Male fliser på kjøkkenet

På kjøkkenet er det flisar mellom overskap og benkeskap. Vi har planar om å pusse opp kjøkkenet, men sidan det er ei påkjenning for lommeboka, tek mykje tid og energi, og medfører mykje rot. Så er det noko me utsette til neste år.

Men nokre små oppgraderingar kan ein gjere så det blir litt betre fram til då. Eg bestemte meg for å male over flisane.

Det held nok ikkje for evig, men satsar på det held seg fram til nytt kjøkken står for tur 🙂

Her er nokre bilder før 🙂
20131124_100414

20131124_100452

1. Vaska/skura eg flisene med salmiakk og ein skuresvamp.
2013-11-24 10.46.40 2013-11-24 10.46.48
Sidan det var ganske skite, så vaska eg dei to gongar
Hugs å skure dei godt så alt fettet forsvinn.
Om der er skit og fett på flisene vil ikkje malinga sitte.
20131124_110118
2. Når det hadde tørka så vaska eg over med rødsprit for å vere sikker på at alt fettet var borte.
2013-11-24 12.58.21
3. Eg fekk tips om å ha på primer, om det er naudsynt veit eg ikkje, men eg prøvde vertfal. Veldig tynn den primeren så eg var usikker på om eg gjorde det rett
2013-11-24 13.53.26
4. Når primeren hadde tørka rulla eg på Heftgrunn

2013-11-25 22.33.25 2013-11-25 22.33.32
5. Så Mala eg over med to strøk trestjerner gulvmaling i ønska farge
(Eg valde Chi)
Eg brukte pensel ved kantane og i fugene, og så rulla eg over med ein skumrull.

Her er resultatet 🙂
20131127_1219002013-11-27 12.18.31

Nokre tips:

* Skrubb bort skit og fett godt!
* Masker kantane
* Bruk pensel til kantar og fuger, og skumrulle over.
* Pass på så det ikkje renner
* Vent til kvart lag er tørt før du går vidare til neste
* Skjer langs ved veggen og maskeringstapen når du skal fjerne den, ellers kan du risikere at du dreg med deg malinga.

This entry was posted in Blogg.

6 comments

  1. Anonymous says:

    Dei blei fint!:) Eg vurderer å gjere det samme sjølv.. Ser du mala med gulvmaling. Blei du råda til det? Er det ein del glans i den?

  2. Stine Marie Gulla says:

    Jo takk 🙂 det blei mykje betre, og det har halde seg bra hittil 🙂
    Eg surfa eindel på nettet, og fann nokre andre som hadde brukt gulvmaling, så når eg sa på butikken kva eg trengde og kva eg skulle bruke den til, så var dei einige i at det ville fungere 🙂 Det er litt glans i den, så overflata er blank, og det er lett å vaske av skitt og fett 🙂

  3. Anniken says:

    Hei!

    Jeg har planer om å male flisene på kjøkkenet mitt, men er litt spent på å høre hvor godt det holdt seg etter du malte dine fliser.

    • Gulla says:

      Hei 🙂

      No har det gått over eit år sidan eg malte dei, og det held seg godt enno. Utanom eit område i hjørnet som eg veit er fordi eg ikkje fekk vaska bort skit og fett godt nok.

      Hugs også å skjere langt maskeringstapen og flisene før du fjernar tapen så du ikkje dreg med deg malinga. Og du får ein finare kant.

      Kjekt du er innom, og beklagar seit svar 😮

Leave a Reply