Ørsta i bilder

Eg har vunne ein presentasjon om Ørsta på Fotomorro.
Presentasjonen inneheld litt mange bilete, og blei litt forminska på Fotomorro, her er heile presentasjoen i full format.
Kik inn på Fotomorro for fleire konkurransar!
Alle kan delta! 🙂

Her er mitt bidrag til NorgeRundt konkurransen

Ørsta

Ørsta kommune er største landkommunen i Møre og Romsdal, med sine vakre fjell og fjordar er det eit flott reisemål for turistar.

Kommunen har om lag 10 400 innbyggjarar,
og av desse bur om lag 6 500 i Ørsta sentrum.

Ørsta har mykje å by på, både for familier, eventyrlystne,
unge og gamle.

Det vakraste med Ørsta er nok naturen.
Fjelltoppar som lokkar og speglar seg i Ørstafjorden på fine dagar.

clip_image002

clip_image004
(Vekslet, badeplassen på Ose, nær Ørsta sentrum)

Ørsta byr på gode badetilhøve på gode dagar. Litt for ein kvar smak, og lett tilgjengeleg for alle.
clip_image006

(Rjåneset ca 15 min med bil utanfor Ørsta sentrum, med Raudøya i bakgrunnen)

Ørsta har ein årleg naturfestival og her skjer der mange spennande arrangement. Høgdepunktet på festivalen er ”Saudehornet rett opp”. Det er eit løp der alle kan delta, med premie til den som spring raskast opp frå tareblad til tinderad 1303 m.o.h.

clip_image008
(Saudehornet 1303 moh. Biletet tatt før brattaste oppstiginga)

clip_image010
Mosjonsklassene er inndelt slik ar alle kan vere med på Saudehornet rett opp. Både små og store, trente og utrente. Det er eit yrande folkeliv på vegen opp og det sosiale er på topp.

Utsikta på toppen kan ein nesten ikkje sjå seg mett på.
clip_image012
(Frå toppen av Saudehornet)
clip_image014
(Frå toppen av Saudehornet)

clip_image016
(Frå toppen av Saudehornet)

clip_image018
Ein treng ikkje gå på lange fjellturar for å kome opp i høgda for å få utsikt. Helgehornet er ein fin ein-times tur som trekk til seg til menneske og dyr i alle aldrar.
Her med utsikt innover Ørstafjorden med Ørsta sentrum i bakgrunnen.

clip_image020
Her er bilete teke motsett veg, utover mot Gursken

Lidaveten er også ein rask topp å gå på, men litt brattare enn Helgehornet.
Til gjengjeld får du oppleve ei fantastisk utsikt på vei opp som kan ta pusten i frå deg!
clip_image022
(Ørstafjorden og Ørsta frå Lidaveten)

Ein treng ikkje å gå på fjelltoppar for å få sjå og oppleve Ørsta. Der er ei mengd stadar å oppsøkje om ein vil ha ei oppleving ute i det fri som ikkje krev at ein er i fysisk toppform. Brudavollen er ein flott stad å ta med born for å oppleve dyr og ha ein piknik ute i det fri. Medan dei vaksne slappar av og nyt naturen kan ungane springe rundt og leike seg.
clip_image024
Brudavollenclip_image026
Elles kan små skogsturar by på mange fine opplevingar og vise fram mange skjulte naturperler.
clip_image028
Og nokre gongar er det ei glede berre å smake på friskt godt fjellvatn.
clip_image030

Vinteren er og ei vakker tid i Ørstaclip_image032clip_image034
Skøyter på Hovdevatnet er ein ynda aktivitet når det frys is på vatnet.
clip_image036
Solnedgongen frå Helgahornet

clip_image038
Takk for at de vart med på denne biletereisa,
Eg har dessverre ikkje bilete av alt  Ørsta har å tilby.
Men eg håper de sit att med eit godt inntrykk.
clip_image040
(Frå toppen av Saudehornet)

This entry was posted in Blogg.

3 comments

Leave a Reply