Frustrasjon!

I går hadde eg tenkt å poste eit innlegg der vi ropte ut eit lite “Hurra!” fordi baby nr 1 hadde leie i hodeleie dei siste TO ultralydane, og at det kanskje no var håp om å bli satt igang skikkelig sidan den låg rett veg.

Spent på ultralyden idag, og spent på om det heile snart var over trippa eg veldig spent inn til ultralyden. Men NEIDA!! Der hadde dei snudd seg igjen og no ligg begge i seteleie.


(To hoder tett i tett, Tvillingane pønskar ut nye fantestrekar)

Så då vert det ingen igangsetting, og dei vil helst ha is i magen og sjå om dei snur seg igjen snart.

Tre gongar har eg vore såååå nær å få møte tvillingane, men dei har snurra på seg og utsatt alt!


(Jenta?)

Eg har forberedt meg på keisarsnitt, setefødsel, keisarsnitt igjen, og så vanlig fødsel, og no setefødsel igjen. Eg veit aldri kva som skjer, eller når det skjer. Vi anar ikkje om vatnet kjem til å gå. Eller om riene tek seg skikkelig opp snart.

Eg føler eg har vore halvvegs i fødsel i ei veke. I eit lite fengsel, der eg må smile fint for å få gå ein liten tur. Der det kjem ann på den som er på vakt om eg må ligge eller kan gå litt rundt.

This entry was posted in Blogg.

Leave a Reply