Boble

Ja eg lever i mi eiga boble for tida.
Eg har vel eigentleg gjort det ei stund. Ei gravid boble.

Der alt handlar om graviditet, fødsel og baby.
Matilde hoppar inn i bobla saman med meg og Paul-Erik bur der på heiltid. Vi snakkar om navn, trilleturar, forventningar og bekymringar. Matilde teiknar korleis den komande familien skal bli, ho fantaserar om kor fantete dei blir, og alt gale dei kan gjere.

Saman med familien har vi vaska og rydda til dei små kjem.
Vi har kjøpt nye møblar til dei kjem, tatt vekk ting for å få plass til babyting, og forsaka litt alle saman for å gi dei plass i heimen.

Kvar einaste veke siste halvåret har inneholdt minst ein kontroll. Vi har vore på så mange ultralydar at vi har mista tellinga. Eg og Paul prøvde å oppsummere, men det er vertfal rundt 50-60. Siste veka har vi vore oppe i tre ultralydar på ein dag. Vi har kika godt på dei vertfal. Og dei er nydelege, svært aktive og heilt klart ein gut og ei jente.

No når eg har havna på sjukehuset er bobla vertfal lukka. Eg er omgitt av damer som ventar på å få, held på å få eller har fått barna sine. Jordmødrene er fult og heilt opptatt av tvillingane og det er så og seie berre baby-baby-baby…..
Alt handlar om å lytte og registrere babyane sin aktivitet og hjarterytme til alle døgnets tider. Det går med fleire timar for dag til det, men det er jo derfor eg er her.

Nei no gledar eg meg til barselbobla, ammetåke og babyskrik 😉 😉
Då kan eg i det minste dele dei to små med andre 🙂
No føler eg meg litt aleine og sjølvopptatt på same tid. For sidan det er eg som berer på tvillingane så er det berre meg og dei i magen det handlar om på alle kontrollar og i kvardagen. Og no kjenner eg at det skal bli godt å få hovedpersonane på utsidan. Eg gledar meg til å berre vere meg. Å kunne vere heilt aleine utan å måtte dele kropp eller liv med nokon 😉 Å kunne levere frå meg, og la andre overta litt. 😉

Foto

This entry was posted in Blogg.

One comment

Leave a Reply