Sånn går jo dagane

Det er ikkje så mykje nytt å meddele her i frå.

Riene er av og på, og uregelmessige.
Lite framgong av nokon ting som helst.

Paul-Eirik har heldigvis fått seg rom på sjukehuset så han er i nærleiken om noko skulle skje 🙂

Mesteparten av dagane er vi saman, men har tek seg nokre timar på skulen for å arbeide med skulearbeid, no medan han kan 🙂

Eg skreiv i går at eg håpa på permisjon idag. Men det var ingen sjanse for det! Eg fekk klar beskjed om å halde meg på sjukehuset i tilfelle vatnet går.

Det har vore litt uklart kva planen er, men når det sto ei tempur-madrass til meg på romet, så skjønte eg at planen var å ha meg her ei stund til. Og rett nok har dei tenkt å vertfal ha meg her til ut i neste veke, etter det veit eg ikkje kva dei tenkjer.

Noko kjedelig er det når eg ikkje kan forlate sjukehuset, men men.

No skulle eg kvile meg litt før det blir ultralyd for å sjekke korleis dei no ligg 🙂

This entry was posted in Blogg.

Leave a Reply