Der manglar eindel både av gardiner og ting på veggane men, så langt så bra 🙂 Veggane er mala i fargen Aladdin av Jotun og listene i bomull. Fargen er heilt herlig å sjå på, så dette romet er eg verkeleg nøgd med. Og eg ser fram til å gjere det heilt ferdig 🙂

Eirik og Sofie har no fått kvart sitt rom å sove på.
soveromtvillinger sover
Det er rart å gå frå å ha dei i samme seng ein halvmeter frå sengekanten vår, til kvar sine senger på kvar sine rom. Heldigvis ligg både romet til Eirik og til Sofie vegg i vegg med vårt. Når dørene mellom roma våre står åpne så høyrer vi dei godt 🙂

Eg var veldig spent på å flytte dei, korleis skulle det gå? Vi bestemte oss for at no måtte Sofie lære seg å sovne sjølv i senga. Det vart også bestemt at no var det slutt på nattmat. For å ha netter der eg av og til var oppe 8 gongar for å amme, det resulterte berre i ei utmagra og utslitt mor. No var dei bikka 8 måneder så eg kan med god samvittigheit pakke inn puppen og prøve å få sove litt 😉 Skriking ville det bli uansett, så like greit å ta alt på ein gong.

Fyste kvelden var det eindel skriking frå Sofie, men med eingong ho blei plukka opp var det eit stor glis. Etter foring og kos, var det klart. Ho skreik fordi ho var grådig fornærma fordi ho ikkje fekk sove på meg lenger. Vi holdt på eit par timar fyste kvelden. Så sov ho til ca 03, nokre runder med å gi smokk utan å plukke ho opp, og så sovna ho igjen og sov til 07. Neste kveld var det berre 40 min med styr før ho sovna, og så våkna ho litt igjen ein time seinare. Men når vi er konsekvent med å ikkje ta ho opp, så sovnar ho igjen. Det er nok å berre stryke ho på ryggen så roar ho seg.

Det har gått veldig bra. Eirik vaknar av og til han også, men det held å gi vatn på flaske og smokk så sovnar han att. Så nokre gongar opp blir det. Men det er ei heilt ny verd. Eg har kveldane for mej sjølv, eg kan ete mat, stelle meg og ta meg ein dusj. Eg har senga for meg sjølv, og kan sove godt utan å vere redd for å vekke ein unge, rulle på ein unge eller at ein skal dette utfor sengekanten. Ja det er reint herlig no!

2013-12-02 21.37.58
(Til og med julebrus og potetgull kan eg unne meg no)
 
Og så har eg og Matilde vore på øving til Ballettshowet neste helg. Idag var det gjennomgang frå 10-14, i morgon blir det kostymeprøve og gjennomgang frå 11-14. Eg har jo klart å trakke over på tåspiss, såpass at leddbanda har fått seg ein god strekk, men det skal gå denne gongen også 😉
  2013-12-07 11.59.56ballett 2013-12-07 12.18.22 
Eg merkar godt det er annleis å vere med på ballett og show no, kontra korleis det var før. Då hadde eg berre meg sjølv å tenke på, det var ingen problem med å setje av tid til balletten, det einaste eg hadde i tillegg var skulen, venner og ein ekstrajobb. Hadde det ikkje vore for at eg har permisjon, hadde eg nok ikkje kunna vore med i år.
point dancepointshoes2013-12-05 13.00.14 
Eg prøvar å få øvd litt heime, men det er jaggu ikkje lett. Og så er det jo så mange andre ting ein også skal gjere i heimen, så eg håper trinna sit 😉

No er det å kike gjennom nokre fleire kasser, før senga kallar 🙂
Eg har lengta etter den sidan eg sto opp i dag 😉

This entry was posted in Blogg.

2 comments

  1. Stine Marie Gulla says:

    Takk 🙂
    Mange seier Sofie er veldig lik systra, noko som stemmer 😉 Og dermed litt like meg 🙂

    Eirik er så lik faren at det er morsomt å sjå dei saman 😉

    Ein av kvar sort, men likevel ganske søskenlike 🙂

Leave a Reply