Helsing frå LykkeligKaos

Ja i skrivande stund sit eg i huset på toppen av Engeset. Ein stad vi/eg har gitt namnet lykkeleg kaos. For det har vore kaos frå ende til annan i nokre veker og måneder no. Det må snart ta ein ende, men framleis litt arbeid står att. Eg kan vertfal konstantere at å kjøpe og selge hus inneberer mykje arbeid. Kjøpet og salget er greit nok, men det er alt som skal ordnast, vaskast, styrast, malast og alle valga ein må ta.

Men midt i alt er det ein raud tråd av lukke. Eg må seie eg og Paul har det fryktelig bra saman. Ein sånn situasjon som vi har vore i, med mykje stress, eit enormt arbeid på alle plan, lite søvn, tvillingar og tre barn. Ja det er lett å ryke saman og krangle over småting. Men vi har stått fint i det saman, og vi er på veg ut av nokre travle månedar med lukka i behald.

Paul-Erik held på med skulearbeid også. Og alle som har tatt vidare utdanning på heiltid veit at det inneberer mykje arbeid med innleveringar og oppmøte på skulen. At han må pendle til og frå Ålesund gjer ikkje det mindre travelt. Men tenk deg å gjere innspurten av semesteret med tvillingar som held på å få tenner, som ikkje vil legge seg eller sove heile natta. Eit hus som skal gjerast istand til salg, og eit hus som skal gjerast klart til inflytting. Pluss også på ei frue som held på å gå frå forstanden og masar om fargeval og fleire stikkontakter. Det er rart han ikkje har gått frå forstanden.

Så har du fruen som går heime, tidlege morgonar, gjerne med nokre få timar med søvn. Sofie nektar å legge seg, tenner som kjem med begge to, og urolige netter der det konstant ligg ein unge, eller to, eller tre i senga med oss. Paul-Erik reiser 06:30 på skulen så mor har ansvar for å få på alle kle, gitt alle mat og få storesyster på skulen før ungane skal heim og forhåpentligvis ta seg ein blund. Lat meg legge til ballettimar og øving til show 🙂 Ballett er heldigvis eit avbrekk frå vaskebøtter, bleier, grautskåler og malingspann. Men det tek energi det også. Siste vekene har eg stått på hovudet i vaskebøtter og hendene er knusktørre av salmiakk og skuresvampar.

2013-11-24 10.46.48

2013-11-24 00.04.35
Tirsdag var kroppen øydelagt, hodepine og ryggsmerter, då er det godt med hjelp frå mamma og pappa, og svigers til å hente seg innatt. No er det snart siste innspurt, til helga håpar me på å få vere i hus. Og eg satsar på å få fyste søndag i advent her heime i Lykkeleg Kaos.

Eg må vel halde fram med å fylle i skapa på kjøkkenet, det er mykje so skal på plass. Og ein må vel nytte seg medan dei små søv, men eg følte eg måtte gi livsteikn frå meg 😉 Og sidan internett er flytta hit, så var dette den moglegheita eg hadde. Følg oss gjerne på instagram; LykkeligKaos for å sjå bilder av oppussing og daglegliv 🙂
  2013-11-26 18.08.44 2013-11-26 18.22.55

This entry was posted in Blogg.

Leave a Reply