Oppdatering

Ja her har det hendt mykje i det siste, skal tru kvar eg skal begynne?

Kan kanskje begynne då det heile starta.

Tirsdag hadde eg kafè date med ei veninne, og etter det så tenkte eg at sidan eg likevel var nedanfor så kunne eg fikse dei siste tinga for å få i orden diverse i heimen.

Eg kan vel legge til at eg måtte skuffe litt snø for å få ut bilen, sidan vinteren viste oss at den ikkje var heilt ferdig enno.

Vel heime byrja vi med diverse i heimen, mamma kom for å hjelpe til med siste finish. Og eg var lukkeleg for det, for eg kjende det godt på taka i magen at eg var sliten etter dagen.

Men sjølv om eg satt eller sto, så slapp dei ikkje taket, og mamma bestemte seg for å ta med seg vesla på overnatting så vi fekk slappe av skikkelig. Men når dei ikkje gav seg ut på kvelden så tenkte eg at det hadde vore greit med ein sjekk før eg la meg.

Bagen lot vi stå att heime, for eg ville helst berre ha ein bekreftelse på at det ikkje var noko på gong.

Det blei då ikkje slik som vi hadde tenkt. Etter undersøkelse og CTG på sjukehuset var beskjeden om at det verka som om fødselen var i gong, og med tvillingar i seteleie vart det ålesund på oss.

Helikopteret er bestilt sa legen.
Helikopter!? no!?

Eg hadde ingenting med meg. Betydde dette ungar i natt??
Legen indikerte at det truleg blei keisarsnitt. Og om nokon kunne bringe oss tinga våre, så kanskje dei rakk det før vi reiste.

Bagen var jo pakka, men ikkje kle til dei to små.
Svogeren min blei satt på saka, og han rakk det akkurat i det helikopteret skulle til å ta av.


(frå google)

Heldigvis fekk Paul-Erik vere med på helikopterturen under stjernene. For det var faktisk ei veldig fin utsikt den natta 🙂

Vel på plass på føden i Ålesund, hadde dei ingen planar om snitt, men ei stor tru på at eg skulle føde i sete. Veldig uforberedt hadde eg ingen tru på dette, men det blei heller ingen realitet då riene ikkje viste framgong, og dabba av.

Det har framleis vore rier, men meir skjeldan, og ikkje effektive.

Etter mange ultralydar desse dagane, er det ei ny overasking kvar gong.

Ultralyden i Volda viste to barn i sete, Ultralyd ved ankomst viste fyste i sete og andre i tverrleie, og den tredje på eit døgn viste to barn i tverrleie.

Og med barn i tverrleie så seier det seg sjølv at det er umogleg å kome ut, så då blei det vurdert keisarsnitt igjen.

Riene idag tok seg opp igjen frå morgonen av, og med to ultralydar som viste tverrleie på begge to, så blei det bestemt at dei skulle få kome til verda i kveld.

Men når legen kom for å ta ein siste ultralyd før vi skulle sette igang hadde jammen eine klart å flytte på seg og legge hodet ned.

Så då blei KS avlyst, og eg går her igjen….

Sjølv om det er det beste for dei små å få kome til verda litt seinare, og på den vanlege måten så må eg innrømme at eg blei litt skuffa. Spesielt sidan vi var såååå nær å få møte dei.

Men men…. 🙂
Det blir ny ultralyd i morgon, så får vi sjå då 🙂

Eg duger svært dårleg som pasient!
Det er jo drittkjedelig å vere her! Eg er jo alt for frisk til å ligge i ei seng, med ein TV med alt for få kanalar, og nye romveninner kvar dag. Men om han ligg i hodeleie i morgon også, så kanskje eg får litt perm?

Matilde har vore på besøk med meg idag 🙂
Og koselig var det, å få kose med store jenta mi igjen 🙂

Ellers så er Paul-Erik også på plass i tilfelle ting skjer 🙂
Dog i ei anna etasje i natt, men godt å ha han på huset 🙂
Og godt å ha nokon å tilbringe tida saman med 🙂

Matilde er heime med mormor og morfar no, og eg trur kanskje ho kjem ein liten tur i morgon også 🙂

Vel eit lite langt utdrag av kva som har hendt siste dagane 🙂

This entry was posted in Blogg.

2 comments

  1. Annika says:

    Har fulgt deg på bloggen ei stund no, og tenkt på deg dei siste dagane når det blei “stilt” om det hadde skjedd noko. Ynskjer dokke masse lukke til iallfall, anten det blir normal fødsel eller KS.

Leave a Reply