Når veggen er nådd

Orkar vi då å klatre over, eller rive den ned?

Eg var spent idag også, når det var ny ultralyd og ny vurdering.
Det tok si tid å vente, og når eg endelig fekk kome til, så var overaskelsen stor. Både for meg, jordmødre og legar.

Vi veit dei e aktive, men aktivitet på dette nivået så seint i svangerskapet, og så med tvillingar. Det har ingen opplevd før.

Tvillingane låg bokstaveleg talt på kryss og tvers. I tverrleie begge to, i nokre finurlege stillingar som gav legen litt av ei oppgåve for å finne ut kven som var kven og låg kvar.

No er alt uvisst igjen. Ingenting planlagt, anna enn ein ny ultralyd i morgon. Kanskje vi kan håpe dei har snudd seg heilt rundt då?
Men spørsmålet er alltid; Kor lenge held dei seg der? Og kva skjer om vatnet går no`?

Vi lever i uvisse. Og etter ei veke på sjukehuset, så kjenner vi på kropp og psyke at det er nok! I morgon håpar vi på svar, i det minste ein plan for kva som skal skje.

Eg ringde Paul-Erik og ba han kome tidlig frå skulen idag, eg trengde han her. Snill som han er så kom han, og jammen er det godt med trøst og støtte frå mannen i mitt liv. Seinare tok han turen og kjøpte trøstemat; Burgerking. Det trengs på sånne dagar.

No håpar vi at vi slepp fleire nedturar. Det kan gå på helsa laust, både på eine og andre viset.

This entry was posted in Blogg.

2 comments

  1. Anonymous says:

    Så frustrerande dette må være for deg, men hold ut, premien(ane) er fantastisk!

    Masse lykke til, håper begge har lagt seg riktig i morgon og at du kan få noko å forholde deg til.

    Helsing fast (og spent) lesar 🙂

Leave a Reply